margit og Syver i Todalen
og ei kjærleikshistorie frå 1835
Min tippoldemor Margit Halvorsdotter Klype (1816-1915)
Margit vart morlaus da ho var 15 år gamal. Far hennar gifta seg på ny og Margit tok teneste på Ruud. Syver, eller Sjugurd som dei sa i Nes, har truleg også vore i teneste i nærleiken, kanskje på den andre Ruud-garden.
Min tippoldefar Syver Tomasson Grønna (1806-1898)
Syver var oldebarnet til storbonden Tomas Aslesson Tronsgard i Gol, men bestefar hans hadde nok ikkje vore nokon forretningsmann, og no var han berre yngste son av ein jordlaus husmann på Grønna under Grimsgaard i Nes.
Gutten og Silketørklædet maatte hun have
Omkring 1890 fortalte Margit historia om korleis ho og Syver blei kjærestar og til slutt blei gift.
«For mange Aar tilbage var Rud i Nes to Gaarde, og hun tjente paa den ene af dem. Hun var forældreløs men en bra Jente, og paa Rud var hun afholdt næsten som Barn i Huset. Hun naadde da op i den Alder, da Kvinden hænger sit Hjerte ved en Mand, og hun fandt ogsaa sin. Men han havde ingenting, og Rudfolket likte ham ikke riktig. Engang fikk hun et lite Silketørklæde hos ham. Hun var meget glad baade i ham og Tørklædet og gjemte det som sin helligste Skat.
Men hendes Madmor havde dog faaet se det og irettesatte Jenten for disse Historier med denne Gutten. En Kveld kom han der og stod ute på Tunet. Nu er han her igjen – nu skal du gaa ut og give ham Tørklædet tilbake aa faa gjøre det forbi med dette Tøjse, sagde Konen. Jenten fandt da fram Tørklædet, men som hun kom over Gulvet og fik se Gutten sin der ute, brast hun i Graad og sagde, at man fik gjøre med hende, som man vilde, men Gutten og Silketørklædet maatte hun have.
Saa blev det ogsaa – Rudfolkene tog ikke haardere på det da de hørte, det var hendes ramme Alvor. De havde bare villet Jenten vel, fordi de syntes, saa vakker og dygtig en Jente kunde faat likere Kar en han. Nogen Tid efter blev de unge gifte og fik bygge Stue til sig opi Graanaasen i Thodalen, som ligger langt fra Folk, nærmere Langstølerne end Bygden.»
Kilde: And. Mehlum i NU nr. 14(1897) og 37(1900)
Dei fyrste åra
Før dei vart gift fekk Margit og Syver ei dødfødt jente i januar 1836. Margit var «uconfirmeret». Presten skriv at fødselen var i «10de maaned i svangerskabet» og det var «Ingen Livstegn». Den 8. mai same året blei i alle fall Margit konfirmert, 20 år gamal.
Det andre barnet deira, Tomas, døde berre ti dagar gamal i oktober 1837. Dei var enno ikkje gift og Tomas vart derfor innført som «uægte». Tomas var nok svak, han blei heimedøypt av Berthe Klokkerlid. Presten har notert den 5. november «Død uden daabs konfirmation», og at dette var Margit og Syvers «2.dre leiermål»
Margit og Syver gifta seg i desember 1837, og busette seg fyrst på Ruud i Nes.
To år etter får dei ein ny gut. Denne sonen blei også døypt Tomas. Det var han som kom til Linøye i Hovin. Margit og Syver fekk til saman ti barn. I tillegg til alle barna dei hadde sjølv, hadde dei i 1865 også rom for fostersonen Halvor, 10 år gamal.
I Todalen og Sparkop
I 1841 flytta dei til Todalen og Syver kjøpte plassen for 420 spdlr. i 1857. I folketeljinga for 1865 budde Syver og kona i Todalen og Sparkop saman med fem barn og ein fosterson. Syver og Margit var driftige folk, og ved jordbrukstellingen i 1865, hadde dei dyrka og bygd på plassen slik at den da kunne fø ein hest, fem kyr, fire sauer og åtte geiter i tillegg til bygg og poteter. Syver kjøpte etter kvart stølane Valdreslie og ein lut av Langevatn.
Om Margit
Det blir fortalt fleire historier Margit som var lita og vever av vokst, men både mandig og uredd. Ein gong ho hadde vore til Nes og var på veg heim følte ho at det var nokon som fylgde etter ho. Ho snudde seg og såg at det var ein bjørn. Ho nytta eit gamalt råd om å kaste av seg klesplagg for på den måten å hefte bjørnen. Da ho kom nedst i jorde i Todalen gjekk visstnok det siste plagget.
Terje Østro fortel denne historia «Somaren 1859 satt Margit på Asvolden på Storeli. Ho skulle ha en onge, og dette visste Kvaleteigkjerringa om. Så var det ein kveld ho såg kyrne kom att som vanleg, men blei ikkje «bunde inn». Da ho fekk ordna frå seg det ho dreiv med, gikk ho opp og ville sjå. Og da ho åpna buadøra, stod Margit på knea og vaska en nyfødt onge som seinare blei kristna Asle (født 23. juli 1859).»
Mykje sorg, men truleg også noko glede
Sju av barna levde opp. Barna Astri og Anders utvandra til Amerika. Tomas kom til Linøye i Hovin, men det visste ikkje Syver og Margit. Dei andre vart gift i Nes.
Ei av sorgene var kanskje at dei ikkje fekk vite kor det hadde vorte av sonen Tomas som rømde frå bygda etter ein slåsskamp.
Syver kjøpte Gudbrandsplassen i navnet til sonen Halvor, og det blei yngste sonen Asle som tok over Sparkup/Todalen og stølen Valdreslie.
Margit og Syver fekk eit langt liv saman. Syver som visstnok var einøygd blei 92 år gamal.
Margit skal ha stelt hus og krøtter på Sparkup inntil plassen blei seld på auksjon i 1901. Svigrsonen Nub Østenfor kjøpte kort tid etter Sparkup/Todalen. Margit blei 98 år.
Todalen og Sparkop i 1891
Folketelling 1891, Nes i Hallingdal, Bosted land: 132 Todalen
Todalen og Sparkop i 1900
Folketelling 1900, Nes i Hallingdal, Bosted land: 0045 Todalen
Sonen Asle Syversson Todalen (1859-1900) og livet i Todalen
For nokon er livet vansklegare enn for andre. Det var nok slik for Asle, sonen til Margit og Syver.
Det blei sagt at Asle hadde hjertefeil. Han gifta seg med Kristine Olsdotter Toen i 1894 og dei fekk to søner. Kristine døde i barselseng da dottera deira blei født i 1898. Dottera, som vart døpt Kristine, døde i februar året etter. Ved folketeljinga for 1900 budde Asle Syversen i Todalen saman med mor si Margit, og to små søner. Same året døyr Asle av «mavesår».
Bestemor Margit var da 84 år, og kunne nok ikkje ta seg av dei små barnebarna åleine. Syver og Ole som da var 4 og 5 år gamle blei teke hand om av slektningar. Syver blei oppfostra hjå Halvor og Margit Gudbrandplass, mens Ole ble oppfostra hjå Anker og Birgit Majormoen. Begge gutane emigrerte i 1927 til Sask i Canada. Dei var på besøk i Norge i 1964 og begge var visstnok framleis ugifte.å
Kilder:
Terje Østro, Gards- og slekstshistorie for Nes i Hallingdal III, Nesfjerdingen B side 415 -417