Liv og Torjus i Bergelie
og mødrene som forsvant
og om Marcello Haugen
Mi tipptippoldemor Liv Pedersdotter, kvar var ho i 1801?
Dette er ei gåte som eg har forsøkt å finna ut av lenge. Liv og systra hennar Bergit hadde begge fått uekte barn før år 1801. Ved folketellinga i 1801 finn vi barna og fedrene i Bergelie i Hovin i Telemark. Mødrene er ikkje å finne nokon stad. I 1805 har Liv kome til rette då ho gifter med far til barnet sitt, Torjus.
Bergit, mor til Anne og Thore Olsdøttre, er og blir borte.
Om nokon har fleire opplysningar om jentene blir eg glad for å få vite.
Liv Pedersdotter (1773-1847)og Torjus Olsson (1775-1859)
Uægte og Uconfirmeret
Dottera til Liv og Torjus, Gro, blei døpt som «uægte» 20 juli 1800. Liv er oppført som mor og «Uconfirmeret Dreng Torjus Olsen» som far. Konfirmasjon blei påbudt ved lov i 1736. Da blei konfirmasjonen ein slags offentleg eksamen i kristendom, og var ein juridisk forutsetning for å regnas som vaksen. Konfirmasjon kunne væra eit krav for å få arbeid eller for å inngå ekteskap. Torjus blir ikkje konfirmera før i 1804, da var han 28 år gamal.
Bergelie i 1801
Folketelling 1801, Bergelie, Hovin i Telemark, Bosted land: 0022 Bergelien
Folketelling 1801
Torjus Olsen er oppført med dottera Gro på Lille-Bergelien, eller Sjåheim, i folketeljinga i 1801. Der bur han samen med mor si på 64 år og dotter si på 1 år. Han er framleis ugift, men mor til dottera Gro, Liv Pedersdotter, bur ikkje der da. Torjus er med andre ord «einsleg ugift far». Det har ikkje vore råd å finne Liv ved folketeljinga i 1801.
Oldebarnet til Liv, Macello Haugen, fortel at hans bestemor fortale at han var etterkomar av «det farende folk». Kunne det være slik at Liv var det vi no kaller tater og at ho fødte dottera og reise vidare med følget sitt, for deretter å koma tilbake og gifte seg fem år seinare? Vel, det var no berre ein tanke – Mest truleg er Liv dotter til Peder Olsen Jørisdal og Ragnhild Halvorsdotter som i 1801 budde på Ufsekleiv under Urdalen.
Torjus vart ikkje gift med Liv før i 1805. Presten skriv ved vielsen: «1ste januar Torjus Olsen med Qvinden Liv Pedersdtr». Etter det fekk Torjus og Liv 5 barn til, 4 døttre og 1 son. Det at presten brukar ordet «Qvinden» tyder på at Liv har født eit barn før ho no blei gift. Presten ville ellers ha bruka nemninga «Pige» eller «Enke»
Vatnet som ikkje rann ut
I Hovinsoga kan vi lesa: «Torjus var ein utifrå flink handverkar, tømmermann og snikkar. Det er han som har bygt husa i Sør-Bergelie og laga og skore ut innreiingen i stova der. På fleire gardar i bygda står det skap og innreiing som han har vore meister for, og det er velgjort arbeid alt i hop.
Det er fortalt at han var i Austbygde i Tinn og bygde eit stabbur. Da han var der, kom det ein storflaum med regn. Torjus hadde lagt golvet og tre omfar av veggane. Det var hogge so fint og godt i hop at vatnet hadde ikkje runne ut, men sto jamnhøgt med tømra. Torjus skal ha vore ein liten og tuslete kar å sjå til, så folk i Austbygde hadde lita tru på ein slik «tussul» til tømmermann, men no fekk pipa ein annan låt.»
Bybrann i Kongsberg
Dottera Ragnhild blei døpt på Kongsberg i 1811. I 1810 var det ein stor bybrann i Kongsberg, og mykje av sentrum brann ned. Det var nok årsaken til at Torjus fekk arbeid her. Ved dåpen til Ragnhild skreiv presten: «Torgius Olsen Hvammen, Tømmermand fra Tinds Præstegield, nu her i Arbejde og Live Peders. D. Ragnhild.» Torjus reiste tydelegvis nokså langt for å utføra handverket sitt, og på Kongsberg hadde dei nok råd til å betala ein god håndverkar.
Dei budde elles lenge i Petrud, men i 1830 kjøpte Torjus Steinsbakken og busette seg der. Det vart sonen Ola som tok over Steinsbakken. Dottera Ingebjørg som gifta seg med lisleheringen Hans Osmundsson kan ein fylje vidare i slektstreet.TorjusTorjus
Marcello Haugen, oldebarnet til Liv og Torjus.
Fremmedartede folk av Romanesslekten
Marcello Haugen (1878-1967) var godt kjent i si samtid som klårsynt og helbredar.
I den påbyrja sjølvbiografien som er komen for dagen, fortel Marcello Haugen myta om sin fars opphav. Han byrjar slik: «Det var ved vintertid omkring året 1851 at et større følge fremmedartede folk av Romanesslekten reiste omkring i Norge. Da følget kom til Eiker, tok de opphold på gården Søndre Kofstad. Her ble det besluttet at følget skulle reise til Kongsberg marked. Vinteren var streng det året, og det farende folk ble enige om å sette igjen en gutt på 3-4 måneder hos de snille bondefolk, for siden at hente ham efter Kongsberg markeds slutt. Men efter Kongsberg kom Skiens marked og følget drog dit. Således gikk det til at den lille gutt ble igjen på gården. Efter ca. to år kom det farende folk igjen på disse trakter for å hente barnet, men da var pleiemoren, som het Ragnhild, blitt så glad i gutten at hun bestemte seg for å beholde ham som sin egen. Denne gutt ble senere døpt og fikk navnet Thoreus. Det gode forhold som var oppstått mellom det farende folk og de som eide gården, hadde det tilfølge at de efterlot seg enda et barn, nemlig guttens bror. Dette siste barn ble senere døpt under det deromkring almindelige navn Lars.»
«et merkelig fremmed sprog», er det kanskje Hoværing?
Dette er nok ikkje sant, men Marcello Haugen fortel at det var bestemora Ragnhild som hadde fortalt historia om at han stamma frå ein adeleg familie i Italia etter at han kom heim ein dag og fortalte at han blei erta fordi han var så svart i håret og hadde så mørk hud. Det blei også fortalt at når Marcello og bestemora snakka saman var det på «et merkelig fremmed sprog» Historia er nok kanskje ikkje så fargerik som det ein kan lesa over.
Ragnhild og Hans var dei rette foreldra til både Thoreus og Lars, noko kyrkjebøkene stadfestar. Barna blei dessutan født i omvendt rekkefølge, Lars var den eldste. Lars er oppkalla etter sin farfar Lars og Thoreus etter sin morfar Torjus i Hovin. Om Marcello faktisk trudde på historia er ikkje godt å si. Det kunne vore ein teori at Liv Pedersdotter, mor til Ragnhild, kanskje kunne ha vore frå «det farande folket», men ho var mest truleg dotter av innfødte Hoværingar. Om det «fremmede sprog»; her kan ein sjølvsagt påstå at hoværing ofte kan framstå som et «fremmed sprog» for dei som ikkje kjenner dialekta. Det litt «mystiske» med Liv Pedersdotter er at det ikkje er råd å finne henne i folketellingen for 1801.
Bestemor Ragnhild og livet i Kongsberg
Dottera til Liv og Torjus, Ragnhild, flutte til Kongsberg og gifta seg med Hans Larsen Haugen. Ragnhild kalla seg Steensrud ved dåpen til begge barna sine. Ektemannen til Ragnhild døde 49 år gamal. Marcello Haugen skriv i eit manuskript at han hadde blitt for glad i det sterke. Ragnhild har da to små barn på fem og tre år å forsørge, Lars og Thoreus.
Den eldste sonen Lars døde 17 år gamal på veslejuleftan 1848 samstundes med ein 12-åring då dei begge gjekk gjennom isen på Lågen. Lars blei funnen og gravlagt 9. januar. Guten på tolv blei ikkje gravlagt før i august året etter, det hadde teke nesten ni månader før dei fann han. Marcello Haugen skriv at Lars døde i eit forsøk på å redda ein kamerat.
Thoreus kjem i lære og byrjar å arbeide i Sølvgruvene. Han gifter seg med Elen Marie Mikalesdotter og dei får åtte barn. Mikael, eller Marcello, var den tredje i rekka.
Far til Marcello, stiger Thoreus Haugen og arbeidet i gruvene
«Dette skal du huske til du blir voksen og forstår»
Arbeidet i gruvene er nok risikablet; Marcello fortel om far sin: «Stiger Thoreus Haugen hadde på en eller annen måte snublet og falt ned i en sjakt med vann. I fallet fikk han et stygt slag over ryggen, og han ble liggende i det kalde vannet i flere timer før han fikk hjelp. Sammen med silikosen, som han led av, førte dette til at han kort tid efter døde. Det var i 1890. Han var da 40 år gammel.»
Marcello var svært glad i far sin og tok dødsfallet svært tungt, han skriv mellom anna: «I vinterkveldene når varmen trakk dirrende gjennom ovnen, kunne han sitte med et barn på hvert kne og fortelle underlige historier. Han talte om fremmede land, om frie folk, om dyr, planter og sten. Alt var for ham en levende organisme, en samlet, beåndet organisme han ikke begrep, men intuitivt følte og opplevet i seg. Undertiden kunne han med sin melodiøse stemme fortelle barna om livets alvorlige sider, om dyp livsvisdom. Når så de spørrende barneøyne ble rettet mot ham, sa han alltid: Dette skal du huske til du blir voksen og forstår. Mangt et spørsmål og svar av dypere art blev gjemt, husket og forstått i skjells år og alder.»
Marcello fortel at bestemora Ragnhild budde i Tinn då han var liten, men at ho av og til kom på besøk til Kongsberg. Ragnhild døde 85 år gamal på Kongsberg i 1896. Når det gjeld vidare informasjon om Marcello Haugen; sjå f.eks. Nasjonalbiblioteket.no eller søk på internett.
Kjelder:
Hovinsoga, Gardar og ætter
Nokså fritt etter mange forskjellige opplysningar funnen i litteratur, på nett, i protokollar osv. (med andre ord… eg hugsar ikkje lenger heilt kor informasjonen kom frå.)
https://www.digitalarkivet.no/
Vedr. kilder for dåp og gravferd osv.: Sjå slektstreet.