Hovin har fostra mange felespelarar, men Ola ligg sjølvsagt mitt hjerte nerast. Eg var så heldig å få speletimar hjå Ola då eg var lita.
Eg hugsar godt den lune, gode stemninga i huset hjå Ola og Camilla og alle «skrønene» som Ola og far min, Hans, prata om. «Dætten æ no væl ei gåmål skrøne, men hugsa du…»
Eg er så lei meg for at eg ikkje hugsar skrønene, berre den gode stemninga…
Skulle ynskje eg viste kva eg gjekk glipp av då eg slutta med felespelinga, fordi det var litt gamaldags i 1971-72 og «fele var egentleg litt kjedelig».
Nokre av slåttane til Ola finst her: Spelemanshaugen og andre Hovinslåttar bl.a. på Spotify.
Om du har tilgang til Spotify så vil du også kunne høyre kommenrararane til Ola på nokre av låtane.