DEI SOM REISTE

Utflytta frå Hovin i Telemark

1862-1869

I 1891 starta den amerikanske borgerkrigen. Det vart ein brå nedgang i emigrantar dei neste åra. I 1862 reiste det to familier. Dei neste åra var det ingen emigrasjon frå Hovin før i 1868. Då reiste ein ungkar.
Dei som reiste i åra 1863-67 kom til Buskerud, Vestfold og andre stader i Telemark. 

I 1869 tok trafikken til Amerika seg kraftig opp. tilsaman 24 personar reiste frå Hovin for å emigrera til USA i 1869. 

Utvandra til Amerika i 1862

  • Menn: 1 (2)
  • Kvinner: 2
  • Barn: 13

Utvandra til Amerika i 1868

  • Menn: 1
  • Kvinner: 0
  • Barn: 0

Utvandra til Amerika i 1869

  • Menn: 6
  • Kvinner: 7
  • Barn: 11

Dette er dei som reiste:

1862 - Niels Hansen og Aasne Larsdatter Olesrud med 3 barn

Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 4. april 1862
Utflytting: Nils og Aasne frå Olesrud

Nils og Åsne var godt opp i 50-åra då dei meldte utflytting for å reise til Amerika. Med seg hadde dei barna Margit 22 år, Lars 15 år og Hans 13 år.
Døtrene Aslaug og Helge hadde reist til Vestfold, men begge reist etter kvart til Amerika. 
Eg har funne fleire av barna, men ikkje Nils og Åsne etter at dei reiste frå Hovin.

1862 - Gunhild Thoresdatter Sauro med 10 barn

Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 5. april 1862. 
Utflytting: Gunhild og barna

Gunhild var født på Ullern i Atrå. Ho vart gift med Kittil Olsson Bakka. Dei budde på Sauro i mange år. Hovin soga fortel at Kittil etterkvart fekk for mykje gjeld og måtte selje garden. Gunhild reiste til Amerika, men ektemannen Kittil er ikkje nemd i utflyttarprotokollen. Eg finn ikkje Kittil som avdød i Hovin, så han reiste truleg også saman med familien. 
Sonen Nils hadde meldt utflytting, men han reiste nok ikkje denne gongen. I 1865 var han tjenestedreng på Tveito. Han reiste til Amerika saman med sin bror Thore i 1869.

Gunhild reiste i 1862 med barna Ingebjør 23 år, Ole 19 år, Gunlek 17 år, (Niels 14 år), Anne 12 år, Aslaug 10 år, Kittel 7 år, Gunhild 7 år, Østen 5 år og Ingebjør 2 år.

Det er lite dokumentasjon, men Gunhild Thoresdotter vart nokså sikkert gravlagt på Bethlehem Memorial Cemetery, Ulen, Clay i Minnesota i 1894. Der blir det oppgitt at Kittil døde i Wisconsin i 1863.

1862 - Ole Torgersen - 32 år

Utflytta til Tinn. Meldt flytting 26. mai 1862.
Utflytting: Ole Torgersen frå Stæne/Flåto

Ole var født i 1830 og var son til Torgeir Olsson og Ingebjørg Reiarsdotter. Dei budde ei tid på Flåto, men flutte til Stæne. Hovin var no ein del av Gransherad prestegjeld, og då Ole skulle gifte seg med Liv Gjermundsdotter frå Tinn måtte han melde utflytting frå Hovin og innflytting til Tinn.
Dei gifta seg i juni 1862. Liv døde tidleg, og Ole gifta seg på nytt i 1873 med Anne Olsdotter og busette seg då i  Solli under Bøen i Hovin.
Ole døde i 1911.

1862 - Anne Torgersdt. Sauro - 21 år

Utflytta til Botne, Vestfold. Meldt flytting 22. september 1862. 
Utflytting: Anne Torgeirsdotter

Anne flytta til Vestfold for å gå i tjeneste. I 1878 fekk ho ein son med Elias Sell frå Sverige. Dei vart ikkje gift. 
Ved folketeljinga i 1910 bur Anne hjå sonen Thorvald Reinhard og kona hans. Anne døde på Kongsteigen i Våle i 1913.

1863 - Ingeborg Torgersdtr. Stæne - 26 år

Utflytta til Laurdals Prgld. Meldt utflytting frå Hovin 10. august 1863. 
Utflytting: Ingeborg Torgersotter

Ingeborg var født i 1837 i Vasenden og var dotter til Torger Olsson og Ingeborg Reiarsdotter Flåto/Stæne. 
Ho vart konfirmert 
i 1853
Eg har funne Ingeborg som gift (
1863) med Borger Pedersen i Smukstad vestre, Larvik ved folketeljinga i 1891. Då hadde dei ei dotter, Karoline, født i 1874.
1900 finn vi framleis Ingeborg på Smukstad/Bagli i Larvik.
Ingeborg døde 
19. november 1907 

1866 - Hellik Helliksen og Thora Taraldsdtr. Knibetag med Thoras dotter, Gro Kittilsdotter

Utflytta til Flesberg. Meldt flytting 06. mars 1866. 
Utflytting Hellek og Thora

Hellek var frå Flesberg. Han gifta seg med Thora Taraldsdotter frå Knipetak i Austbygde. Thora hadde mykje familie i Hovin, og dei vart gift i Hovin. Thora var syster av mi tippoldemor Mari Juve.
Dei flytta nok truleg til Flesberg ei tid før dei meldte utflytting frå Hovin, for i 1865 finn vi familien på Brekke i Flesberg. Dei trong nok flyttemeldinga då Thoras dotter Gro skulle bli konfirmert og skulle førast inn i kyrkjeboka i Fleberg. Det ser ikkje ut til at Thora og Hellek fekk barn.

1867 - Gro Olsdt. Dalene (Broflaat) - 22 år

Utflytta til Fedt. Meldt utflytting 29. september 1867.
Seinare utvandra til New Zealand (1872).
Utflytting frå Hovin: Gro Olsdotter Dålån

Gro meldte utflytting til Fet Prestegjeld i Akershus i 1867. I innflytterprotokollen for Fet sogn står det at ho kom til Tønnerud «for å tjene». I 1869 fekk ho sonen Olaf med Olaves Olsen frå Aker.
Dei gifta seg i Fet kirke januar 1870. I juli 1872 melde familien utflytting for å reise til New Zealand. Etter dette finn eg ikkje noko meir om dei. I Hovinsoga står det at Gro utvandra til Australia.

1867 - Anne Olsdt. Hysinglien - 37 år

Utflytta til Lier Prgld. 2. november 1867.
Utflytting: Anne Olsdotter Hysinglie

Anne vart født i 1830. Ho vart født i Midtgarden og foreldra var Ole Gunleiksson Mogen og Marit Eilefsdotter Hysinglie. Familien kom til Søndre Hysinglie, og der vart foreldra buande til dei døde. Anne var den eldste av seks sysken.
Anne vart 
konfirmert i 1846
1869 gifta ho seg i Tranby kirke med enkemann Lars Andersen Sørumaas. Han var over 20 år eldre enn Anne. Dei fekk dottera Thora f. 1869. og sonen Ole f. 1870
Ved folketeljinga i 1875 budde Anne og barna på Aasen. Anne var då enke og bygselskone. Ektemannen Lars Andersen hadde truleg døyd i 1873 av eit «mavetilfelde». 
Eg har ikkje funne noko sikkert om Anne eller barna etter 1875.

1867 - Gunhild Torgersdtr. Sauro - 22 år

Utflytta til Botne i Vestfold. meldt utflytting 17. desember 1867. 
Utflytting: Gunhild Toregeirsdotter Ullern Sauro

Ved folketeljinga i 1865 budde Gunhild på Hvidsten i Botne. Då var det mange unge, ugifte frå Tinn og Gransherad som var i teneste på forskjellige gardar i Botne.
I 1867 meldte ho utflytting frå Hovin til Botne. Ho hadde då truleg bruk for attest for å flytte, utvandre eller for å gifte seg, men etter dette har eg hittil ikke funne noko meir om Gunhild. 

1868 - Halvor Ambrosen Dalen - 27 år

Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 4. juni 1868. 
Utflytting: Halvor Ambrosson Brenna

Halvor var oppvaksen på Brenna under Hovdestul. Då han meldte utflytting for å emigrere til Amerika kjem han frå Dalen. Dette kan være Holmestuldalen der far hans kom frå, og der Halvor var født.
Eg har ikkje funne Halvor etter at han reiste frå Hovin.

1868 - Margith Alfsdtr. Græsdalen - 25 år

Utflytta til Tinn. Meldt utflytting 13. oktober 1868. 
Utflytting: Margit Alvsdotter Grasdalen

Margit var født i Grasdalen og i 1868 meldte ho utflytting frå Hovin til Tinn for å gifte seg med Halvor Halvorsson frå Tinn.
Dei flytta mykje rundt i Tinn, Hovin og Gransherad. Alle barna var født på forskjellige plassar.
Margit døde av lungebetendelse i 1881 på Jordet i Tinn. Ho etterlot seg mann og ein stor barneflokk der yngste barnet var eitt år gamal.
Halvor gifta seg med Margits syster Sigrid i 1885, og i 1892 emigrerte dei til Minnesota med yngste sonen Alf. Barna Tora, Ole, Halvor og Ragnhild hadde då reist i 1890.

1868 - Lars Ingebretsen Sanden - 25 år

Utflytta til Arendal. Meldt utflytting 10. november 1868. 
Utflytting: Lars Ingebretsen.

Lars var født i Sanden i Rudsgrend og døpt i Hovin kyrkje i 1843. Han var son til Ingebrigt Tovsen og Barbro Hansdotter. Han meldte utflytting frå Tinn, så familien kan ha flytta til Tinn før endringa i prestegjeld.
Lars meldt utflytting til Arendal. Eg finn ikkje Lars i Arendal, men ved folketeljinga i 1900 bur han i Kristiania og er gift med Anne Marthine Ingebretsen frå Asker. Yrke er oppgjeve som «Hude og Skindforretning.» Då hadde dei ein son, Ingebret Ingebretsen, født i 1877.
Ved folketeljinga i 1920 finn eg han framleis i Kristiania. Då er han «Hud og skind grosserer» i Grønlandsleiret 23. Han var enkemann og budde der med en husholderske.

1869 - Thore Kittelsen Bakka - 28 år

Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 30. mars 1869. 
Utflytting Thore Kittilsson Sauro

Tores mor og søsken reiste til Amerika 1862. Mor, Gunhild, døde i Minnesota i 1894. Thore var i teneste på Bakka, og no reiste han samen med bror sin, Nils.
Eg finn Tore som død i 1906. Då var han i Iowa Township, Crawford i Iowa. Han gifta seg ikkje. Det var G. Kettleson som blei oppgitt som informant på dødsattesten. 

1869 - Niels Kittelsen Tveten - 21 år

Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 30. mars 1869. 
Utflytting Nils Kittilsson Sauro

Nils som var tenestedreng på Tveito og broren Thore (sjå over) følgde etter mor og sysken som hadde reist i 1892. 
Nils gifta seg med Sigrid Thorsensdatter Lunder. Dei budde i Minnesota og hadde tre barn ved folketeljinga i 1900. Sigrid (Sarah) døde i 1907. Nils døde i Lake Park, Becker, Minnesota i 1913.

1869 - John Torgersen Tveten - 20 år

Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 30. mars 1869. 
Utflytting: Jon Torgeirsson Ullern Sauro

Jon vart født på Ullern, men familien kom til Sauro omkring 1850. Han hadde mange sysken, som alle reiste frå Hovin. Nokon emigrerte til Amerika og andre reiste til Vestfold.  Eg har ikke funne noko meir om Jon etter at han reiste frå Hovin.

1869 - Aslaug Olsdtr. Tveten - 20 år

Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 30. mars 1869. 
Utflytting: Aslaug Olsdotter Tveito

Aslaug reiste i fylgje med fleire andre ungdomar i 1869. Ho vart gift med Herman Hansson Hetager frå Nannestad. De fekk minst 10 barn. Aslaug døde i Yellow Medicine i Minnesota i 1913.

1869 - Svanaug Andresdtr. Vastvedt - 23 år

Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 30. mars 1869.
Utflytting: Svanaug Andresdotter

Svanaug reiste saman med dei andre ungdomane få Hovin. 
Eg har ikkje funne Svanaug etter at ho reiste frå Hovin. 

 

1869 - Aasne Knudsdtr. Vastvedt - 73 år

Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 5. april 1869. 
Utflytting: Aasne Knutsdotter frå Vastveit

Åsne vart enke i 1858, og alle barna, med unntak av Hellek, hadde reist til Amerika på 50-og tidleg 60-talet. Dei barna som eg har funne kom til Iowa. No reiste Åsne saman med sonen Hellek og familien hans. Dei reiste frå Skien den 15. april.
Eg har ikkje funne Åsne etter at ho gjekk i land i Quebec den 5. juni 1869.

 

1869 - Hellik Gulliksen og Ragnhild Olsdatter Dybedal med 3 barn

Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 5. april 1869. 
Utflytting: Hellek, Ragnhild og barna

Hellek og Ragnhild reiste med barna Gunleik 7år, Åsne 3 år og Gunne 1 mnd. Helleks mor, Åsne, reiste også no.
Dei reiste med barken «Skien» frå Skien den 15. april. 
I dottera Gunnes og sonen Gunleiks nekrologar kan ein lese at Hellek døde på overfarten til Amerika.
Ragnhild og barna kom fyrst til Minnesota, og Ragnhild gifta seg på nytt med 
Anders Andersson Heslien frå Krødsherad. Seinare busette dei seg i Nord Dakota. Eg har ikkje funne dottera Åsne etter at dei kom til Amerika. 

1869 - Gunlek Herbjørnsen og Aslaug Olsdatter Tveten med 5 barn

Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 5. april 1869. 
Utflytting: Gunleik, Aslaug og barna

Gunleik og Aslaug kjøpte Nilse-Sauro og budde der nokon få år før han kjøpte Øverbakke. Ikkje lenge etter selde han også Øverbakke for å emigrera til Amerika. Dei reiste med barna Gunhild 14 år, Herbjørn 12 år, Ingeborg 10 år, Anne 6 år og Birgit (eller kanskje Aslaug) 3 år. 
Dottera Birgit som er oppført i utflytterprotokollen hadde ei tvillingsyster som heitte Aslaug. Aslaug døde då ho var eit halvt år gamal. Men det er Aslaug som kjem til Amerika, ikkje Birgit. Det kan være presten som har notert feil namn på jenta som døde.
Dei busette seg i 
Yucatan Township, Houston, Minnesota. Gunleik døde i 1894, og Aslaug i 1915.

1869 - Anne Halvorsdtr. Nygaard med 3 barn

Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 5. april 1869. 
Utflytting: Anne Halvorsdotter og barna

Anne var født i 1841 og var dotter til Halvor Torgersen Nygård og pigen Birgit Vilhelmsdotter. 
Anne gifta seg i 1858 med Ole Halvorsson frå Flesberg. Ved folketelinga i 1865 budde dei på Nygård.
Anne er oppført som «kone» då ho reiser aleine med barna; Birgit Olsdotter 10 år, Halvor Olsson 7 år, Ingeborg Olsdotter 4 år
Etter mykje søk etter ektemann og far, Ole Halvorsen, trur eg at eg har funne han som utvandra til «Milwaukee» den 14. juli 1867, og då finn eg han også i DigitalarkivetHan har altså reist i førevegen. 
Eg har ikkje funne familien i Amerika.

1869 - Gunhild Olsdatter Dybedal - 26 år

Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 6. april 1869. 
Utflytting: Gunhild Olsdotter Kleven

Gunhild var født i Atrå. Ho var syster til Ragnhild Olsdotter, gift med Hellek Gunleiksson Vasstveit, som reiste same året. Systera kom til Minnesota, og seinare Nord Dakota, men eg har ikkje funne Gunhild. 

1869 - Hans Hansen Hove - Enkemand 27 år

Utvandra til Amerika. Meldte ikkje utflytting frå Hovin, men registrert i «Emigranter over Oslo» 16. april 1869.
Utflytting: Hans Hansson Hove

Hans Hansson Hove gifta seg med Ingeborg Østensdotter frå Bujordet i 1866. Året etter døde Ingeborg «paa Barselseng, 3 Timer efter Fødselen». Barnet var dødfødt. 
Hans reiste til Amerika med reisemål Red Wing. Han oppgav som yrke å være «snedker». 
Foreldra hans og fleire sysken hadde reist til Houston County i Minnesota, men eg har ikkje funne Hans etter at han reiste.

1869 - Liv Gjermundsdtr. Graver - 24 år

Utflytta til Tinn. Meldt utflytting frå Hovin 31. oktober 1869.
Utflytting: Liv Gjermundsdotter Graver

Liv reiste til Austbygde for å gifte seg med Ole Olsson Lurås-Rue. Dei fekk to barn. Ole døde tidleg, og Liv gifta seg på nytt med Bjørn Bjørnsson frå Moen i Heddal. Dei vart buande på Lurås-Rue, og i 1891 hadde dei fire barn. 
Liv vart gravlagt i Hovin i 1924. 

Eg finn ingen fleire opplysningar om resten av familien etter folketeljinga i 1891. Austbygde kyrkje vart innvigd i 1888, og på Arkiverket står det at Kyrkjeboka for Tinn Austbygd frå 1889 og framover er ikkje innlevert til Arkivverket.

Kjelder
Forsidebilete: 
Skibdalen.
Digitalarkivet.no
Hovinsoga – Gardar og Ætter
Hovinsoga 1987
Tinn soga 2
Gransheradsoga
Hitterdalsboken : gaarde og slegter
Ole Morgan Norlie: History of the Norwegian people in America