Liv og Nils Grastjøn

og reisa til Amerika

Liv Nilsdotter var født i 1885 og blei mi grandtante. Ho var altså syster til min bestefar Hølje Nilsson Søråsdekkan.
Liv, mannen hennar Nils og dottera Birgit på tre år reiste til Amerika i 1913. Den vesle familien fekk ein hard start i det nye landet. Liv fekk ikkje leve lenge, og å være einsleg far i eit nytt land var nok ikkje lett for Nils. 
Eg er ikkje sikker på om bestemor og bestefar fekk vite korleis det gjekk med Liv etter at ho reiste. Truleg ikkje – og om dei gjorde det så blei det i alle fall ikkje snakka noko om.  Mor mi, Anne, som var niesa til Liv, viste berre at ho hadde reist, men ikkje noko meir.

Dette er det eg har funne om Liv, Nils og vesle Birgit.

Nils Høljesen Grastjøn

  • født: 25 januar 1890 i Kaasa u Mosrygg, Gransherad, Telemark (son av Hølje Jonsson Busnes Grastjønn og Bergit Nilsdotter Eggerud).
  • dåp: 23 mars 1890 i Gransherad kyrkje.
  • emigrert 16 april 1913 i Minnesota, USA med skipet Eskimo.
  • folketelling: 1930 i Great Falls, Cascade, Montana, United States, yrke 1930 Welder Steam Railroad (sveiser).
  • folketelling: 1940 i Riverton Heights, King, Washington, United States, yrke 1940 Welder på Dam Project.
  • død: 1979 i Auburn, King, Washington.
  • gravlagd: 1979 i Mountain View (Auburn) Cemetery.

Han gifta seg med Liv Nilsdotter Nyland, 30 mai 1909 i Hovin kyrkje.

Liv Nilsdotter Nyland

  • født: 30 april 1885 på Flåto, Hovin, Telemark (dotter av Nils Høljeson Bakken Nyland og Mari Aslaksdotter Kleiva).
  • dåp: 14 juni 1885 i Hovin kyrkje.
  • folketelling: 1900 på Graver, Hovin, Telemark, yrke 1900 Tjenestepige på Graver
  • emigrert: 16 april 1913 til Minnesota, USA med D/S Eskimo
  • død: 10 september 1914 i Douglas, Minnesota, USA
  • gravlagd: 12 september 1914 i Carlos, Douglas, Minnesota, USA

Det var ikkje så lett å finna familien. Etter diverse skrivefeil og «oversettelser» heitte dei no Nels og Lio Grastjon og dottera heitte Bengit og seinare Bertha. I eit av dokumenta blir mor til Liv, Mari Aslaksdatter, heitande Mary Aspahso.

Dei gjekk ombord i dampskipet Eskimo og reiste frå Kristiania til Hull i England 16. april 1913.

Dei drar videre frå England med skipet «SS Empress of Ireland» på 3. klasse den 18. april og kjem til Vermont, St. Albans på den Canadiske grensa 25. april 1913. Da hadde reisa vart i 9 dagar. SS Empress of Ireland sank året etter og meir enn 1000 mennesker mista livet.

Ved imigrasjonen oppgir dei at dei skal reise til «Uncle» Halvor Dalen i Dent, Minnesota og den 28. april er dei registrera som imigrantar i USA og det nye livet kan byrje.

Enno var reisa langt fra slutt, Frå St. Albans til Douglas Minnesota er det over 2000 km. Dei tok kanskje jernbanen eller dampbåt over Great Lakes, hvis dei hadde råd til det.

Liv fekk nok ikkje oppleva mykje av det amerikanske eventyret, ho døde året etter. I Minnesota Death Index kan vi lese at Mrs. Nels Grastjon døde 10. september 1914 i Douglas, Minnesota. Vesle Birgit var no berre 4 år.

Seks år etter, i 1920, finn vi Nils som enkemann i Havre Ward 3, Hill, Montana. Her bur han saman med mange andre leigetakerar. Han arbeider ved jernbanen. Dottera bur ikkje saman med han her. Vi kan håpe og tru at ho budde hos kjente som tok godt vare på henne, men det har ikkje lykkas å finne ut kvar ho var ved folketellingen i 1920. Nils hadde to systrer som også hadde reist til Amerika.

Det ser ikkje ut til at Nils har gifta seg på nytt. I 1930 bur han igjen saman med dottera Bertha i Great Falls, Cascade, Montana. Nils er sveisar og arbeider ved «Steam Railroad» og Bertha er no 19 år og utan arbeide.

I 1934 giftar Bertha seg med enkemannen Estell F. Pate. Ekteskapet varer ikkje lenge, og det ser ikkje ut til at dei fekk barn.

I 1940 finn vi Nils og Birgit i Riverton Heights, King, Washington. Nils er framleis enkemann og sveiser, men no i «Dam Project». Dette var truleg Grand Coulee Dam i Washington. Arbeidet der pågjekk frå midten av 30-talet til 1941. Bertha har skifta namn til Bertha Pate, og er no «Divorced». Ho arbeider i «Beauty Shop».

Nils døyr i Washington i 1979. Kva som skjedde med Bertha er uvisst. men truleg har ho gifta seg på nytt. Bertha Bray f. 1910 er gravlagt ved sida av Nils Grastjon, som father and daughter, på Mountain View Cemetery, Auburn, Washington.t

Start video