Østen Olsson Haugen var bror av min tippoldefar Torkild Juve. Medan min tippoldefar blei heime i Hovin, reiste bror hans, Østen og kona Birgit til Amerika og busette seg på det som seinare er blitt kjendt som Little Norway i Blue Mounds i Wisconsin.
Birgit Hansdotter Grasdalen (1836 – 1920). Ho var dotter av Hans Halvorsson Grasdalen (1805-1883) og Aasne Kittilsdotter Urdalen (1810-1877)
Østen Olsson Haugen (1826 – 1905). Han var son av Ole Torkjellsson ( -1837) og Gunhild Østensdotter Mårheim (ca 1791-1857)
Birgit og Østen gifta seg i Hovin kyrkje i september 1859. I september året etter fekk dei sonen Ole.
Den 3. april 1861 fører presten den vesle familien inn i protokollen for utflytta og dei sette kurs for Amerika. Saman med dei reiste også Østens bror Ole Olsson Haugen og Birgits syster Anne Hansdotter Grasdalen.
Dette året flytta heile 97 personar frå soknet, og mesteparten av dei drog til Amerika. Birgits systrer, Turi og Aslaug, reiste også til Amerika ti år seinare. Det same gjorde Østens bror, Hellek. Eg har enno ikkje funne ut kva som hendte med syskena til Birgit og Østen etter at dei meldte flytting frå Hovin.
Framme i Amerika – Blue Mounds
Birgit og Østen må nokså fort ha funne seg denne plassen mellom Blue Mounds og Mount Horeb i Wisconsin. Farmen var på 40 acres. Ved folketeljinga i 1870 er dei busette her. Historia vil ha det til at den fyrste vinteren budde dei i ein jordkjellar, og det kan sikkert stemme. I 1862 blir dottera Gunhild født. I Amerika får ho namnet Julia. Åsne, seinare nemnd som Amelia blei født i 1867. Ved folketeljinga i 1870 blir ikkje sonen Ole nemnt. Han er heller ikkje å finne seinare, så han er truleg død ein gong mellom 1961 og 1870. Døtrene Carri og Olena blei født i 1871 og 1876. Ved folketeljinga i 1880 var det derfor ein familie på to vaksne og fire døtrer som budde på garden.
Østen og Birgit må ha vore framifrå nybyggjarar. Det kom i alle fall opp svært mange hus på farmen som seinare vart «Little Norway».
Østen, eller Austin som han kall seg no, døyde i 1905. Det kan sjå ut til at Østens bror, Hellek, budde hjå Birgit og dottera Lena i 1910. Han var då ugift. Enka Birgit og døtrene dreiv vidare til Birgit døyde i 1920.
Etter det sat døtrene med garden, men det blei ikkje til at nokon ville eller kunne overta då systrene Gunhild og Lena døyde i 1926. Dei to andre systrene selde garden som på den tida vart kalla Austin Olson Hougan Farm.
Austin Olsons statsborgerskap.
Han må for alltid gi avkall på all troskap til Kong Oscar II.
Austin Olson Hougan Farm
Under er eit lite utvalg av alle husa på farmen. Bileta er tekne omkring den tida garden fekk ny eigar i 1927. Det var nok alle husa som gjorde at garden etterkvart blei eit museum og fekk namnet Little Norway. Her er kanskje Isak Dahle på inspeksjon eller visning.
Birigit og Østen fekk mange etterkomarar, og dette etterslektstreet er nok enno langt frå komplett.
Little Norway
I 1927 kjøpte Isak Dahle farmen. Han «restaurerte» husa, og det blei ein kombinasjon av museum og fornøyelsespark. Isaks familie kom opphaveleg frå Åmli i Aust-Agder og Ål i Hallingdal. Han hadde vore på besøk i gamlelandet og no ville han laga eit «lite Norge» i Amerika.
«Stavkyrkja» som blei bygd i Orkdal til verdsutstilling i Chicago i 1893 vart ei trekkplaster.
Little Norway er no nedlagt, men det finst framleis ei delvis fungerande nettside som fortel litt om plassen. Der er det mellom anna bilete av det som truleg var jordkjellaren Østen og Birgit skal ha budd i den fyrste vinteren. Bileta under er frå tida då Little Norway var etablert som museum og park.
Thamspaviljongen, også kjent som «The Norway building», var Norges bidrag til verdensutstillingen i Chicago i 1893. Den blei bygd i Orkdal og flytta til Little Norway. Der stod den i mange år inntil Little Norway blei nedlagt i 2012. Nå er bygningen flytta tilbake til Orkdal.