Mari Juve
sonen Ole som reiste til Amerika
og barnebarnet mari Dalen
Mari Juve
Det blei sagt at eg var oppkalla etter Mari Juve og eit betre førebilete en mi tippoldemor kunne eg knapt fått.
Mari Taraldsdotter vart født på Knipetak i Austbygda i 1831
Mari var 23 år og Torkild 30 då dei gifta seg i Hovin kyrkje. Dei budde ei stund på Haugen under Bakka. Plassen, som også blei kalla Gampehaug, er no for lengst nedlagt og heilt tilgrodd.
Det var systera til Mari og mannen hennar som var husmannsfolk i Juve. Da dei flutte til Tveito overtok Torkild og Mari. Dette var omkring 1872.
Mari og Torkil fekk 7 barn. Ei dotter og seks søner. Alle levde opp og gifta seg. Kari flytta til Kongsberg og Hellek til Sandsvær, Svein skal ha flytta til Grue og Ola utvandra til Amerika. Dei andre blei verande i Hovin.
Torkil dør av kreft i 1897. Mari som no er 66 år blir buande i Juve. Ho få hjelp av sønene sine med å betale leiga for plassen med at dei var med i slåtten på Øvre Høyset. Dotterdottera Gunhild hjelpte til heime.
Fyrst ei lita etterlysing.
Om nokon har historier om Mari, eller historier Mari skal ha fortalt så vil eg gjerne høyre. Bilete under er utlånt av Harald Sauro.
Juve i 1875
Folketelling 1875, Juve, Hovin i Telemark,
Livet er ikkje over når ein er 79 år tenkte Mari og gifta seg på nytt.
Mari gifta seg som sagt på nytt med Hans Hågensson Plassen/Runningen frå Vestfossen, eller Hans H. Pluns som far min kalla han. Tilnavnet hadde han fått fordi han ikkje var noko særleg til å skriva.
Da var Mari 79 år og Hans 75, så dei «var ikkje nettopp nokon ungdomar da dei smurde i veg med ny brudeferd» fortel Hovinsoga. Ho var nok likevel litt ustø da ho gifta seg andre gongen, for da dei gjekk opp kyrkjegolvet og Mari snubla litt, skal brudgommen ha sagt til brura, «Statt fe Mari». Og gift blei dei.
Mari og Hans vart buande i Juve til Hans døydde, da var Mari 88 år gamal. Mari livnæra seg framleis med spinning og strikking.
Å vera lett på foten og ha eit usliteleg humør
Dei som kjende Mari sa at ho var så lett på foten at ho sprang frå Juve som ligg nede ved elva og opp til Sauro, og da var ho over dei 80, men «lett på foten som ei ungjente». Dei som er kjent her veit at det er frykteleg bratt opp denne lia. Det blei også fortalt at ho strikka mens ho sprang.
I Hovinsoga står det om Mari at «Ho hadde eit usliteleg godt humør så låtten snart losna hjå tilhøyrarane. Det er skrive upp mange sogur om gamle hende i bygda etter henne». Dei siste åra av livet budde ho mykje hjå eldste dottera si i Dårud-Åsen. Ho døde av «alderdomssvaghet» 92 år gamal.
Ole Torkjelsson Juve og Kari Staaland
Historia om sonen Ole som utvandra til USA
Ole gifta seg 20 år gamal med 19 år gamle Kari Staaland frå Uvdal. Ole er «skomager».
Dei får to barn, Torkjel og Greger. Dei bur tre år i Uvdal, men det er ikkje så greitt å fø ein familie i Noreg på denne tida om ein ikkje eig gard og grunn. Dei bestemmer seg for å prøve lykka i Amerika.
Dei reiser ut frå Oslo den 5. mai 1893 med kurs for Quebec. Når dei reiser frå Oslo kallar dei seg Ole T. Staaland og Kari Staaland.
Kva som skjedde i Canada er ikkje godt å si. Det har heller ikkje lykkas å finne innreisepapir til USA, men det neste barnet, Elmer, blir født i Norway, Minnesota. No heiter familien Ole og Carrie Haugen. Kari kallar seg framelis frå tid til annan Carrie eller Kari Staaland. Det er grunnen til at det har lykkas å finne dei.
United States Census 1900 fortel at Ole og Carrie no budde i Money Creek Township med 5 barn, Torkil som no heiter Thomas (9), Greger som har blitt George (7), Elmer (5), Mabel (4), og Gina (2). Der stod det at Ole og kona immigrete til Amerika i 1893. Ole er no oppført som en snikkar og han leiger husvære.
Dei flytter nokså snart til Rushford der Ole blir «farmer».
Ved folketeljinga i 1910 hadde dei 10 barn. Vesle Elva Marie hadde gått bort same året, eit år og ein dag gamal.
I August 1911 må det ha gått ein stygg farsott. Elvin Martin (2 mnd) dør 23. august. Clarence Oliver (11 år) dør 25 august. Fem dagar seinare dør også Selmer Edvard (4 år). Det blir ikkje oppgitt kva som var dødsårsaken.
Etter dette får Ole og Carrie tre barn til. Det siste barnet, Elvira, dør rett etter fødselen.
Ved folketeljinga i 1940 finn vi framleis Ole og Carrie i Rushford. No bur dei aleine, og Ole er framleis «farmer». Ole dør i 1949. Da var han nesten 80 år og hadde vore sjuk ei tid. Kari, eller Carrie, blei 83 år gamal. Det finst bilete av gravsteinen deira.
Ole og Carrie vart foreldre til i alt 15 barn. Da Carrie døde i 1949 hadde ho 36 barnebarn og 45 oldebarn. Etter det har nok familien og etterslekta deira vorte enno større.
OLE T. HAUGEN – February 23, 1949
Ole T. Haugen, 80, died last Wednesday noon at a La Crosse hospital after an illness lasting sereral years.
Ole T. Haugen, the son of Torkel and Mary Haugen, was born February 12, 1869, in Hovend, Telemarken, Norway.In 1890, he married Carrie Staaland of Numedal, Norway.Three years later, the young couple came to America and settled in the Rushford community.
Fifteen children were born to this union, nine of whom survive their father.They are:Tom, Walter and Mrs. Elmer (Olga) Swenningson, of Winona; George and Elmer of LaCross;Mrs. Henry (Mable) Moran of Portland, Oregon;Mrs. James (Gena) Moran, Mrs. Henry (Clarice) Tudahl, and Mrs. Lawrence (Evelyn) Hellerud, all of Rushford.Thirty four grandchildren and 18 great-grandchildren also survive.
Funeral services were held last Saturday at 2:00 PM at the Rushford Lutheran Church, with the Rev. N.L. Otterstad officiating.Brial was made in the church cemetery.The pall bearers were A.T. Laugen, Earl Sorom, Oscar Iverson, Alfred Swenson, Maurice Tew and Elvin Huff.
The Winona Daily News, Friday, October 01, 1954; Page: 15
Mrs. Carrie Haugen, 83 years of age, passed away last Thursday afternoon at the St. Francis Hospital in LaCross, where she had been a patient for two weeks.
Mrs. Haugen, was born in Norway on June 29, 1871, the daughter of Mr. and Mrs. Gregory Staaland.She came to this country at the age of 21 years, and was united in marriage to Ole Haugen in 1890.Mr. Haugen passed away in 1949.Mrs. Haugen resided in the Rushford area almost all of her life after coming to this country.
Funeral services were held on Monday afternoon at 2:00 o’clock at the Rushford Lutheran Church, with the Rev. N.L. Otterstad officiating.Burial was made in the church cemetery.The pall bearers were Curtis Tudahl, Carrol Hanson, Gerald Haugen, Leland Haugen, William Wolfe and Hubert O’Connor.
She is survived by four sons and five daughters.They are Thomas Haugen of Winona;George and Elmer, both of LaCross; Walter of Rushford;Mrs. Henry Moran of Portland, Oregon; Mrs. JamesMoran of Winona; Mrs. Elmer Swenningson of Winona;Mrs. Henry Tudahl and Mrs. Lawrence Hellerud, both of Rushford. Also surviving are 36 granchildren and 45 great-grandchildren.
Mari Olsdotter Dalen
Dette er sonedottera til Mari Juve.
Eg har leita lenge etter henne før eg fann ho. Eg fekk dette bilete av mor, og hadde ingen andre opplysningar enn at dette var Mari, syster til bestemor mi, Åsne.
Mari var den eldste i syskenflokken. Ho var kanskje svakleg då ho blei født for ho blei heimedøypt av farmor si, Mari Taraldsotter Juve. Heimedåp vart brukt i dei tilfella då det var fare for at barnet ville døy før det kunne bærast til dåpen.
Mari overlevde, og ho fekk snart fleire sysken.
Då ho var femten år gamal budde ho med familien i Dalen. Vi finn ho att ti år seinare, da er ho i teneste i Flesberg.
Ho var budeie på Ulland i Flesberg i mange år. Ulland var den største garden i Lurdalen på den tida. I tillegg til familien var det fire som var i teneste på garden i 1910. Deriblant også ei anna jente frå Hovin, Mari Halvorsdotter.
Mari var ei flott dame, noko bildet av henne viser, men ho gifta seg aldri.
I mars 1926 blei ho sjuk, lege blei tilkalla, men livet stod ikkje til å redda. Ho døde 41 år gamal av blindtarmbetennelse. Ho vart gravlagt i Jondalen.
Kilder:
Hovinsoga, Gardar og Ætter.