Margit og Rollev

I Linøye

Linøye, Hovin i Telemark

Margit og Rollev er dei fyrste i mi slekt som busette seg på Linøye. Dette var i 1801. Garden har vore i slekta etter den tid.

Dette er Linøye der eg vaks opp på 1960- og 70-talet. Dette biletet er truleg teke omkring 1915, men eg er ikkje heilt sikker på årstalet. Denne historia kjem til å handle om mine tipptippoldeforeldre Margit og Rollev som kom til Linøye i 1801.

Linøye blir også kalla Lindøen og i gamle kjelder Liinøen. Utifrå namnet kan det ha vore dyrka lin her. Linøye var truleg i starten vårbøle og slåtteland for Fosso. 1741 er fyrste gongen Linøye blir nemnd i skriftelege kjelder. Da er det skifte etter Ragnhild Larsdotter. Ho var gift med Thov Torjusson og hadde ei dotter Ragnhild. Dei var mest truleg brukarar eller leiglendingar under Fosso, og vi høyrer ikkje noko meir om dei etter dette.

Eit makeskifte

Rollev var yngste son av Aslaug Herbjørnsdotter og Østen Gunleiksson på Fosso. Han kom difor sist i arverekkja. Rollev var berre 2 år då far hans døde 40 år gamal i 1773. Mor hans, Aslaug, gifta seg på nytt med sin firemenning Halvor Gunleiksson Helleberg i 1775.

Eldste broren Gunleik som var ti år eldre enn Rollev vart etter kvart sitjande med Fosso. Det var truleg broren Kittil som skulle ha Linøye. Og slik var det også nokon år utan at eigedomstilhøva var heit klare.
Halvor Gunleikson Helleberg hadde arva noko pengar etter foreldra sine, han var også formyndar for brordotter si og no blei han husbond på Fosso. Han hadde nok tilgang til pengar og i 1785 kjøpte han Nord Grov for 1248 riksdaler. I tillegg hadde han lånt bort mykje pengar (i fylgje Tinn Soga) til eigaren av Nord Sjøtveit i Austbygde. Ola på Sjøtveit kunne ikkje betale tilbake dette lånet og det enda med at Halvor blei sitjande med Nord Sjøtveit. Han budde ikkje der sjølv, men stesonen hans Rollev Fosso, budde i alle fall der nokon år. I 1802 kjøpte den andre stesonen, Kittil Fosso, Nord Sjøtveit mot Kittils 6 sett i Fosso og 1000 riksdaler i mellomlag.

Slik gjekk det til at Kittil som til da hadde budd i Linøye med familien sin flytta til Sjøtveit, og Rollev og hans familie flytta frå Sjøtveit til Linøye i 1801. 

Makeskifte
Det var svært vanleg at eigarar bytte gardar seg i mellom.
Enten gard mot gard, eller at den eine betalte eit mellomlegg der den eine garden var meir verd enn den andre.

Margit og Rollef fekk mange etterkomarar, og dette etterslektstreet er enno langt frå komplett. 

Margit og Rollev

Margit Olsdotter (1773-1852) vaks opp i Uverud. Ho var dotter til Ole Taraldsson Uverud og Tore Andresdotter Urdalen. Farfar hennar  kom frå Gransherad og hadde slekt på Helleberg. Farmor var født og oppvaksen på Fosso. Mor hennar var født i Rudsgrend og hadde og slekt frå Gransherad.

Rollev Østensson (1771-1835) blei oppkalla etter sin oldefar og var som sagt yngste barn av Aslaug Herbjørnsdotter og Østen Gunleiksson på Fosso. Han vart farlaus to år gamal. Dei var i alt sju sysken, men berre Gunleik, Kittil, Ingebjørg og Rollev vaks opp. Han fekk også tre halvsysken. To av dei døde som små, men halvbroren Hølje levde opp, og arva Nord Grov etter far sin.

Margit og Rollev var tremenningar og nok for nær skylde til at eit ekteskap mellom dei to var heilt problemfritt. Det står ikkje noko i kyrkjeboka om at dei hadde nokon attest frå kongen med løyve til å gifta seg, men det var vanleg at tremenningar måtte ha det på den tida.

Men, Margit var gravid, truleg i åttande månad og dei blei trulova den 29. februar 1796. Det hasta å bli gift.

Omkring mars månad får dei ein son som vert kalla Ole, og dei gifta seg den 13. april. Forlovere var Margits bror Gundleg Ufverud og Rollevs bror Kittel Linøen.
Dåpen til sonen finnes ikkje innført i kyrkjeboka. Presten var ikkje så ofte i Hovin denne våren, så sonen Ole blei kanskje ikkje stadfesta døpt, men det står at Rollef Fosso gravlegg ein son, Ole, den 5. mai. 1796. Sonen blei 7 veker gamal.

Tida på Sjøtveit i Austbygde

Ved folketellingen i 1801 finn vi Margit og Rollev på Sjøtveit Nordre i Austbygda. Huslyden teller da tre barn, sjavfolket, ei tenestejente og Guri som var inderste og «lever af arbeyde». Barna Ole, Ingeborg og Gunleik blei født på Sjøtveit og døpt i Atrå kyrkje.

Bror til Rollev, Kittil kjøpte Sjøtveit og busette seg her, så på Sjøtveit budde ikkje Rollev og Marit lenge. Same året, i 1801, er dei å finne i Linøye der dei blir buande resten av livet.

Linøye i 1801 - Kittil og Aslaug

Folketelling 1801, 0012 Linøen

Sjøtveit i 1801 - Margit og Rollev

Folketelling 1801, 0066 Sjøtved Nordre

Tilbake i Linøye

Ein kan tidfeste nokså godt til mai 1801 at Rollev og Margit flutte frå Sjøtveit og kom til Linøye. 

1 mai 1801 døpte Rollef Siøtveed sonen Gundleg, og 24 mai 1801 døpte Kittil Østensen Siøtveed dottera Ingebor, begge i Atrå kyrkje. 

11. april 1802 gravlegg Rollev og Margit sonen Ole i Hovin kyrkje. Dottera Margit blei født i Linøye i mai 1803. Etter Margit som døde 14 veker gamle fekk dei seks barn til. Det var sonen Østen som overtok Linøye. Fem av barna døde som unge, og fleire av dei andre flutte ut av bygda.s

Skivu i Linøye. R(ollev) Ø(sten) S(øn) 1805.

Tre månader etter giftermålet til Margit og Rollev gifter Margits bror Tarald seg med enka på Fosso så dei blei naboar då Rollev og Margit flutte tilbake til Linøye.

Rollev døde 64 år gamal i 1835. Margit levde som enke med føderåd til ho døde i 1852, 79 år gamal. Eldste sonen Østen tok over Linøye.

Barna til Margit og Rollev

Rollev og Margit fekk 12 barn. Fem av dei døde som små. Dette var:
Ole (1796-1796), død 7 veker gamal
Ole (1798-1802), død 4 år gamal
Margit (1803-1803) som vart 6 månader gamal
Aslaug (1811-1811) som vart 3 månader gamal
Thore (1815-1819) som vart 4 år

Det var Østen, nummer to i rekka, om kom til å arve Linøye. Garden var ikkje stor nok til at han kunne delas slik at fleire av barna kunne få eit levebrød, difor måtte dei andre barna søke lykka andre stader. 

Østen Rollevsson født I Uverud (1797-1879), overtok i Linøye

Østen blir døpt 1. søndag i fasten 1797. Foreldra hans budde da truleg i Uverud. Rollev og Margit flytta ikkje lenge etter til Sjøtveit i Tinn Austbygd. Østen blei konfirmert i Hovin kyrkje i 1816. Han var da 19 år, og fekk karakteren «Brav baade i Kundskab og Opførsel».

Østen gifter seg i 1850 med Gro Halvorsdotter Haugan, født i 1816. Ho var dotter til Halvor Torkjelsson Breiset og Anne Torbjørnsdotter Gvæven. Det blir oppgitt at Gro er 30 år og Østen 49, da ho og Østen gifter seg i 1850. Om det var presten som skreiv feil, eller om det var brudeparet som ville «pynte» litt på alderen, er ikkje godt å si. Ho var 34 år og Østen var 53. Presten skreiv også at far til Gro heitte Halvor Tostensen, så kanskje han var tunghørd. Østen hadde da hatt «Naturlige kopper» medan Gro var «vaccineret».

Gro og Østen gifta seg seint, og dei fekk berre to døtrer. Det blei dottera Margit som overtok Linøye då ho gifta seg i 1875. Ved folketeljinga i 1875 budde Østen, Gro og yngste dottera Anne på Øverbakke. Østen var da «Gaardbruger og Selveier» og hadde 4 kyr, 6 får og 2 geiter i tillegg til bygg og poteter. Hesten hadde kanskje vorte værande i Linøye. Dottera Anne gifta seg med Halvor Andersson Nappegard og kom til Sanden i Rudsgrend.

Østen døyr som gift føderådsmann 82 år gamal i 1879 i Linøye. Dottera Margit og mannen hennar Tomas Syversson Todalen frå Nes i Hallingdal hadde gifta seg tre år før og dreiv nok garden vidare fram til 1881 da dei fekk skøyte på garden. I panteregisteret kan vi lesa «Skjøde af 7de thl. 9de Desember 1881 fra Østen Rollefsens Enke, Gro Halvorsdatter, til Svigersønnen Thomas Sigurdsen (Syversen i parantes i margen) for Kjøbesum 2000 Kroner og Føderaad til en aarlig Verdi af 200 Kroner.» Gro vart sitjande som enke med føderåd i Linøye til ho døde 14 år seinare, 77 år gamal.

Linøye i 1865

Folketelling 1865, Linøye, Hovin, Telemark

Ingeborg Rollevsdotter født på Sjøtveit (1799-1889), busett på Godstad i Rollag

Ingebor blei født på Sjøtveit og blei døpt «Sønd. imellom Juul og Nye Aar» i 1799 i Atrå kyrkje.

Ingeborg blei ikkje gift. Minst to gonger finn vi henne som heimedøypar. Ein gong i Linøye, og ein gong i Huken. Dette kan kanskje tyde på at ho vart kalla til gards når det var venta barsel. I 1851 var Ingeborg fadder til Margit Olsdotter Lindøen ved hennar dåp 26 okt 1851 i Hovin kyrkje.
Ved folketeljinga i 1865 står det at Ingebjør Rollefsdatter bur på Godstad i Rollag som ugift inderst. Ho bur hjå bror sin Herbjørn og hans familie. Ho var da 69 år.

10 år seinare, ved folketelling i 1975 bur Ingeborg framleis på Godstad der ho «Spinder og Strikker» for å brødfø seg. Då ho døyr 89 år gamal av aldersomsvakheit i 1889, blir fødselsår oppgitt å vera 1798. Ho blir gravlagt i Rollag.v

Godstad i 1875

Folketelling 1875, Godstad, Rollag, Buskerud,

Gunleik Rollevsson født på Sjøtveit (1801-1871), kom til Kronsetsæter i Flesberg

Gunleik blei døpt i Atrå kyrkje 1. mai. Seinare same året flutte familien til Linøye. Han blei konfirmert i Hovin som 18-åring. Karakteren var «I Kundskab brav, ligesaa i Opførsel».

Gunleik var kanskje den fyrste av syskena som reiste over fjellet i Numedal.
Han var nummer 5 i ein syskenflokk på til saman 12. Han reiste nok til Flesberg for å søke teneste. I fylgje Flesbergboka skulle dette ha vore omkring 1833, men han meldte ikkje endeleg utflytting frå Hovin før i 1843. Han skal ha vore i teneste på Sønstegard i Flesberg mellom 10 og 20 år før han og kona Beret kom til Kronsetsæter i 1852. Dei kjøpte eigedomen av ein familie som reiste til Amerika.

Kona, Beret Olsdotter Bjørkeset, kom frå Lyngdal i Numedal, og var født i 1828, så ho var heile 27 år yngre enn Gunleik. Dei gifta seg i Lyngdal kyrkje i januar 1850. Dei fekk 5 barn.
Det blir sagt at mange i etterslekta var framifrå gode dansarar. Dei skal ha vore med i ein stumfilm frå 1926, kalla Lågdalsfilmen, der dei dansa i fleire sener. Namnet Kronsetsæter vart truleg etter kvart forkorta til Sæter.

Gunleik, eller Gullik Rølløvson, som han vart kalla i Numedal, døde 70 år gamal i 1871. Beret levde som enke til ho døde i 1897. Det var eldste sonen, Ole, som tok over garden.

Kronsetsæter i 1865

Folketelling 1875, Flesberg, Rollag, Buskerud,

Kronsetsætra, Norske Gardsbruk 1948
Lyngdal, med kyrkja i bakkant.

Ole Rollevsson Linøye (1804-1894)

Ole reiste nok til Rollag for å søke teneste. I 1845, da Ole var 41 år gamal, gifta han seg med Kristi Tovsdotter i Rollag. Fyrste dottera deira, Margit, vart født i Fossan i Rollag. Neste barn, Birgit, vart født i 1847 i Linøye, så då hadde familien kome tilbake i Hovin.

Ole og Kristi flytta mykje rundt i Hovin. Dei fekk 10 barn. Barna blei født på fylgjande plassar: 1845, i Fossan i Rollag, 1847, 1849, 1851 i Linøye, 1854 i Midtgarden, 1856 i Linøye, 1859 i Yvjukås, 1862, 1865 på Mogen, 1868 i Åstøen. Sidan kom dei til Buksetjønn (no kalla Berg), og her budde dei lenge.

Ved folketeljinga i 1875 bur Ole og Kristi på plassen Buksetjønn, no kalla Berg. Ole er «Bruger». Det er berre dei fire yngste barna som bur heime. Den 17 år gamle sonen Thov var døvstum og blei i 1875 delvis understøtta av fattigvesenet. Thov var ikkje født døvstum, men hadde i fylgje folketeljinga vorte det etter 4 års alderen. Etter tida i Busketjønn kom dei til Søråsdekkan.

Det er ikkje så lett å finne ut kvar det vart av alle barna. Ni av barna voks opp, men fleire «forsvann» etter konfirmasjon. Minst to reiste til Amerika. To av døtrene døde tidleg av tæring, begge hadde små barn.

Sonen Rollef, født i 1854, fortalte for mange år sidan som sin oppvekst og om emigrasjonen til Amerika: «Mine forældre sat i smaa kaar, og da jeg var 11 aar maatte jeg ut og arbeide for fremmede for at faa mat og klæder.» Det same gjaldt nok for veslebror Halvor. Mor deira ordna nok slik at dei fekk teneste i heimbygda hennar, så da måtte dei ta vegen over Sork til Numedal. Ved folketeljinga i 1875 er gutane så godt som vaksne og begge i teneste på kvar sin gard i Rollag.

Då Ole døde i Søråsdekkan, 90 år gamal, skriv presten «Husmand med Fattigunderstøt, gift». Kristi døde i 1910, og dødsårsak blei oppgjeven å være astma.

Andres Rollevsson Linøye (1807-1881)

Då Andres står til konfimasjon, 19 år gamal, skriv presten «Meget god Kundskab; endskjønt han læste ikkun maadelig i bog; god Opførsel. forberedet i 3 Aar». Leseferdigheitene kom seg nok for han blei skulehaldar i Hovin Østre skoledistrikt. 

Han kjøpte Søråsdekkan av Halvor Kittilsson og han budde ei tid der, men flytta derifrå til Uverud. Han hadde ikke heimel på plassen, da det seinare viste seg at skøytet fra Øystein Kittilsson til Halvor Kittilsson ikkje var tinglyst. (Hovinsoga) Han er å finne i Uverud Søndre ved folketeljinga i 1865. Han er da 59 år, ugift og bur der aleine. Vi kan lesa: «I Fogdens Cassabog staar Andres Rollefsson som eier som imidlertid mangler thinglyst hjemmel. Overført til Ellef Ødegaarden ved auktionsskjøde i 1885».

I 1852 var det Andres som vaksinerte bygdas barn mot kopper. Han var også ofte heimedøypar. Anne Flåto fortalte at Andres vart oppsagt som skulehaldar fordi han hadde vist elevane korleis dei skulle henge seg. Ein av elevane hadde prøvd «oppskrifta», og det var med nød og neppe at dei andre ungane fekk skore han ned.

Uverud nordre i 1875

Folketelling 1875, Uverud nordre, Hovin, Telemark

Herbjørn Rollevsson født i Linøye (1808-1891), kom til Godstad i Rollag

Herbjørn blei heimedøpt. Han stod til konfirmasjon i Atrå i 1826, og karakteren var «Meget god Kundskab, god Opførsel».
32 år gamal melder Herbjørn flytting til Rollag i april 1841. To månader seinare gifter han seg med odelsjenta Ambjørg Juulsdotter Godstad i Rollag. Ambjørg er einaste dotter til Juul og Sigrid på Godstad, og i fylgje Rollag bygdebok overtek dei garden same året. Ambjørgs foreldre fekk føderåd. Dei får 6 barn. Ambjørg og Herbjørn driv nok garden godt. Bygdeboka skriv: «Garden var tungbruka, men godt dyrka» «Det er tydeleg at her er lagt ned mykje arbeid for å betre garden, og steinrøysene har sikkert vakse sterkt i desse åra.»

Ved folketeljinga i 1875 før dei 2 hestar, 13 storfe, 22 sauer og 13 geiter. Dei dyrka også kveite, rug, bygg, poteter og rotfrukt. På garden budde da sjavfolket, barn og barnebarn, I tillegg budde Herbjørns syster Ingeborg Linøye der som Inderst. Ho livnærde seg med spinning og strikking.

Herbjørn døde julaftan 1891 av «alderdomssvaghed» Han vart 83 år gamal. Ambjørg døde 16 år seinare, ho vart 92 år gamal. Det var sonen Rollef som overtok garden. I Rollag bygdebok kan ein lese meir om folka på Godstad.

Godstad. Norske Gardsbruk 1948
Rollag stavkyrkje blei bygd på 1200-talet. Herbjørn og Ambjørg gifta seg her i 1841.

Godstad i 1875

Folketelling 1875, Godstad, Rollag, Buskerud,

Halvor Rollevsson født i Linøye (1812-1887), kom til Kittilsland i Rollag

Halvor stod til konfirmasjon i Hovin kyrkje i 1828. Han var 16 år gamal og fekk karakteren «Meget god Kundskab, god Opførsel».

Halvor gifta seg med Aslaug Olsdotter Bergelien (1813-1891) i 1842. Dei kjøpte Gvæven i 1849, og fekk 3 barn i Hovin. 
Kva som fekk familien til å selje Gvæven og flytte til Rollag i 1859 er ikkje klart, men fire av brødrene og systera Ingeborg hadde alle teke turen over fjellet til Numedal.

Halvor er oppgitt å vera «Gaardbruger og Selveier» på Søre Kittilsland i Rollag i 1865. Han hadde kjøpt garden i 1859. Han budde da på garden med kona Aslaug, deira 3 barn, Føderaadskone Ingeborg Olsdtr. på 76 år og hennar dotter.

Halvor døde Kittilsland i 1887 og Aslaug overdrog garden til sonen Ole, men han hadde vanskeleg for å greie seg. I Rollag bygdebok står det: «Sjøl var Ole ein særmerkt mann. Han hadde stor lesehug, og nokon drivande bonde var han knapt. Til slutt laut han gi opp, og garden blei seld på auksjon». Oles syster Åste kjøpte Søre Kittilsland på auksjonen, men selde garden to år etter. Åste var ugift ved folketeljinga i 1891 «Kreaturstel, vævning og har kapital» står det i merknader om yrke, og om systera Margit finn ein ikkje noko meir etter folketeljinga i 1875.

Rollag bygdebok : ætt og gard og grend. 2: Her er det skrive om Halvor og Aslaug på Søre Kittilsland.
 

Kittilsland i 1875

Folketelling 1875, Kittilsland, Rollag, Buskerud,

Kongebrev

Dette er eit dokument som har fylgd Linøye sidan 1797. Det ber preg av å ha vore opna, lese og så bretta saman at mange gonger. Lakken i seglet til kongen er borte, men raudfarga sit att. Det same gjer den tvinna silketråden som er sydd inn i midten av dokumentet. På den eine sida kan ein sjå at oldefar Tomas Syversen Lindøen har skrive namnet sitt med blyant.

Seint på 1700- og tidleg på 1800-talet var eksport av tømmer ei viktig inntektskilde for kongen. Det var derfor ikkje fritt fram å byggja sag.
Den 26. juli 1797 fekk Rollevs bror Kittil løyve til å bygga ei sag i Linøye. Kongen var redd for konkurranse og difor fekk Kittil berre byggja saga så lenge det berre skulle sagas tømmer til eige bruk og til bruk for folk i bygda. Altså ikkje for salg ut av bygda.

Dette var fire år før Rollev og Margit kom til Linøye. Om saga blei bygd og kor ho låg er ikke heilt sikkert, men kanskje litt lenger oppetter Bjørvassåe. Der er det stadnamn som Saghølen, Sagvelta og Sagfossen. 

Vi, Christian den Syvende, af Guds Naade Konge til Danmark og Norge, de Venders og Gothers
Hertug til Slesvig Holsten, Stormarn, Ditmerskou og Oldenborg.

Giøre alle vitterlig at Vi, efter aller underdanigst giortr Ansøgning og derover indkommen Erklæring, ved Vores Resolution af Dags Dato, allernaadigst have bevilget og tillade at Kittil Østensen maae under Gaarden Lindøen i Tinds Præstegield under Øvre Tellemarkens Fogderie og Bratsberg Amt opbygge en Saug, og derpaa af Tømmer, som fra omliggende Odelsskove, paa lovlig Maade og mod vedkommende SkovEiers Samtykke, kan erholdes, skiære hva Bord han og Andre der i Bøigden til deres Gaardes Vedligeholdelse og andet Brug behøver, med Vilkaar:

1, at Skiørselen tillades ikkun saalenge, som den omliggende Odelsskov uden sammes Skade eller Forhuggelse, det fornødne Tømmer dertil kunne afgive. 2, at Bordene skiæres alle vankantede og 3, at aldeles intet deraf fra Bøgden maae udføres.

I øvrig svares af Saugbruget og Skiørselen hva nu er, eller herefter vorde paabudet, ligesom og de Vedkommende, saavel ved Skiørselen, som i andre Maader, rette sig efter de Anordninger som Angaaende. Skov- og Saugvæsenet allerede Udgangne er, eller herefter udgivne vorde, Forbydendes alle og enhver herimod, efter som foreskrevet staaer, at hindre eller i nogen Maade forfang at giøre, under Vor Hyldelse og Naade.

Givet paa vort Slot Friderichsberg, den 26de Juli 1797.
Under Vores Kongelige Haand og Segl
Christian R

Bevilling for Kittil Østensen paa en Bøydesag under Gaarden Lindøen i Tinds Præstegiæld under Øvre Tellemarkens Fogderie og Bratsberg Amt.


Transkibert av Hovin Bygdeboknemnd

Kilder:
Hovinsoga – Gardar og Ætter, side 143 – 145

Tinn Soga 2, Einung H.H., 1942, side 39
Gransheradsoga, Tjønnås, Ketil | Nisi, Aaste | Quamme, O.A., 1977, side 536
Rollag bygdebok : ætt og gard og grend. 2, side 94
Rollag bygdebok : ætt og gard og grend. 3, side 348
https://www.digitalarkivet.no/