DEI SOM REISTE
Utflytta frå Hovin i Telemark
1873 - 187.
Utvandra til Amerika i 1873
- Menn: 3
- Kvinner: 5
- Barn: 5
Utvandra til Amerika i 18..
- Menn:
- Kvinner:
- Barn:
Ei økonomisk krise i Amerika omkring 1873 kan ha førd til stopp i utvandring frå Hovin og frå resten av Noreg. I åra 1874 – 1875 var det ingen som utvandra til Amerika. Unntaket var Margit Gjermundsdotter Sønstegard som var født i Hovin, men som utvandra frå Tinn i 1875. Frå 1876 byrja utvandringa så smått å ta seg opp igjen.
Dette er dei som reiste:
1873 - Aslaug Olsdatter Sauro - 23 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 14. mai 1873.
Utflytting: Aslaug Olsdotter Sauro.
Aslaug var dotter til Ole Sveinsson og Ingeborg Halvorsdotter Sauro. Halvsystera hennar, Gunhild Hansdotter Rue, hadde reist året før, i 1872. Systera døde i Fillmore, Minnesota.
Eg har ikkje funne Aslaug etter at ho meldte utflytting frå Hovin.
1873 - Gullik Halvorsen og Aslaug Kittilsdatter Haugen med tre barn
Utvandra til Amerika. Medlt utflytting frå Hovin 14. mai 1873.
Utflytting: Gunleik, Aslaug og barna.
Gunleik og Aslaug reiste frå Hovin med barna Halvor 6 år, Kittil 4 år og Gro 2 år.
Eg trur det er Gunleik sitt gravminne i Brandt, Deuel, South Dakota. Og då truleg sonen Halvor sitt gravminne i Pierce County, North Dakota.
1873 - Gjermund Høljesen og Ingebor Høljesdatter Midgaarden med ein son
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 25. mai 1873.
Utflytting: Gjermund, Ingeborg og sonen Hølje.
Gjermund og Ingeborg reiste saman med sonen Hølje som då var 18 år gamal. Dottera Aslaug, f 1864, hadde gifta seg med Kittil Høljesson og dei reise saman med foreldra til Aslaug (sjå under).
I 1896 døde Ingeborg og vart gravlagt på Lincoln Cemetery, Ridgeway, Winneshiek, Iowa. Gjermund blei gravlagt same stad i 1912.
1873 - Kittil Høljesen og Aslaug Gjermundsdatter Jore med ei dotter
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 25. mai 1873.
Utflytting: Kittil og Aslaug.
Kittil og Aslaug reiste med dottera Margit 1 år gamal.
Aslaug var dotter til Gjermund Høljesson og Ingeborg Høljesdotter (sjå over). Ho reiste samen med foreldra sine til Amerika saman med mannen sin Kittil Høljesson frå Gransherad.
Aslaug døde i Winneshiek, Iowa i 1927. Dottera Margit finn eg ikkje noko meir om, men Kittil og Aslaug fekk fleire barn i Amerika (sjå gravminne for Aslaug)
1873 - Margit Gunnufsdatter Hovinbøle - 23 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 25. mai 1873.
Utflytting: Margit Gunnulfsdotter Hovinbøle.
Margits bror, Herbjørn og familien hans, hadde reist til Amerika i 1871. Eg fann ikkje noko meir om han då.
Eg har kanskje funne Margit, men det er fleire spørsmål som saknar svar her. Om det er rett Margit så må ho ha vore ugift og gravid i 7. månad då ho reiste.
I fylje United States, Census, 1880 fekk denne Margit sonen Gunoff Evenson (namn i folketeljinga 1880) i 1873. Ho vart gift med Even Evenson i 1874. Dei budde i Burnside, Trempealeau, Wisconsin og fekk mange barn. Den fyrste dottera vart kalla Ingeber Evenson i folketeljinga.
Dette må eg kome tilbake til og leite meir. Det kjem heile tida nye opplysningar.
1873 - Gunne Jonsdotter Dammen - 19 år
Utflytta til Våle. Meldt utflytting 16. juni 1873.
Utflytting: Gunne Jonsdotter.
Gunne og systera Margit meldte utflytting frå Hovin same dagen i juni 1873. Gunne reiste til Våle i Vestfold.
Der vart ho gift i 1890 med Martinius Kristian Larsson Kranstad og fekk tre barn. Gunne døde på Ramnes i Vestfold i 1934.
1873 - Margit Johnsdatter Dammen - 17 år
Utflytta til Eiker. Meldt utflytting 16. juni 1873.
Utflytting: Margit Jonsdotter.
Systrene Margit og Gunne (sjå over) reiste nok begge ut for å søke teneste. Margit meldte utflytting til Eiker i Buskerud. Ho kom til Fiskum i Øvre Eiker. Margit gifta seg i 1882 med Theodor Jensen. Dei fekk sju barn som eg har funne så langt. Margit døde på Fiskum, Øvre Eiker i 1938.
1873 - Gjermund Gjermundsen - 31 år
Utflytta til Gjerpen. Meldt utflytting frå Hovin 18. oktober 1873.
Utflytting: Gjermund Gjermundsson.
Gjermund meldte utflytting til Gjerpen, men det ser ut til at han kom til Lunde i Telemark. Han gifta seg med Anne Olsdotter Bjørndalen i 1873. Dei melde uyflytting til Gjerpen i januar 1875. Ved folketeljinga i 1875 budde dei på Borge i Gjerpen.
Etter dette har eg ikkje funne Gjermund og Anne.
1874 - Ingebjør Tovsdtr. Hovinbøle - 18 år
Utflytta til Tinn. Meldt utflytting frå Hovin 1874.
Utflytting: Ingeborg Tovsdotter.
Ingeborg meldte utflytting til Tinn for å gifte seg med Østen Jonsson Svimbil. Dei resiste sidan til Amerika i 1880. Ingeborg døde i Norway, Kittson, Minnesota i 1910.
1875 - Margit Gjermundsdr.
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Tinn 10. mai 1875.
Utflytting: Margit og familien.
Margit flytta frå Sønstegard for å gifte seg med Lars Hansson frå Atrå. Dei reiste til Amerika året etter giftermålet. Med seg hadde dei dottera Margit på 4 månader.
Dei to neste barna blei født i Minnesota. Ved folketeljinga i 1900 budde dei i Miner, South Dakota.
1876 - Birgit Johnsdtr. Dammen - 24 år
Utflytta til Eiker. Meldt utflytting 21. mars 1876.
Utflytting: Birgit Jonsdotter.
Birgit hadde nok reist ei tid før ho no meldte utflytting frå Hovin. Ved folketeljinga i 1875 var ho i teneste på Skarrud, Fiskum, Øvre Eiker. Flytteattesten måtte ho nok ha no fordi ho skulle gifte seg.
Systrene til Birgit, Margit og Gunne, hadde meldt utflytting høvesvis til Eiker og til Våle i Vestfold i 1873.
Birgit vart som sagt gift i 1876 med Olavus Nielsen Skarrud. Dei fekk ein son og budde på Fiskum, Eiker. Olavus døde tidleg og Birgit gifta seg på nytt med Anders Paulsen. Dei fekk også ein son. Birgit døde på Darbu, Buskerud i 1915.
1876 - Andres Halvorsen og Ingebjør Olsdatter Hovdestul med fire barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 25. april 1876.
Utflytting: Andres og Ingeborg frå Hovdestul.
Ingeborg Olsdotter var født på Hovdestul og overtok garden etter foreldra sine. I 1866 gifta ho seg med Andres Halvorsson Korperud frå Flesberg. Han skal i fylje Flebergboka ha vore staut og kjekk, men han skal ha «handla bort Hovdestul for hestar og brennevin».
Dei reiste med barna Halvor 10 år, Ole 7 år, Margit 5 år og Ingebjørg 1 år.
I 1880 held dei til i Hartland Township, Worth, Iowa, og der ser det ut til at familien blir buande. Ingeborg døde i 1896 og Andres i 1922.
1876 - Kittel Alfsen og Ingebjør Johannesdtr Græsdalen med tre barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 20. mai 1876.
Utflytting: Kittil og Ingebjørg Grasdalen.
Kittil og Ingebjørg reiste med barna Thora 6 år, Margit 4 år og Gunne 1 år. Etter at dei kom til Amerika ser det ut til at dei fekk minst ni barn til. Ved folketeljinga i 1900 budde dei i Rutland, Lake, South Dakota. Kittil døde i Sanborn County i 1918. Ingeborg døde i Lake County i 1934. Begge var gravlagde på Lake Madison Lutheran Cemetery, Rutland, Lake, South Dakota.
1877 - Turi Alfsdatter Øverbakke - 30 år
Utflytta til Tinn. Meldt utflytting i januar 1877.
Utflytting: Turi Alfsdotter.
Turi reiste til Tinn for å gifte seg med syskenbarnet sitt Lars Alfsson. Dei budde i Tinn nokre år før dei utvandra til Amerika i 1885. Dei reiste med barna Margit, Ole, Alf og Kittil. Reisemålet var Minnesota. Broren Kittil med familie reiste i 1876. (sjå over).
Systera til Turi, Tora Alfsdotter, og bror til Lars, John Alfsson, vart gift i 1872 og budde mange år i Atrå. Dei reiste til Amerika i 1897. Dei kom truleg til Brookings, South Dakota. (Eg er likevel litt i stuss over valget av namn, men har ikkje undersøkt det nærare.)
1878 - Niri Svensen Rui - 27år
Utflytta til Tinn. Meldt utflytting 25.06.1878.
Kjelder:
Forsidebilete: Hovinbøle i Tinn – Opstue med fire senge – umalt furuvirke. Fortids kunst i Norges bygder.
Digitalarkivet.no
Hovinsoga – Gardar og Ætter.
Hovinsoga 1987. Sauro, Herbjørn K. | Rue, Ole Godtfred | Urdal, Olav H.
Tinn soga 2. Einung, H. H.
Gransheradsoga. Tjønnås, Ketil | Nisi, Aaste | Quamme, O.A.
Hitterdalsboken : gaarde og slegter. Holta, O. H.
History of the Norwegian people in America. Ole Morgan Norlie