DEI SOM REISTE
Utflytta frå Hovin i Telemark
1860-1861
Frå 1860 blir det ikkje lenger ført eigne kyrkjebøker for for utflytta frå Hovin. Dette betyr at ein må leite etter Hovins utflyttarar i kyrkjebøkene frå Gransherad og Tinn. I 1860 blei Gransherad og Hovin slått saman til eit prestegjeld. Tidlegare hadde Granherad vore eit sogn i Hjardal Prestegjeld, og Hovin var eit sogn i Tinn. Dette ser ut til å ha skjedd omkring midten av 1860.
Forsidebilete. Her er huset til Østen Olsson og Birgit Hansdotter Haugen som meldte utflytting i 1861. Dei bygde opp farmen og budde der til omtrent 1920. Farmen vart selt og vart kalla «Little Norway.» Det vart ein mellomting mellom museum og fornøyelespark i Blue Mounds, Wisconsin. Little Norway er desverre no nedlagt.
Kjelder i Amerika
Eg refererer her berre til kjelder der det er gratis tilgang. Minner om at det er gratis å skaffe seg ein brukerprofil hjå FamilySearch. Med ein slik profil vil du kunne sjå kjeldene for mange av utvandrarane frå Hovin.
Kjelder frå FindAGrave kan gje mykje informasjon. Ofte udokumentert, men likevel nyttig då denne informasjonen ofte kan være lagt til av familiemedlemmer eller folk som kjenner personen/familien.
Amerikabrev frå 1861
I 1861 reiste mange til Amerika. I Hovinsoga kan vi lese nokon av breva som vart sendt heim dette året.
Hovinsoga. Avskrift: Amerikabrev fra 1861.
Utvandra til Amerika i 1860
- Menn: 8
- Kvinner: 7
- Barn: 18
Utvandra til Amerika i 1861
- Menn: 11
- Kvinner: 12
- Barn: 31
Dette er dei som reiste:
1860 - Herbjørn Hansen og Gro Halvorsdatter Rui med sju barn
Utvandra til Amerika. Utflytta 22. mars 1860.
Utflytting: Herbjørn og Gro. og dei sju barna.
Herbjørn Hansson frå Rue gifta seg i 1846 med Gro Halvorsdotter Sauro. Dei hadde fått heile sju barn som alle levde i 1860, då familien utvandra til Amerika.
Dei sju barna var i alderen 1 til 14 år. Det må ha kosta mykje pengar å kjøpe billettar til denne store familien.
I Amerika tok dei namna Harmon/Herman og Julia.
Dei kom fyrst til Leland, LaSalle, Illinois. Der skal dei ha budd frå 1860. Dei fekk fem barn i Illinois. I 1870 skal familien ha flytta til Silver Creek, Burt i Nebraska.
Mange av kjeldene etter at dei kom til Amerika er merka med «family records». Gro har her fått namnet Julia Mathilda Kittilson med fødselsdato 1823. Ingen i Hovin hadde dobbelt fornamn, så dette er litt merkeleg. Det var heller ingen Gro Kittilsdotter som vart født i 1823. Eg trur derfor at «Julia» og «Julia Mathilde Kittilson» er ein og same person; Gro (Julia) Halvorsdotter Sauro f. 1825. Alle norske kjelder tyder på dette. Om Gro døde og Herbjørn gifta seg på nytt med ei som heitte Julia Mathilde Kittilson, så er det ingen kjelder som tyder på det så langt. Desse opplysningene er henta frå FamilySearch.
Herbjørn er bror av mi tippoldemor Margit Hansdotter Rue.
1860 - John Petersen Rui - 56 år - truleg ikkje reist.
Utvandra til Amerika. Utflytta 24. mars 1860. Usikkert om han reiste. Han var i allefall tilbake i 1865.
Utflytting: John Petersson.
John var son til Peter Jonsson og Sonnev Torsdotter Rui i Rudsgrend. Han var født i 1804.
John gifta seg fyrst med Birgit Hansdotter Hovda. Ho døde, kanskje i barselseng, i 1836. Dei fekk ein son, født 17. mars 1836.
John vart gift andre gong i 1838 med enka Ingeborg Knutsdotter. Det ser ikkje ut til at dei fekk barn.
I 1860 meldte John utflytting for å reise til Amerka. Det er usikkert om han kom til å reise. Han vart registrert i folketeljinga i 1865 i Rui. Då var det sonen Hans som var eigar av Rui, og John og kona Ingeborg budde der i lag med han. John døde i Rui i 1888.
1860 - Halvor Kittelsen Haave og Gonne Høljesdtr. Vastvedt
Utvandra til Amerika. Utflytta 31. mars 1860.
Utflytting: Halvor og Gunne frå Vasstveit.
Halvor og Gunne gifta seg same dag som dei meldte utflytting frå Hovin for å reise til Amerika.
Gunnes sysken, Halvor og Anne, emigrerte til Amerika i 1852. Dei døde truleg begge i ein koleraepidemi i Muskego same året. Gunnes bror Peter emigrerte i 1852. Systera Sigrid emigrerte i 1859 og systera Ingeborg i 1873. Den einaste i sykenflokken som var værande i Hovin var Ragnhild som gifta seg med Østen Halvorsson frå Dårud.
Halvor hadde også fleire eldre sysken som reiste til Amerika. Det var Kittil (f. 1811), Ole (f. 1821), Gunleik (f. 1825) og Knut (f. 1828).
Halvor og Gunne kom truleg fyrst til LaSalle, Illinois. I 1870 vart dei registrert i folketeljing i Milan, DeKalb, Illinois. Der vart dei truleg buande. Dei fekk fire barn som eg har funne så langt. Dei var født mellom 1862 og 1869.
Gunne og Halvor døde begge, med eit års mellomrom, i Illinois i 1913 og 1914 i flg. FindAGrave.
1860 - Ole Olsen og Birgith Olsdatter Vastvetjore med ei dotter.
Utvandra til Amerika. Utflytta 31. mars 1860.
Utflytting: Ole og Birgit frå Vasstveitjore.
Dette må være Birgit Olsdotter frå Skrindebakke som gifta seg med Ole Olsen frå Åstøen. Dei budde i Vassteitjore då dei meldt utflytting frå Hovin i 1860. Birgit var truleg dotter åt Ole Knudsson og Gro Jonsdotter frå Skrindebakke i Tinn Austbygd. Ole var født i Åstøen i 1827 og var son til Ole Olsen frå Sauland og pige Ågot Gjermundsdotter.
Dei gifta seg i 1855. Dottera Gro var tre år gamal då dei la ut på reisa til Amerika.
Birgit Olsdotter var syster til Ingeborg Olsdotter som var gift med Ole Kittilsson Hove. Dei reiste til LaSalle, Illinois i 1861. Eg har derfor leita etter Ole og Birgit, mest i Illinois, men har hittil ikkje funne dei.
1860 - Halvor Olsen Solli Qvæven og Gunhild Olsdtr. Tveten
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 1. april 1860.
Utflytting: Halvor og Gunhild frå Gvæven.
Gunhild og Halvor gifta seg i 1859. Året etter, våren 1860, meldte dei utflytting frå Hovin for å emigrera til Amerika. Dottera Anne blei født i februar 1860, men ho er ikkje medteken i utflyttingsmeldinga.
Gunhilds bror, Gunleik, reiste saman med dei. Gunhilds far og systera Aslaug fylgde etter i 1861.
Dei fekk sju barn til etter at dei kom til Amerika. Fleire av barna vart født i Goodhue County, Minnesota, USA. Seinare må dei ha flytta til Norway Lake, Kandiyohi, Minnesota. I 1880 budde dei i Arctander Township, Kandiyohi, Minnesota.
Gunhild døde truleg i 1908 i Kandiyohi, Minnesota. Halvor døde i 1916 i Roberts County, South Dakota og er gravlagt på Concordia Cemetery, Roberts County. Det ser ut til at det meste av familien vart buande i Roberts County.
1860 - Ole Gunleksen Vastvedt
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 2. april 1860.
Utflytting: Ole Gunleikson Vasstveit.
Ole var yngste son til Gunleik Halvorsson og Aasne Knutsdotter. Dei budde på Vasstveit.
Systera Ragnhild var den fyrste i syskenflokken som hadde reist, dette var i 1851. Henne veit eg ikkje noko meir om etter at ho reiste frå Hovin.
Syskena Gunne og Hølje hadde reist omkring 1853.
No reiste Ole saman med broren Halvor og kona hans Judith. Syskena til Ole kom alle til Iowa. Eg har ikkje funne noko meir om Ole etter at han reiste frå Hovin.
1860 - Halvor Gunleksen og Judith Østensdtr. Vastvedt med 3 barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 2. april 1860
Utflytting: Halvor og Judith frå Vasstveit.
Halvor var eldste son til Gunleik Halvorsson og Aasne Knutsdotter Vasstveit.
Halvor og Judith gifta seg i 1853, og dei fekk tre barn i Vasstveit før dei meldte utflytting frå Hovin for å reise til Amerika. Saman med dei reiste også Halvors yngste bror, Ole. (sjå over).
I 1880 var dei busett i Winneshiek, Iowa, og dei hadde fått to barn til. Halvor vart registrert som «Farmer». Halvor og Judith vart begge gravlagde i Winneshiek.
Halvors mor, Aasne, reiste til Amerika i 1869 etter at ho vart enke. Då reiste også broren Hellek og hans familie. Hellek døde truleg på overfarten over Atlanterhavet.
1860 - Ole Gjermundsen Bøen og Gro Olsdatter Ødegaarden med 6 barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 2. april 1860.
Utflytting: Ole og Gro med dei seks barna.
Ole var fyrst gift med Aslaug Høljesdotter Grov. Dei fekk fire barn, og tre av dei vaks opp. Aslaug døde i 1839. Halvor gifta seg på nytt med Gro Olsdotter Jørisdal. Ho skal ha vore ein av dei rikaste arvingane i Hovin på den tida og gjekk under tilnamnet «Rike Gro». Ole var nok ikkje så god med pengar, og ikke lenge etter det nye giftermålet var pengane borte og familien var bustadslause og på flyttefot rundt i bygda. Les meir om denne historia i slektstreet til Ole og Gro.
I 1860 reiste dei til Amerika. Dei har med seg seks barn, som ikkje er oppførd med namn i kyrkjeboka.
I 1870 bur dei i DeKalb, Illinoise. Dei kallar seg no Ole og Julia Bean. Dei flytter seinare til Webster, Iowa og blir begge gravlagde på Vinje Cemetery, Webster. Dei fekk ei stor etterslekt.
To av barna frå det fyrste ekteskapet til Ole vart buande i Hovin. Sonen Gjermund utvandra i 1869. Han kom fyrst til Webster, Iowa, men døde i North Dakota.
1860 - Gunlek Olsen Tveten (Kasen)
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 11. april 1860.
Utflytting: Gunlek Olson.
Gunlek var son til Ole Augunsson og Anne Gunleiksdotter og budde truleg på Tveito då han reiste. Ved folketeljinga i 1880 Minnesota finn vi Gunlek og dei tre døtrene hans i Forrest Township i Rice County. Der budde også Guleks far og stemor som hadde utvandra i 1861. Gunlek hadde gifta seg med Synneva Axelsdatter i Rice i 1865, men ho døde i 1873.
Han døde i Henning, Otter Tail, Minnesota i 1917.
1860 - Birgith Gjermundsdatter Sønstegaard - 22 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 11. april 1860.
Utflytting: Birgit Gjermundsdotter Sønstegard.
Eg har ikkje funne opplysninger om Birgit etter at ho meldte utflytting frå Hovin.
1861 - Ole Kittelsen og Ingeborg Olsdtr. Dommerud med 6 barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 9. mars 1861
Utflytting: Ole Kittelsen Dommerud
Ole var født på Hove og Ingeborg truleg på Skrindebakke i Tinn. Ho budde i Bøen i Hovin då dei vart gift, men ho var ikkje født der.
Dei gifta seg i 1841. Dei fekk til saman ni barn, og alle barna er født på forskjellige gardar og bruk rundt om i bygda. To av barna, Ole og Østen døde før dei var året gamle. Eldste sonen Kittil døde 16 år gamal i 1858.
Same året, i 1858, slo dei seg ned i Dommerud. Dei blei ikkje lenge der heller, og i mars 1861 reiste dei til Amerika. Med seg hadde dei barna Ole, Knut, Gunleik, Halvor, Gunhild og Gro.
Ingeborg døde truleg i LaSalle, Illinois i 1861, same året som dei kom til Amerika. Det blir også sagt at ho døde ca. 1866, men ingen av desse opplysningene lar seg, hittil, dokumentere.
Ole gifta seg på nytt to gonger, og i det siste ekteskapet fekk han ei dotter.
Han budde i DeKalb, Illinois i 1880, men ved folketeljinga i 1900 hadde han flytta til Sanborn i South Dakota. Han døde i 1913. Ole og Ingeborg har ei stor etterslekt. Ein nekrolog fortel meir om Ole. Den finst i slektstreet.
1861 - Gro Olsdtr. Høiseth - 30 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 30. mars 1861.
Utflytting: Gro Olsdotter Høyset.
Gro må være eldste dottera til Ole Gunleikson Høyset og Aslaug Oldotter Rue. Ho vart født 5 månader etter at foreldra gifta seg nyttårsdag 1828. Ho er ikkje medteken i Hovinsoga, og var difor ikkje så lett å finna.
I 1862 var det trulig Gro som skreiv brev heim til foreldra sine. Kjære foreldre og søsken. (Hovinsoga). Då budde ho på ein stad som ho kalla Vitevattne po Walevorth i Wisconsin.
Gro skal i fylgje brevet ha reist frå Langesund og kome til Quebec. Der har dei tatt jernbane og båt til Wisconsin. Der fant dei Nils Hansen med familie, og seier at dei deretter har «oppholdt oss i et lidet setlement av norske folk». Ho ber vidare om å få adressa til Kittel Olsen Sørum. Og om nokon kjem over seinare så vil ho gjerne at dei tek med seg ein god rokk.
Eg har til no ikkje funne noko meir om Gro.
1861 - Ole Ougensen og Torbjør Olsdtr. Huken
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 30. mars 1861.
Utflytting: Ole og Torbjørg.
Ole og Torbjørg var opp i åra då dei reiste til Amerika. Ole hadde gifta seg på nytt etter at fyrste kona, Anne Gunleiksdotter, døde. Barna til Ole reiste også til Amerika. Eg har funne Ole og Torbjørg saman med sonen Gunlek som hadde reist i 1860. Ved folketeljinga i 1880 budde dei saman med Gunlek og dei tre døtrene hans i Forest Township, Rice, Minnesota.
Dottera Gunhild med familie reiste i 1860. Dei slo seg ned i Kandiyohi, Minnesota. Dottera Aslaug med familie (sjå under) slo seg ned i Monona, Iowa.
1861 - Ole Johnsen og Aslaug Olsdtr. Sønstegaard med 3 barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 3. april 1861.
Utflytting: Ole og Aslaug og barna John, Anne og Aslaug.
Aslaug var dotter til Ole Augunsson som reiste same året (sjå over). Aslaug og ektemannen Ole Johnsen frå Sønstegard reiste med tre barn; John, Anne og Aslaug som berre var eit år gamal. Dei hadde budd fleire stader i Hovin. Det fyrste barnet var født i Holtet under Linøye.
Dei kom truleg fyrst til Iillinois, sidan til Monona, Iowa der dei budde i mange år. Aslaug døde der i 1897. Ole døde i Idaho i 1903. Dei fekk tre døtre til etter at dei kom til Amerika og har ei stor slekt etter seg.
1861 - Sigrid Jonsdatter Rustaden - 63 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 2. april 1861.
Utflytting: Sigrid Jonsdotter oppvokst på Brynjulvsrud.
Sigrid var enke då ho reiste til Amerika. Dottera Olaug hadde reist over i 1842, og Gro reiste i 1860. Sonen Hans kom etter i 1871. Eg har ikkje funne Sigrid.
1861 - Ole Kittelsen og Torbjør Andersdtr. Rui med 3 barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 3. april 1861.
Utflytting: Ole og Torbjørg.
Ole var født i Rue, Rudsgrend, og Torbjørg i Urdalen. Torbjørg hadde mange søsken som reiste til Wisconsin. Ole og Torbjørg reiste med barna Kittil 12 år, Andres 11 år og Jon 4 år. Det ser ut til at heile familien kom til Dunn, Wisconsin før 1870, og dei vart værande der. Alle tre sønene gifta seg. Sonen Andres gifta seg med ei jente frå Mæl.
Torbjørg døde i Dunn i 1905, og Ole i 1907.
1861 - Kittel Tostensen Rui og 6 barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 3. april 1861.
Utflytting: Kittil og barna.
Kittil og kona Gunne budde truleg i Rue Øvre i Rudsgrend.
Kittil Tostensen hadde blitt enkemann i 1860 då kona hans, Gunne Halvorsdotter, døde. Eldste son, Torsten hadde reist til Amerika i 1854. Der gifta han seg og busette seg i Dunn, Wisconsin.
I 1861 reiste derfor Kittil med seks barn i alderen 26 til 3 år gamle. Torbjørg f 1835, Gjermund f 1842, Ågot f 1844, Jon f 1849, Eilef f 1853 og Torstein f 1857.
Ved folketeljinga i 1880 bur Kittil i Menomonie, Dunn, Wisconsin saman med dottera Ågot og sonen Jon.
Eg finn berre dei to eldste barna som gift. Kittil døde i La Crosse, Wisconsin, i Menomonie, Dunn, Wisconsin i 1890.
1861 - Hans Hansen og Aslaug Christensdtr. Espeseth med 4 barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 3. april 1861.
Utflytting: Hans og Aslaug frå Espeset.
Hans var født i Rustan og Aslaug i Helleberg. Dei hadde budd på Espeset etter at dei gifta seg. Då dei reiste til Amerika i 1861 hadde dei med seg barna Hans 12 år, Aslaug 8 år, Gro 4 år og Kjersti 1/2 år.
Fleire av hoværingene som hadde reist på same båten over til Amerika fortalte om ei strabasiøs reise der mange døde. Det blir fortalt: «Hans og Aslaugs minste barn døde på Atlanterhavet efter nogle Dagers Sygdom.»
Det ser ut til at dei kom nokså raskt til Nevada Township i Mower, Minnesota. Der fekk dei ei dotter i 1863 som dei døpte Kristine. Hans var truleg død før 1875. Ved folketeljinga dette året budde Aslaug og barna framleis i Nevada Township, og det ser ut til at dei vart værande der. Aslaug døde i 1903.
1861 - Tosten Andersen og Kirsti Hansdatter Rustaden med 4 barn.
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 3. april 1861.
Utflytting: Tosten og Kristi frå Rustan.
Torsten var født i Urdalen. Han hadde 14 søsken og mange av dei reiste til Amerika. Kirsti var født i Rustan. Dei budde lenge i Ruedalen i Rusgrend før dei reiste til Amerika i 1861 med fire barn. Det var Andres 9 år, Hans 7 år, Halvor 3 år og Ole 1 år.
Då dei kom fram til Amerika sende Torsten og Kirsti brev heim til familien i Hovin. Dei fortalde om reisa og om forholda i Amerika. Brevet startar med Kjære Svigermoder. (Hovinsoga)
Tosten og Kirsti kom til Dunn County, Wisconsin og slo seg ned der. Dei fekk til saman 11 barn. Mange av dei vart gift, så Tosten og Kirsti har ei stor etterslekt. Tosten døde i Sand Creek, Dunn County, Wisconsin i 1875.
Kirsti døde i Barron County, Wisconsin i 1907.
1861 - Østen Olsen og Birgith Hansdatter Hougen med 1 barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 3. april 1861.
Utflytting: Østen og Birgit frå Haugen.
Østen var født i Søråsdekkan og Birgit i Grasdalen. Dei bygde opp farmen som sidan fekk namnet «Little Norway». Dei fekk fire døtre etter at dei kom til Amerika. Forsidebilete her er Østen og Birgits hus før det blei bygd om i fornøyelesparken Little Norway.
Dette er nokså nær slekt av meg, og eg har skrive om dei på heimesida mi. Hoværinger i Little Norway.
Østen døde i 1905 i Blue Mounds, Dane, Wisconsin. Birgit døde i 1920 same stad.
1861 - Ole Olsen Hougen - 26 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 3. april 1861.
Utflytting: Ole Olsson Haugen.
Ole var yngste bror til Østen og han reiste saman med Østen og Birgit (sjå over). Eg har ikkje funne noko meir om Ole etter at han meldte utflytting frå Hovin.
1861 - Anne Hansdtr. Græsdalen - 20 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 3. april 1861.
Utflytting: Anne Hansdotter Grasdalen.
Anne reiste saman med syster si Birgit og hennar ektemann Østen.
Hovinsoga fortel om Knut Olvesson Digerud: «Knut f. 1830, reist til Amerika i 1854. Vart gift med Anne Hansdotter Grasdalen er det fortalt.» Knut hadde emigrert i 1854. Eg har «gifta» dei med kvarandre i slektstreet, men med spørsmålstegn.
Eg har ikkje funne Anne, og heller ikkje Knut etter at dei reiste frå Hovin.
1861 - Gunhild Johnsdatter Øverbakke - 71 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 3. april 1861.
Utflytting: Gunhild Johnsdotter Hove.
I Ministralboka blir Gunhild kalla for Øverbakke, i klokkerboka for Hove. Ho hadde vore gift med Kittil Kittilsson Hove som døde i 1839. Dei hadde fått elleve barn, og no hadde mange av barna reist til Amerika. Ho slo følge med sonen Knut (under). Sonen Ole reise med familien ein månad tidlegare. Dei kom til Illinois. Det same gjorde dei andre barna som flytta. Eg har ikkje funne Gunhild eller sonen Knut etter utflytting frå Hovin
1861 - Knud Kittelsen Haave - 32 år
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting 3. april 1861.
Utflytting: Knut Kittilson Hove.
Knut reiste saman med mor si, Gunhild Jonsdotter Hove (Øverbakke). Eg har ikkje funne nokon av dei etter at dei reiste frå Hovin.
1861 - Hans Hansen og Margith Hansdtr. Hove med 4 barn
Utvandra til Amerika. Meldt utflytting frå Hovin 5. april 1861.
Utflytting: Hans og Margit.
Hans og Margit reiste med dei fire yngste barna: Helge 15 år, Gro 12 år, Hølje 10 år og Halvor 4 år. Dei eldste barna kom etter i 1869/1870.
I 1875 bur familien i Houston County, Minnesota.
Margit døde same sted i 1889, og Hans to år seinare i 1891.
1861 - Elen (Eli) Brynildsdtr. - 36 år
Utflytta til Skien. 21. oktober 1861
Utflytting: Elen Brynhildsdotter.
Elens foreldre, Brynjulv og Elen, gifta seg i Hovin kyrkje i 1810. Dei reiste frå Hovin til Rogaland i 1820.
Han kom frå Sønstegard og ho i frå Moen i Hjartdal. Dei skulle i fylgje utflyttarprotokollen i 1820, begge vere født i 1790. Familien kom tilbake til Hovin i 1827. Dei budde då kanskje i Almelie i Rudsgrend.
Dottera Elen (Eli) vart født i Vikedal i Rogaland 02.04.1825. No reiste ho til Skien. Eg har ikkje funne henne etter utflytting frå Hovin.
Kjelder:
Forsidebilete: Austin Olson Hougens Home – før ombygging, Little Norway
Digitalarkivet.no
Hovinsoga – Gardar og Ætter
Hovinsoga 1987
Tinn soga 2
Gransheradsoga
Hitterdalsboken : gaarde og slegter
Ole Morgan Norlie: History of the Norwegian people in America