DEI SOM REISTE
Utflytta frå Hovin i Telemark
1880-1889
Dei fleste som flytta frå Hovin desse åra reiste til Amerika, med nokon få unntak.
Reisemålet i Amerika var no ofte Rushford i Minnesota. Nokon vart værande der, men mange reiste vidare. Av dei som ikkje vart værande i Minnesota så reiste mange til Sør Dakota og til Nebraska.
Seilskipa var no for det meste bytta ut med dampskip. Dette gjorde reisetida mykje kortare, og folk var ikkje lenger avhengig av å reise om våren. Dei reiste via England, men også med skip som reiste direkte til New York eller til Canada. Emigrantane som reiste frå Kristiania/Oslo vart no registrert i emigrantprotokoll.
Utvandra til Amerika i 1880
- Menn: 6
- Kvinner: 6
- Barn: 8
Utvandra til Amerika i 1881
- Menn: 2
- Kvinner: 2
- Barn: 0
Utvandra til Amerika i 1882
- Menn: 4
- Kvinner: 6
- Barn: 4
Utvandra til Amerika i 1883
- Menn: 3
- Kvinner: 2
- Barn: 6
Utvandra til Amerika i 1884
- Menn: 3
- Kvinner: 0
- Barn: 0
Utvandra til Amerika i 1885
- Menn: 3
- Kvinner: 4
- Barn:
Utvandra til Amerika i 1887
- Menn: 2
- Kvinner: 1
- Barn:
Utvandra til Amerika i 1888
- Menn: 3
- Kvinner:
- Barn:
Utvandra til Amerika i 1889
- Menn: 2
- Kvinner:
- Barn: 2
Dette er dei som reiste:
1880 - Gunlek Halvorsen og Anne Eivindsdr. Kverndalen med to barn
Utflytta til Arendal. Meldt utflytting Vaaren 1880.
Utflytting: Gunleik og Anne.
Dei kom ikkje lenger enn til Tvedestand, og Gunleik og Anne meldte innflytting til Dypvåg sogn i Tvedestrand «For at søge Arbeide».
Dei hadde med seg «2 børn, hvis Navne og Alder ikke er anført i Attesten». Dette må då være barna Halvor f. 1877 og Aslaug f. 1879.
Dei fekk to døtre til etter at dei kom til Dypvåg. Den eine, Ingeborg f. 1882 døde i 1884. Den andre, Ingeborg f. 1885, har eg ikkje funne noko meir om.
Anne døde av tæring i august 1885. Eg trur Gunlek då reiste til Amerika.
Ved folketeljinga i 1891 er han besøkende hjå Aanund Johannessen i Dypvåg. Gunleik oppgjev sedvanlig oppholdsted til å være Wisconsin Amerika. Sonen hans, Halvor, budde truleg hjå familien Johannessen då. Dottera Aslaug er «Pleiebarn paa Børnehjem.» i Dypvåg.
Det ser ikkje ut til at barna vart konfirmert i Dypvåg. Kanskje vart barna med til Amerika då faren reiste tilbake, men eg finn dei ikke der.
Gunleik gifta seg på nytt i 1899, og døde i Minnesota i 1914.
1880 - Anne Herbjørnsdatter Midgaarden - 22 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 25. april 1880.
Utflytting: Anne Herbjørnsdotter.
Anne var den yngste i syskenflokken på sju. I 1875 er ho heime på Midtgarden og «hjeper Moderen» som då var enke. Mora døde i 1878 og Anne reiste til Amerika. Ho var den einaste av syskena som reiste til Amerika.
Anne reiste frå Kristiania med skipet Hero den 7. mai, og det var ikkje andre passasjerar frå Hovin på turen.
Det neste eg finn om Anne er då ho gifter seg med Fredrik Fenstad frå Nes i Akershus i 1887.
De busette seg i Houston County, Minnesota. Dei fekk ei dotter som eg har funne.
Anne døde i Minneapolis i 1941.
1880 - Jon Gjermundsen og Helene Marie Helliksdatter Stegerud med ein son
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 17. juni 1880.
Utflytting: Familien frå Stegarud.
Jon var einaste son til Gjermund og Gro Stegarud. Han gifta seg i 1874 med Joran (Helene Marie) Helliksdotter frå Rabben under Veåsen som hadde vore tenestejente på Stegarud i åtte år. Jon var då 47 år og Joran/Helene var 24 år. Dei fekk sonen Gjermund.
Helene Marie, eller Joran som kyrkjeboka seier at ho vart kalla i Hovin, var dotter til Hellek Jonsson og Tone Torjusdotter frå Rabben.
Hellek og Tone hadde meldt utflytting for å reise til Amerika i 1843. Denne reisa vart det ikkje noko av. I 1848 meldte dei på nytt utflytting, også denne gongen med Amerika som reisemål. Denne gongen kom dei til Arendal. Der fortel kyrkjeboka for Tromøy sokn at Hellek hadde «fæstet et stykke jord under Aabelvig» i Arendal.
Der fekk dei dottera som vart døpt Helene Marie i 1849, og dei blei buande der ei tid før dei flytta tilbake til Tinn, kanskje omkring 1854. Då fekk Hellek festekontrakt på plassen Skåre under Hovinbøle. Hellek var ein interessant kar. Ein kan lese meir om han i Hovinsoga.
I 1880 reiste Jon, Joran/Helene og sonen Gjermund frå Hovin. Eg trur eg har funne dei i ei immigrasjonsliste i New York, men opplysningane er langt frå sikre. Joran/Helene sin bror, Hans, hadde reist til Amerika saman med mange ungkarar og piger frå Hovin og Tinn i 1871.
Etter dette har eg hittil ikkje funne noko meir om familien.
1880 - Gunnuf Østensen Urdalen - 26 år
1880 - Margit Østensdatter - 26 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 17. juni 1880.
Utflytting: Gunnulf.
Utflytting: Margit.
Eg slår i hop desse to ettersom dei gifta seg, enten på overfarten til Amerika eller rett etter at dei kom i land i 1880. Dei var tremenningar.
Gunnulf og Margit kalla seg etterkvart «Bergeleen» til etternamn. I 1910 finn eg familien i Alpena, Jerauld, South Dakota. Dei fekk i alle fall fire barn.
Margit var syster til Herbjørn og Knut som også reiste til Amerika dette året. (sjå nedanfor)
Gunnulf døde i Beadle County, South Dakota i 1927. Margit døde same staden i 1942.
1880 - Herbjørn Østensen - 22 år
1880 - Jøran Torgersdr. Sauro - 26 år
Utvandra ril Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 17. juni 1880.
Utflytting: Herbjørn.
Utflytting: Jøran.
Eg slår i hop Herbjørn og Jøran også. Dei gifta seg også etter at dei reiste frå Hovin. Truleg i 1880.
Eg har funne fem barn så langt. I 1910 budde familien i Silver Creek, Sanborn, South Dakota. Der budde dei framleis ved folketeljinga i 1935.
Jøran døde i 1937 i Silver Creek. Herbjørn døde same staden i 1947.
1880 - Knud Østensen - 21 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 17. juni 1880.
Utflytting: Knut Østensson.
Knut utvandra til Amerika saman med syskena sine Margit og Herbjørn. Eg har ikkje funne Knut etter at han meldte utflytting frå Hovin.
1880 - Anne Halvorsdr. Hvammen - 28 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 8, juli 1880.
Utflytting: Anne Halvorsdotter.
Anne reiste til Amerika med reisemål Seneca, Illinois. I 1886 gifta ho seg med John Stevenson i Knox, Nebraska. John var født i Kristianstad i Sverige. Dei busette seg i Center, Knox County, Nebraska.
John døde tidleg av tyfus. Anne og sonen Charles blei buande i Center. Annes bror, Gunleik, kom også til Knox County. Anne døde i 1918.
1880 - Ole Olsen og Taaraan Samuelsdotter Bergelie med sju barn
Utvandra til Amerika. Ole meldt utflytting 10. september 1880. Kona Tårån og barna reiste i februar 1881.
Utflytting: Ole Olsson.
Utvandring 1881: Tarand og barna nr. 127.
Ole Olsson hadde vore gift med Margit Nilsdotter som døde på barselseng i 1866. Dei hadde to barn som levde i 1880. Han gifta seg på nytt med Taaraan Samuelsdotter Skuggen. Dei hadde fem barn som levde i 1880.
Ole meldte utflytting i 1880. Kona og barna blir ikkje nemd. Ole reiste truleg i førevegen.
Familien blir heller ikkje ført som utflytta i 1881. Dei må likevel ha hatt attestane sine i orden, for dei er registrert i Emigrantprotokollane då dei reiser med skipet Kelso til New York i februar 1881.
Barna var Nils f 1857, Ole f 1860, Margit f 1868, Lars f 1871, Olaug f 1873, Torgeir f 1877 og Halvor f 1880. Denne familien tar eg med som utflytta i 1880 då Ole reiste, ettersom dei ikkje er nemd i kyrkjebøkene for Hovin etter det.
Eg har ikkje leita lenge, men eg har hittil ikkje funne noko meir om familien etter at dei reiste.
1880 - Gunlek Halvorsen Hvammen - 31 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 20. september 1880.
Utflytting: Gunleik Halvorsson.
I fylgje Hovinsoga så reiste Gunleik til Nebraska. Systera Anne kom også dit (sjå over). Gunleik gifta seg ikkje, og han døde i 1939 i Center, Knox County, Nebraska.
1881 - Nils Ketilsen og Birgit Torgersdr Hylland
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 30. mai 1881.
Utflytting: Nils og Birgit.
Nils var født i Lonin og Birgit på Ullern i Atrå. Dei fekk ingen barn. Ved folketeljinga i 1875 budde dei på Hylland. Systera til Birgit, Jorån, var tenestejente der i 1875 og reiste til Amerika i 1880. Ho kom etterkvart til South Dakota.
Nils og Birgit reist med skipet Thingvalla. Reisemålet var Rushford. De busette seg i Yucatan, Houston County, Minnesota.
Birgit døde der i 1900 og Nils døde same staden i 1911.
1881 - Torger Hansen Roe (Stensrud) - 30 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 8. juni 1881.
Utflytting: Torgeir Hansson.
Torgeir vart født i 1851 og døpt i Hovin kyrkje. Foreldra var Hans Torgersen frå Tosand og Ingeborg Hansdotter frå Sjøtveit. Dei gifta seg i Atrå i 1850, men flutte nok til Roe under Nåpågarden rett etter. Hans var smed og urmaker. Familien brudde framleis der ved folketeljinga i 1875.
Torgeir oppgjev også yrke som «urmager» då han reiste til Amerika.
Eg har ikkje funne Torgeir etter at han meldte utflytting frå Hovin.
1881 - Margit Olsdr. Buksekjøn - 30 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 18. november 1881.
Utflytting: Margit Olsdotter.
Margit hadde 9 sysken og mange av dei reiste frå Hovin. Broren Rollev reiste til Amerika i 1883. Han kom til Wilkin, Minnesota.
Margit meldte utflytting seint på året. Det er kanskje Margit som reiste til Hull med dampskipet Angelo den 2. desember. «ant kl. 1 eftm.» skriv Morgenbladet den 1. desember.
Alderen til Margit i emigrantprotokollen er feil, men det kan det jo være fleire årsaker til. Dersom det var Margit som reiste denne desemberdagen, så var reisemålet hennes Davis i Illionis.
Eg har til no ikkje funne Margit etter dette.
1882 - Gunild Østensdr. Øverbakke - 27 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 19. april 1882.
Utflytting: Gunhild Østensdotter.
Syskena Gunhild og Jon (under) kom frå Bergelie under Omdalen. Systera Margit reiste til Amerika i 1880 og broren Herbjørn i 1881. Dei kom begge etterkvart til Sør Dakota.
Gunhild reiste med dampskipet Angelo frå Kristiania 27. april 1882. Reisemål var Rushford, Minnesota.
Eg har hittil ikkje funne Gunhild etter at ho reiste frå Noreg.
1882 - Jon Østensen Øverbakke - 20 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 19. april 1882.
Utflytting: Jon Østensson.
Jon reiste saman med systera Gunhild (sjå over). Han reiste med dampskipet Angelo frå Kristiania 27. april 1882. Reisemål var Rushford, Minnesota.
Eg har hittil ikkje funne Jon etter at han reiste frå Noreg.
1882 - Gro Nilsdatter Aastøen - 67 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 23. mai 1882.
Utflytting: Gro Nilsdotter.
Gro var enke og reiste saman med dottera Svanaug (under). Frå før hadde sonen Ole reist til Amerika i 1878.
Gro, som også vart kalla Gina, kom til Sioux Falls, Minnehaha, South Dakota.
Ho døde der i 1900.
1882 - Svaanaug Olsdatter Gvammen - 35 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 23. mai 1882.
Utflytting: Svanaug Olsdotter.
Svanaug reiste til Amerika med mor si. Dei kom til Sioux Falls, Minnehaha, South Dakota. Svanaug vart ikkje gift som eg kan sjå. Ho døde i Sioux Falls i 1890 av «heart disease».
1882 - N. N. Jørisdal - 22 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 4. juli 1882.
Utflytting: Nils Nilsson Jørisdal.
Nils var ungkar då han meldte utflytting for å emigrere samtidig med Torbjørg Halvorsdotter Bolkesjø. Dei vart truleg gift ganske snart etter at dei reiste frå Gransherad/Hovin. Då dei gjekk ombord i skipet Angelo den 7. juli var dei oppførd som gift. Eg har ikkje funne noko giftermål.
Ved folketeljinga i 1885 budde dei i Wasterheim, Lyon, Minnesota. Dei hadde ei dotter på to år, og saman med dei budde også Torbjørgs bror. Dei fekk i alle fall fire barn til før Nils døde i 1892, berre 32 år gamal, i Marshall, Minnesota. Torbjørg vart 84 år, og døde i Hennepin, Minnesota i 1947.
1882 - Ole Tarjersen og Liv Hansdatter Okseklev med fire barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 25. august 1882.
Utflytting: Ole og Liv med familie.
Ole var født i Gvamskose i Hovin 2 . juni 1848. Far hans skal i fylgje Hovinsoga ha kome frå Suldal, og mor hans frå Tinn. Ole gifta seg med Liv Hansdotter frå Lisleherad i Hovin kyrkje i 1875.
Dei budde ei tid i Uksekleiv under Urdalen. Dei reiste med barna Birgit f 1875, Gunhild f 1877, Torger f 1879 og Aslaug f 1881. Dei fekk minst tre barn til etter at dei kom til Amerika.
Dei kom til Cedar County, Nebraska der Ole døde i 1905 og Liv i 1942. Sjå Gravminne.
1882 - Anne Olsdr. Dybedal - 24 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 25. august 1882.
Utflytting: Anne Olsdotter.
Kven Anne Olsdotter var er ikkje så lett å finne. Det var mest truleg Anne som vart konfirmert i oktober 1873.
Om dette stemmer så var foreldra Ole Ellefsson og Aslaug Høljesdotter.
Anne reiste med skipet Angelo frå Kristiania 1. september 1882. Reisemålet var Minnesota.
Etter dette har eg ikkje funne noko sikkert om Anne.
1882 - Hans Olsen Hovda - 20 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 26. september 1882.
Utflytting: Hans Olsson Hovda.
Hans hadde fått skøyte på Hovda etter far sin i 1875, men selde garden og reiste til Amerika med reisemål Menomonie i Wisconsin i 1882. Det var også dit han kom og busette seg. Han gifta seg med Elisabeth Eliason og dei fekk mange barn.
Hans døde i Menomonie, Dunn, Wisconsin i 1933.
1882 - Aslaug Østensdat. Brattrud - 22 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 13. november 1882.
Utflytting: Aslaug Østensdotter.
Aslaug var født i Bratterud i 1860. Ho var dotter til Østen Olsson Kleven frå Tinn og Astrid Johnsdotter Bratterud. Ved folketeljinga i 1865 budde Aslaug i Bratterud med foreldra og fire sysken.
Aslaug reiste med dampskipet Angelo den 24. november. Reisemålet var Leland.
Aslaug gifta seg med Carl Thykeson og fekk mange barn. Foreldra til Carl var frå Lunde i Telemark. Sjå slektstre.
Aslaug døde i 1951 i Badger, Roseau, Minnesota.
1883 - Joran Torkildsdtr. Hovda - 50 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 1. juli 1883.
Utflytting: Jorån Torkildsdotter.
Jorån var enke, og sonen Hans Olsson (sjå over) hadde reist til Amerika i 1882. Reisemål for Jorån var det same som for sonen, Menomonie i Wisconsin.
Ved folketeljinga i 1905 budde Jorån saman med sonen Hans og familien i Menomonie, Dunn, Wisconsin.
Jorån døde i 1913 i Menomonie.
1883 - Østen Knudsen og Margit Halvorsdtr. med eit barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 9. september 1883.
Utflytting: Østen og Margit.
Østen og Margit reiste til Amerika med sonen Halvor 8 år. Østen hadde ei dotter og to søner frå sitt fyrste ekteskap som hadde reist til Amerika i 1880.
Margit døde i Sanborn, South Dakota i 1914, og Østen døde same staden i 1916.
1883 - Knud Larsen Breisæt med fem barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 19. oktober 1883.
Utflytting: Knut og barna.
Knut kjøpte Breiset nordre frå svogeren sin Sigurd Nerisson. I fylje Hovinsoga var Knut alltid sein med slåttonna. Kona, Ragnhild, døde i 1881.
I 1883 selde Knut garden Breiset til Halvor Dokkestul/Rue for kr. 2800,- og reiste med heile huslyden til Amerika. Barna var Lars 18 år, Niri 16 år, Knut 12 år, Ingebjørg 9 år og Sigurd 6 år.
Hovinsoga fortel vidare at Knut gifta seg andre gong med ei frå Heddal. Dette må ha vore Aslaug Amundsdotter. Aslaug meldte også utreise i oktober 1884, og då oppgav ho at ho kom frå «Hovind Th». Aslaug var kanskje i teneste i Hovin. Dei skal i fylje kjelder i Amerika ha fått fire barn. Det fyrste barnet var født i desember 1883.
Knut døde i Worth County, Iowa i 1896.
Barna som var født i Hovin døde i Texas, Minnesota og North Dakota. Sonen Knut skal ha omkome i 1843 på Filipinene. Han er gravlagd som 1 SGT. U.S. ARMY på gravplassen Golden Gate National Cemetery i California.
1883 - Nils Andresen Dalen - 26 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting til Amerika 22. oktober 1883.
Utflytting: Nils Andresson.
Nils var født i Dalen under Urdalen. Han reiste til Amerika med skipet Kong Bjørn 27. oktober 1883. Reisemålet han oppgav var Rushford.
Systera Svanaug hadde reist til Amerika i 1869.
Eg har ikkje funne noko sikkert om Nils etter at han reise frå Noreg.
1884 - Gunbjørn Steinarsen og Toron Østensdtr med ein son
Utflytta til Rollag. Meldt utflytting frå Hovin 1884.
Utflytting Gunbjørn og Torgun.
Dei reiste til Rollag i 1884. Med seg hadde dei sonen Gunbjørn 2 år.
Eg har ikkje leita mykje etter dei, men dei skal ha fått tilsaman åtte barn.
Torgun døde i Rollag i 1929.
1884 - John Johnsen Rui - 20 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 4. juni 1884.
Utflytting: Jon Jonsson Rue.
Jon og broren Halvor reiste med skipet Angelo frå Kristiania den 13. juni 1884. Billetten for brødrene av betalt på forhånd og reisemålet var Herman, Minnesota.
Eg har ikkje funne noko sikkert om Jon etter at han reiste frå Noreg.
1884 - Halvor Johns. Rui - 19 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 4. juni 1884.
Utflytting: Halvor Jonsson Rue.
Halvor reiste med broren Jon. Sjå over.
Halvor reise truleg heim i 1922 og deretter i 1924. Bilete er frå passfoto i 1922. Då budde Halvor, eller Henry som han kalla seg då, i Seattle, King, Wahington. Ved folketeljinga i 1930 budde han framleis i Seattle, han var då framleis ugift.
Henry døde der i 1957. Då var han 92 år gamal.
1884 - Kjersti Andresdtr. Nappegaarden - 19 år
Utflytta til Tinn. Meldt utflytting frå Hovin 6, juni 1884.
Utflytting: Kjersti Andresdotter.
Kjersti reiste til Tinn for å gifte seg med Ole Nilsson Bøen. Ved folketeljinga i 1900 budde dei i Austbygde. Dei hadde to søner.
Dette er siste gong eg finn noko sikkert om familien.
1884 - Ole Nirisen Breisæt - 42 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 5. august 1884.
Utflytting: Ole Nirisson.
Ole var yngste son i syskenflokken på Nordre Breiset. Oles svoger, Knut Larsson som hadde blitt enkemann i 1881, hadde reist til Rushford, Minnesota i 1883. Han kom seinare til Iowa. Han og barna kalla seg Breiseth i Amerika.
Ole reiste med skipet Geiser den 7. august 1884. Reisemålet var truleg Rushford. Etter dette har eg ikkje funne noko sikkert om Ole.
1884 - Kittil Knudsen Renslo - 24 år - Ikkje reist
Utvandring til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin i september 1884.
Utflytting: Kittil Knutsson Renslo.
Kittil var bror til mi bestemor, Åsne Søråsdekkan. Kittil reiste truleg ikkje til Amerika likevel. Han er ikkje å finne i emigrantprotokollane nokon stad. Han gifta seg i Hovin i 1890, og døde av tæring i Søråsdekkan 21. desember 1900, 40 år gamal.
1885 - Ole Olsen Barlinddokken - 21 år
1885 - Gunnild Olsdtr. Barlinddokken - 19 år
1885 - Anne Olsdtr. Barlinddokken - 16 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 11. mai 1885.
Utflytting: Syskena Ole, Gunhild og Anne frå Barlindokk.
Ole, f. 1864, Gunhild f. 1866 og Anne f. 1869 frå Barlindokk reiste til Amerika i mai 1885. Foreldra var Ole Olsson frå Tinn og Sigrid Nilsdotter frå Busnesgrend. I fylje Hovinsoga hadde dei fire yngre sysken som vart buande i Noreg.
Dei er ikkje å finne i emigrantprotokollane, og eg finn ikkje noko sikkert om dei etter at dei reiste frå Hovin.
1885 - Hans Nilsen og Judit Hansdtr Dommerud
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 16. mai 1885.
Utflytting: Hans og Judith frå Dommerud.
Hans og Judith fekk ingen barn, og dei var godt vaksne då dei meldte utflytting for å reise til Amerika. Reisemålet dei oppgav var Independence. Dette stedet finst både i Minnesota, Wisconsin og Iowa.
Dei reiste med dampskipet Juno frå Kristiania den 22. mai 1885.
Med på reisa var også Judiths sysken, Ole og Gunhild.
Eg har ikkje funne Hans og Judith etter at dei reiste frå Kristiania.
1885 - Ole Hansen Jore - 53 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 16. mai 1885.
Utflytting: Ole Hansson Øverbakke.
Ole reiste saman med systera Judith Hansdotter og mannen hennar. (sjå over)
Eg finn ikkje Ole etter at han reiste frå Kristiania med dampskipet Juno den 22. mai 1885.
1885 - Gunnild Hansdtr. Jore - 59 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 16. mai 1885.
Utflytting: Gunhild Hansdotter Øverbakke.
Gunhild reiste saman med systera Judith Hansdotter og mannen hennar. (sjå over)
Eg finn ikkje Gunhild etter at ho reiste frå Kristiania med dampskipet Juno den 22. mai 1885.
1885 - Aslaug Haagensdtr. Loveroe - 22 år
Utflytta til Solum, Telemark. Meldt utflytting frå Hovin 1885.
Utflytting: Aslaug Haagensdotter.
Aslaug var født 20. august 1863. Ho var dotter til Haagen Haagenson og Aagot Gjermundsdotter i Loveroe (Hvammen)
Aslaug meldte flytting til Solum. I juni 1885 gifta ho seg med Kristen Severinsen i Solum. Eg har ikkje leita mykje, men eg finn ikkje Aslaug etter at ho gifta seg.
1886 - Asloug Andresdtr. Nappegaard - 26 år
Utflytta til Tinn. Meldt utflytting frå Hovin 2. januar 1886.
Utflytting: Aslaug Andresdotter.
Aslaug reiste til Austbygde for å gifte seg med Gaute Svendsson. Dei budde på Øyaland i Austbygde. Aslaug døde der i 1935.
1887 - Ingebjørg Andresdtr. Nappegaarden - 24 år
Utflytta til Tinn. Meldt utflytting frå Hovin 21. februar 1887.
Utflytting: Ingeborg Andresdotter.
Ingeborg gifta seg med Kittil Halvorsson Bøen. Dei busette seg på Bøen mellom i Tinn Austbygd. Då Kittil døde ein gong mellom 1892 og 1895 gifta Ingeborg seg på nytt med Torstein Olsson. De flytta til Haugetrå i Gransherad. Ingeborg døde på Feten i 1952.
1887 - Eilef Olsen Jore - 31 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 9. april 1887.
Utflytting: Eilef Olsson.
Eilef meldte utflytting frå Hovin for å reise til Amerika. Eg har ikkje funne han i emigrantprotokollane, og heller ikkje i Amerika etter at han reiste frå Hovin.
1887 - Asloug Johannesdtr. Løvvigen - 33 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 1. mai 1887.
Utflytting: Aslaug Johannesdotter.
Aslaug skal ha gifta seg med Ole Olsson Nørstegard Langerud på juleftan same året som ho kom til Amerika. I fylgje Find A Grave og FamilySearch gifta ho seg på nytt med Hans Hansson Solbring etter at Ole døde. Det er mykje som kan tyde på at dette stemmer, og dersom dette er rett så døde Aslaug i Winsor, Clearwater, Minnesota i 1943.
1887 - Ole Høljesen Hokkedalen - 26 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 9. mai 1887.
Utflytting: Ole Høljesson.
Ole var eldste son i syskenflokken på ti. Han meldte utflytting for å reise til Amerika i 1887. Han reiste med S. S. Germanic frå Kristiania, og reisemålet var Callender, Iowa.
Etter dette har eg ikkje funne noko meir om Ole.
Oles bror Halvor f. 1865. meldte utflytting til Amerika i 1888, men han må ha kome tilbake til Noreg før 1914.
Oles veslebror, Gjermund f. 1880, reiste til Amerika i 1902.
1887 - Astrid Jonsdtr. Dammen - 29 år
Utflytta til Fiskum. Meldt utflytting frå Hovin 15. august 1887.
Utflytting: Astrid Jonsdotter Dammen.
Astrid hadde fire systrer som vaks opp, og alle flytta ut av bygda. Astrid reiste til Fiskum, og gifta seg med Kristen Kristensen. Dei busette seg i Fiskum og fekk i alle fall fem barn.
Astrid døde i 1915 og vart gravlagd ved Haug kyrkje.
1888 - Jakob Jonsen Tveten - 22 år
1888 - Østen Jonsen Tveten - 18 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 13. april 1888.
Utflytting: Jacob og Østen Johnsson.
Jacob er eldste son i syskenflokken og han reiste til Amerika med skipet Rollo den 27. april 1888. Reisemålet var Decorah. Broren Østen, f. 1870, reiste saman med han.
Far og systrene til Jacob og Østen kom etter i 1889.
Eg trur eg finn Jacob og broren Østen i Hill, Price, Wisconsin i 1910. Etter det finn eg ikkje noko om brødrene.
1888 - Halvor Høljesen Hokkedalen - 23 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 23. april 1888.
Utflytting; Halvor Høljesson Haukedalen.
Halvor reiste til Amerika i 1888. I fylje Hølje Bøen skal han då ha reist til Seattle, Washington. Han må ha kome heim til Noreg omkring 1910 – 1914. I 1914 gifta han seg med Lisbet Kittilsdotter Sønstegard. Ved vielsen oppgav han å være rentenist. Han reiste på forretningsreise til New York i 1924. Då oppgav han at han var amerikansk statsborgar. Han reiste også til Amerika i 1926 og i 1931. På desse reisene kalla han seg Halvor Dahl.
Avisa Telen skreiv i 1949 då Halvor døde:
«Som ganske ung reiste han fra heimen, Haukedalen og til Amerika og der oppholdt han seg i en årrekke, men var hjemme fire ganger før han slo seg til ro, så han har altså krysset Atlanteren 8 ganger. I Amerika drev han med alt mulig, han var på gullgraving i Alaska, var bas for tømmerfløtning i stor målestokk og drev også farming».
1889 - John Jakobsen med to døtre
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 28. mai 1889.
Utflytting: John Jacobsson og døtrene Birgit og Judith.
Johns kone, Gunhild Østensdotter frå Øverbakke, døde ved sjølvmord i 1886. John og familien budde på Tveito, eller kanskje på Bruflot. Sønene Jacob og Østen hadde reist til Amerika i 1888, og no følgde John og døtrene Birgit og Judit etter.
Judith gifta seg med Nels E. Nelson. Dei fekk fire barn. Judith døde i Ashton, Spink County, South Dakota i 1958.
Birgit har eg ikkje funne noko meir om etter at ho reiste frå Noreg.
I 1910 finn eg John og sønene Jacob og Østen i Hill, Price, Wisconsin. Etter dette finn eg ikkje noko meir om dei.
1889 - Nils Jonsen Rui - 21 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 20. februar 1889.
Utflytting: Nils Jonsson Rue.
Nils var nummer tre i syskenflokken på sju frå Rue mellom. Av dei var det berre Andres og Ole som vart buande i Hovin, resten reiste til Amerika.
Nils gifta omkring 1896 seg med Ingebjør Helleksdotter Ligarden frå Austbygde. Mor til Ingebjør var frå Hovinbøle. Dei busette seg i Norway Township, Kittson, Minnesota og dei fekk mange barn.
Nils døde i 1963 i Kittson, Minnesota.
Kjelder:
Forsidebilete: Jørisdal i Hovin. Det gamle fjøs.
Digitalarkivet.no
Hovinsoga – Gardar og Ætter.
Hovinsoga 1987. Sauro, Herbjørn K. | Rue, Ole Godtfred | Urdal, Olav H.
Tinn soga 2. Einung, H. H.
Gransheradsoga. Tjønnås, Ketil | Nisi, Aaste | Quamme, O.A.
Hitterdalsboken : gaarde og slegter. Holta, O. H.
History of the Norwegian people in America. Ole Morgan Norlie