Jon Fangin

Historien om

Jon Olsson Håkaland

Slik ender historien om Jon ”Fangin” i det Herrens år 1771:

«13. november blev Jon Olsen boende paa Hocheland henrettet. Hoved og Haand afhugget med øxe, hovedet tillige med Haanden og legemet lagt paa Steil for begangne Mord af Enken Aslou Rui og hendes Datter. Hand døde i en velsignet og salig Tilstand, og med en forundringsverdig Frimodighed og følelse af Guds Naade i sin Siæl.» Presten Blochs innskrift i kyrkjeboka.

Dobbeltdrapet i Nusledokken

Laurdag 26. januar i 1771, for omkring 250 år sidan, skjedde mordet på Aslaug Gunleiksdotter Rui og den åtte år gamle dottera hennar Turi Tostensdotter. Aslaug var 56 år gamal og enke. Dei budde på ein liten plass under Rue i Gauset. Tinnsoga skriv om hendinga som «Tvidrapet i Brukòsi», men i rettsdokumenta blir plassen kalla Nusledokken. «Pladsen Nusledocken hvor Mordet er Skeet»
Aslaug og dottera kunne ikkje livnære seg av plassen og dei var derfor ofte ute på bygdene for å «betle og bede». Då blei dei ofte borte i fleire veker.

Det var det Gro på Stuverud trudde dei hadde gjort denne gongen også. Stuverud ligg på andre sida av elva og Gro hadde god utsikt over til Nusledokken. Det hadde ikkje kome røyk frå pipa på fire dagar. Likevel ana ho uråd fordi Aslaug bruka å koma innom Stuverud før ho reiste ut på bygda, for å be Gro om å «have et Øye til Pladsen» medan ho var borte.

Gro gjekk til naboen Ole Tovsen og spurde om han hadde sett noko til Aslaug og dottera. Det hadde han, men ikkje sidan fredagen då Aslaug hadde vore innom før ho gjekk heimat til seg sjølv.
Det blei til at Ole Tovsen gjekk over til Nusledokken og der fann han Aslaug og dottera døde utanfor huset. Han gjekk tilbake for å henta fleire vitne, og alle tykte dette var «saa græsseligt at de ey kunde andet end at forundre og korse sig derover»

Utsikt utover Gauset, Tinn, Telemark

Jon Olsen Håkaland (1719-1771) og familien

Rettsdokumenta omtalar han som Jon Olsen Hocheland. Han var 52 år i 1771 og derfor født omkring 1719. Han gifta seg med Gunhild Olsdotter Einung. Dei budde eit par år på Einung. Fyrste sonen, Ole, blei kanskje født der. Då barna Ambjør og Halvor vart døpt budde dei på Berge. Deretter flutte dei frå plass til plass til dei til slutt kom til denne plassen under  Håkaland. 

Kona Gunhild skal ha vore dårleg til beins. Ho «var paa Fødder Vanfør saa at ikke kunde staae og ikkun lidet ved Gang føre sig frem» og dette gjorde det nok ikkje lettare å få endene til å møtast på Håkaland i 1771. Jon måtte ut og tigge for å få mat på bordet til kona og dei tre ungane. 
No hadde han fått beskjed om at familien måtte flytte frå plassen når våren kom. Dette hadde han i tankane då han om morgonen hadde reist heimefrå for å tigge. 
Då han om til brua over Mår tok han til å tenke at om Nusledokken blei ledig kunne han og familien flytte dit. 

Mordet

Om ugjerninga var overlagt eller ikkje blei omhandla i retten. Jon sa fyrst at han berre ville snakke med Aslaug, og høyre om han ikkje kunne få leige plassen ettersom han hadde høyrd at ho skulle leige ut, men seinare kom det fram at han hadde gått «op igjenem nogle Steen Uhre og Juv» for ikkje å bli sett av nokon. 

Då han kom til Nusledokken byrja han å snakke med Aslaug om han kunne få leige plassen, men dette ville ikkje Aslaug. Det kom til munnhuggeri og Aslaug hadde til slutt kalla han kjeltring eller hundsvot. Då blei Jon rasande og hadde teke vassbytta som stod ved peisen.
Med bytta slo han til Aslaug så ho fall over ende, men «eftersom hun mærkedes ikke at være bleven død ved det første Slag» så slo han ho med bytta to gonger til. Uvisst av kva grunn hadde han deretter drege Aslaug ut av huset. Dottera Turi som var vitne til dette sette sjøvsagt i å gråte og skrike og Jon slo henne med knytneven til ho svima av. Jon hadde deretter rømt frå plassen. Turi hadde krope ut til mor si, og der hadde ho truleg anten døyd av skadane, eller helst frose ihel. Rettsdokumenta gjev ei heller grusom skildring av Jons forklaring. Eg vel å utelate mykje av forklaringa her.
Det finnest meir å lesa i Torgrim Sørnes bok, Menneskeham (de henrettede i Norge 1765-1771), s 252 – 263 og sjølvsagt i rettsdokumenta.

Flukta til Kongsberg

Dette var laurdags kveld, og Jon rømde sudover Tinnsjøen. Tidleg søndag morgon kom han til Lauvviken. Han kjende Ulve Halvorsen Lauvviken frå dei hadde tent ihop som unge. Her fekk han varmen i kroppen og litt mat før han fortsette over Tinnsjøen til Haukedalen. Derifrå nedover Heddal og over til Kongsberg.

Her blei han borti tre veker før han kom tilbake til Håkaland. Han hadde høyrt om mordet på Kongsberg forklara han etterpå. Då han kom heim stod det dårleg til med Jon. Han var sengeliggande og hadde «ondt for Brøstet» Enkelte i bygda hadde nok syntes at det var noko rart med forklaringa Jon gav om reisa si til Kongsberg, og han blei derfor innkalla til fogden. Jon tilstod med ein gong. «I faar ikke bryde Jer meere derom, det var mig»

H.H. Einung fortel i Tinnsoga om korleis denne historia har festa seg i folkeminnet. Det blei mellom anna fortalt at Jon rømde frå fengselet og kom heilt til Nybrua på Kongsberg før presten skal ha mana han med svarteboka til å snu og koma attende. Dette stemmer ikkje overeins med kjeldene.

Reinshøl i Gauset. Nusledokken og Håkaland ligg litt lenger ned etter elva.

Rettssaka og domen

Jon vart sett i arresten og den 20. mars kom saka opp på Nordre Sem i Heddal. Grunnen til at saka kom opp i Heddal skal ha vore at «mand var usikker at fremkomme den lange og besværlige Vej over Iisen til Tingstedet paa Tind». At arrestanten, voktere og alle vitnene måtte over isen den andre vegen var det ingen som protestera på. Altså litt som no til dags, det er lenger til Tinn enn frå Tinn. Saka vara i tre dagar. På bilete øverst er eit lite utdrag av dei tolv svært tettskrevne sidene frå Tingretten 20. til 23. mars.

Den 8. april. samla retten seg på ny, denne gongen i Jørisdal i Hovin. Domsmenn var Torgius Olsøn Grow, Halvor Heljesøn Daarud, Kittil Pedersøn Bratterud, Østen Gunlicksøn Fossem, Gunlich Nielsøn Bratterud, Gunder Olsøn Tvedten, Østen Olsøn Schibdalen og Knud Halvorsøn Wastvedt.
Dommen blei avsagt. Jon skulle bøte med livet, halshoggas og skulle ende på steile og hjul. 

«I Følge den allernaadigste Forordning af 7de Frebruarij 1749. At Delinqventen Jon Olsøn for hans forøvede Mord paa Enken Aslaug Gunlichsdtr og hendes datter Thuril Tostensdtr. bør, sig selv til velfortient Straf, og andre ligesindede til Skræk og Afskye, af Skarpretteren at knibes med gloende Tænger, først paa det Stæd eller paa Pladsen Nusledochen, hvor Mordet er begaaet, og siden tvende Gange mellem Gierningsstædet og Retterstædet, og allersidst paa Retterstædet, dernest bør hans høyere haand ham levende afhugges med en Øxe og siden Hovedet iliigemaade med en Øxe, samt Legemet af Nattmandens Folk at henføres og legges på Steijle, og Hovedet tilligemed Haanden at fæstes paa en Stage oven for Legemet.»

Saken kom inn for lagtinget i Skien, men resultatet der den 1. juni 1771 vart det same. 

Domen som vart avsagt i Jørisdal 8. april 1771

Henrettinga

Tinnsoga har trykt «Pro Memoria» frå futen til lensmannen der det blir forklart korleis henrettelsen skal gå føre seg.

«Saafremt ingen nærmere gjenklaldelser indløber, er eksekusjonen over deliqventen John Olsen berammet til onsdagen den 13. november førstk. Derefter og imidlertid retter lendsmanden sig.

  1. Med at lade forfærdige en stegle med hjul, som settes straks ved den alfarvei paa retterpladsen Marumsrudpladsen.
  2. At almuen af alle annekserne tilsiges en mand fra hver gaardepart at møde i bygden aftenen forud for om morgenen derefter ved solens oppgang at være paa pladsen og medbringe enhver mand sit vaaben enten sin børse, kaarde eller spyd, alt under 10 rdl. mulkt og anden korporlig straf for den eller de som ikke enten møder selv eller udsender et voksent menneske paa sine vegne»
 Henrettinga skulle tene som skrekk og advarsel og futen ville forsikre seg om at «alle» i Tinn-bygdene skulle få sjå. Etterpå blei liket hengande lenge, slik at alle som kom forbi skulle bli minna om å halde seg til lova. Derfor bli retterstadene rundt omkring lagt tett inntil der folk brukte å ferdast.

Om Aslaug Gunleiksdotter og Turi Tostensdotter i kjeldene. 

Aslaug Gunleiksdotter Rui var enke da ho den 8. november 1761 gifta seg med Tosten Olsen som var enkemann. Dette må være Torstein Olsen Gvåle, ettersom han er den einaste mannen, ved namn Tostein Olsen, i rett alder som vart gravlagt i tidsrommet mellom giftermålet og då Aslaug blei omtala som enke i drapssaka.

Dei fekk dottera Turi som blei døpt 29. september 1762.

Torstein Olsen Gvåle vart gravlagt 11. januar 1767. Det vart halde skifte etter Torstein då han var død, men Tinn Soga nemner ikke Aslaug og Turi i skiftet, berre at det var «uklårt hoslein det har gjengje for seg». Aslaug vart på ny enke, no med ei lita dotter som ho måtte forsørge.

Aslou og Tostens vielse 
Tury sin dåp
Tostens gravferd
Aslou og Thuris gravferd nr 9 og 10/1771

Livet gjekk vidare for familien til ein drapsdømt?

Ein kan truleg ikkje forestilla seg kor vanskeleg det vart for Gunhild og barna etter at Jon vart arrestert og henretta. Gunhild som ikkje kunne gå, og tre ungar mellom omkring 19 og 10 år. Fattige var dei før, og no blei det kanskje sveltihel. Det synest som om presten Bloch trudde på at Jon hadde fått tilgivelse og Guds Nåde, og kanskje sørga han for at familien hans fekk hjelp til å klara seg?

Det har ikkje lukkast meg å finna kvar og når Gunhild, enka etter Jon, døde.
Sonen Ole kom til Fjosstaulen og vart gift og hadde 3 døttre ved folketeljinga i 1801. Han skulle ha vore ein svært god treskjærar. Sonen Halvor har det ikkje lukkast å finna noko om.

Dottera Ambjørg vart gift med Hølje Sveinsson Leikanrud, og fekk heile ni born og har ei stor slekt etter seg i Tinn. Ei ulukke kjem sjeldan åleine.
Det blei sagt i forteljinga om Jon at det kom til å bli fleire drap i slekta. Svarte og kvite fuglar ved rettarstaden skal ha tyda på det. Om ein skal tru at denne overtrua har noko for seg eller ei, truleg har denne tolkinga kome til i ettertid.
Dottersonen til Ambjørg, Svend Tovsen Brekke, blei og dømt for drap, og han endte sine dagar i 1871 av lungetæring på Akershus festnings slaveri. 

 

Om nokon veit meir, eller har rettingar, ta kontakt., 

Kilder og for vidare lesing:
H.H. Einung, Tinn soga 1, side 138
Torgrim Sørnes, Menneskeham (de henrettede i Norge 1765-1771), s 252 – 263
Bjarne Hodne, Personalhistoriske sagn : en studie i kildeverdi, side 84
SAKO, Nedre Telemark sorenskriveri, F/Fa/L0025: Tingbok, 1769-1772, side 345 – 351 (20. – 23. mars på Sem i Heddal)
SAKO, Nedre Telemark sorenskriveri, F/Fa/L0025: Tingbok, 1769-1772, side 356 – 357 (8. april i Jørisdal, Hovin)
SAKO, Skien lagting, F/Fa/L0008: Tingbok, 1770-1785, side 37 – 38 (30. mai – 1. juni i Skien)
SAKO, Tinn kirkebøker, F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. I 2, 1757-1810, side 416-417, nr 41
https://no.wikipedia.org/wiki/Steile_og_hjul