DEI SOM REISTE
Utflytta frå Hovin i Telemark
1855 - 1859
Åra 1855 til 1859
Desse åra var det bærre ein familie og ein ung mann som utvandra til Amerika.
Utvandra til Amerika i 1855-1858
- Menn: 0
- Kvinner: 0
- Barn: 0
Utvandra til Amerika i 1859
- Menn: 2
- Kvinner: 1
- Barn: 3
Dette er dei som reiste:
1855 - Thore Johnsdatter - 35 år
Utvandra til Hostrup sogn, Danmark 1841 – Attest 29. mai 1855
Utflytting: Thore Jonsdotter Vatnelie.
Thore ble født i 1820. Foreldra var Jon Knutsen og Aslaug Gregarsdotter frå Vatnelie. I følge protokollen hadde ho reist i 1841, men fyrst 29. mai 1855 fekk ho sine attestar og vart utskriven i frå Hovin. At ho trong attestar 14 år etter at ho hadde reist kunne tyde på at ho skulle skrivast inn i kyrkjebøkene i Hostrup, kanskje for giftermål, men eg kan dessverre ikkje finne Thore i Hostrup sogns tilgangslister eller vielsesprotokollar omkring 1855. Eg har leita både i Velje og Tønder Amt. (Begge amt har sogn som heiter Hostrup.) Korleis og kvifor ei jente frå Vatnelie ender opp i Danmark blir eit mysterium enn så lenge.
1855 - Gro Gunufsdatter - 24 år
Utflytta til Sande omkring 1851-1852 – Attest frå 13. oktober 1855
Utflytting: Gro Gunnulfsdotter Landerud.
Gro vart konfirmert i Mæl kyrkje i 1846. Ho var dotter åt Gunulf Evensson og Åse Olsdotter frå Landerud. Ho kan ha vore i teneste i Hovin då ho flytta. Gro gifta seg med Halvor Helliksen frå Treungen i Sande i november 1855. Dei fekk to dødfødte barn i 1855 og i 1856, og sønnen Gustav Hellek i 1859, som døde før heimedåpen blei konfirmert i kyrkja.
Kanskje det var Gro som døde i 1859 i Sande.
1855 - Anders Gunleksen og Beret Evensdotter Uverud og tre barn
Utflytta til Flesberg i 1854 – Attest den 8. september 1856
Utflytting: Anders og Beret Evensdotter
Anders reiste til Numedal og vart gift men Berit Evensdotter. Dei budde lenge i Flesberg, men flytta til Uverud i Hovin og budde der ei tid før dei reiste tilbake til Flesberg.
1857 - Ole Brynildsen Almelie - 25 år
Utflytta til Hjertdal 14. oktober 1857.
Utflytting: Ole Brynjulfsson.
Ole var son åt Brynjulf Kittilsson og Elen Torgersdotter. Han var født i 1832 i Almelie i Rudsgrend.
Ole gifta seg i 1853 med Gunhild Olsdotter frå Dusterud. Gunhild døde på barselseng «5 dage efter Forløsning» i 1854. Barnet var dødfødt. Då budde dei truleg på Stranderud i Atrå.
Ole vart enkemann og i 1857 flytta han til Storemyr i Gransherad. Same året gifta han seg med Aslaug Gunleiksdotter. Ole døde på Storemyr i Gransherad i 1912.
1858 - Margit Olsd. Tveten - 31 år
Utflytta til Rollag 11. november 1858.
Utflytting: Margit Olsdotter Tveito.
Margit var einaste dotter til Ole Olsson og Margit Olsdotter Tveito nordre. Mor hennar, Margit, døde i barselseng då Margit vart født. Det var ikkje ofte at barn overlevde når mor døde, men Margit vaks opp. Far hennar døde i 1838.
Nils Olsson Ulvik frå Rollag i Numedal hadde kome til Tveito i 1858. Kvifor han kom til Tveito veit vi ikkje, men der traff han nok Margit.
Margit og Nils gifta seg i Hovin kyrkje nyttårseftan 1858. Dei flytta til Ulvik i Rollag og dei fekk 5 barn som eg har funne så langt. Margit døde av tæring i 1889 og vart gravlagt ved Rollag stavkyrkje.
1859 - Gunder Danielsen og Gunild Olsd. Aastøen med to døtre
utflytta til: «Opgav Amerika skal være reist til Jondal.» 1. mars 1859.
Utflytting: Gunder Danielsen og Gunhild Olsdotter.
Gunder og Gunhild gifta seg i Hovin kyrkje i 1842. Gunder var då oppgjeven å kome frå «Tinnæs af Rollougs Præstegjæld» Gunhild var då busett i Jørisdal og ho var kanskje født i Tinn. Ved folketeljinga i 1865 budde dei i Åssiden landsokn, Lier, Buskerud.
1859 - Gullik Kittelsen og Sigrid Høljesd. Hove med tre barn
Utvandra til Amerika den 10. april 1859.
Utflytting Gunleik og Sigrid.
Dei meldte utflytting frå Hovin same dagen som dei døpte si yngste dotter, Ingebjørg. Gunleiks eldre bror, Kittil, hadde reist i 1842, og Gunleik og Sigrid reiste til LaSalle, Illinois der broren budde. Dei fekk to søner i Amerika. Dottera Ingebjørg som var spebarn då dei reiste finn eg ikkje noko meir om.
Dei fekk ei stor etterslekt.
1859 - Knud Olsen og Kirsti Østensdatter Jonsgaard med tre barn
Utflytta til Rollaugs Præstegld. i Numedal. 15. juli 1859
Utflytting: Knut og Kirsti
Dei flytta til Vidhåmmår i Veggli. Dei hadde tre barn då dei flytta. Etter at dei kom til Vihåmmår fekk dei fem barn til.
Knut døde i 1877 i Veggli. Kirsti reiste til Amerika i 1888, då med reisemål Durand, Illinois. Ein stad å leite etter familien er kanskje i Rushford, Minnesota.
1859 - Halvor Rollefsen Lindøen af Gvæven og Aslaug Olsdatter med tre barn
Utflytta til Rollaugs Prgld. i Numedal 15. juli 1859
Utflytting: Halvor og Aslaug.
Halvor var son til Rollev Østenson Fosso/Linøye. Han var født i 1812, ikkje i 1830 som utflyttarprotokollen seier. Her har presten skrive heilt feil alder. Aslaug fekk ikke sin fyrste son då ho var 10 år gamal.
Halvor stod til konfirmasjon i Hovin kyrkje i 1828. Han var 16 år gamal og fekk karakteren «Meget god Kundskab, god Opførsel». Han gifta seg med Aslaug Olsdotter Bergelien (1813-1891) i 1842. Dei kjøpte Gvæven i 1849, og fekk 3 barn i Hovin. Kva som fekk familien til å selje Gvæven og flytte til Rollag i 1859 er ikkje klart, men fire av brødrene til Halvor og systera Ingeborg hadde alle teke turen over fjellet til Numedal.
Halvor er oppgitt å vera «Gaardbruger og Selveier» på Søre Kittilsland i Rollag i 1865. Han hadde kjøpt garden i 1859. Han budde da på garden med kona Aslaug, deira 3 barn, Føderaadskone Ingeborg Olsdtr. på 76 år og hennar dotter.
Halvor døde på Kittilsland i 1887 og Aslaug overdrog garden til sonen Ole, men han hadde vanskeleg for å greie seg. Rollag bygdebok : Ætt og gard og grend. 2: Her er det skrive om Halvor og Aslaug på Søre Kittilsland.
1859 - Ole Olvesen Perskaas - 21 år
Utvandra til Amerika 28. november 1859
Utflytting: Ole Olvesson Digerud.
Ole var født i Digerud i 1838. Han meldte utflytting til Amerika i november. Det var ei uvanleg tid å reise på, så truleg reiste han ikkje før våren etter.
Syskena Guri og Knut hadde reist til Amerika i 1854. Eg har ikkje funne nokon av dei enno.
Kjelder:
Forsidebilete: Bestemor Linøye ved vårfjoset. Ho reiste ikkje.
Digitalarkivet.no
Hovinsoga – Gardar og Ætter
Tinn soga 2
Gransheradsoga
Hitterdalsboken : gaarde og slegter
Ole Morgan Norlie: History of the Norwegian people in America