DEI SOM REISTE
Utflytta frå Hovin i Telemark
1852 - 1854
Mange av dei som utvandra frå Hovin no kom til plassar i Amerika der det var Hoværingar frå før. På bakgunn av dette konsentrerar eg leitinga i Minnesota, Wisconsin, Illinois og Iowa.
Vi er inne i en periode der mange av utvandrarane frå Hovin og barna deira gifter seg med Hoværingar eller dei gifter seg med Tinndøler eller Gransheringar.
Amrikafeberen raste nok desse åra, og mange ville reise. Det var nok mange som gjerne ville. men som ikkje kunne. Aslaug Kittilsotter Rue er truleg ei av dei som gjerne skulle ha reist, men som blei heime. Eg har teke henne med i denne lista for å vise dei som ville reise.
Muskego 1852. Mange av dei som reiste i 1852 kom fyrst til Muskego, Wisconsin. Der oppstod det ein koleraepidemi dette året. Nesten hundre personar døyde i denne epidemien i 1852. Det fins så langt ikkje dødsfallsprotokollar, så ein må berre stole på det etterslektene fortel.
1854
Mange ungdomar frå Hovin reiste til Amerika i 1854. Det var nok framleis Wisconsin som var reisemålet for hoværingane. Mange av skipa som drog frå Noreg dette året kom til Quebec i Canada. Derifrå kunne ein få båtskyss til Wisconsin og Illinois. Det er dessverre så langt få passasjerlister.
Dette er dei som reiste:
1852 - Johannes Knudsen, Astrid Johnsd. Rabben og ei dotter
Utvandra til Amerika 10. april 1852
Utflytting: Johannes, Astrid og dottera Liv
Johannes var født i 1826 og var son åt Knut Halvorsson Øygarden og Liv Johnsdotter Brynjulvsrud, begge frå Tinn. Dåpsprotokollen fortel at Johannes var født i Midtgarden i Hovin.
Astrid var født i 1827 på Rabben og ho var dotter til Johannes Hellekson og Jaran Johnsdotter Rabben.
Dei gifta seg i Atrå kyrkje den 15. februar 1851. Same året vart dottera Liv født den 30. september på Rabben, og døpt i Atrå.
Rabben ligg litt sud for Gjuvsjå i Tinn Austbygde, og grunn til at dei meldte utflytting frå Hovin var nok at Johannes var født og døpt her. Året etter giftermålet reiste dei til Amerika.
Det kan sjå ut til at dei kom til Fillmore, Minnesota, USA. Dei fekk truleg fire barn til i USA. Astrid døde kanskje i 1914, Dødsfall for Johannes og dottera Liv har eg ikkje funne. (Dette er henta frå FamilySearch) Eg har rett nok ikkje leita så lenge, ettersom eg reknar dei for å være tinndølar her i denne lista over utflytta hoværingar.
1852 - Gunild Østensd. Rui - 23 år
Utvandra til Amerika 10 april 1852
Utflytting: Gunhild Østensdotter
Gunhild vart født i Rui, Atrå 26. februar 1829. Ho var dotter til Østen Johnson og Aslaug Tostensdotter Skrinedebakke.
Det er usikkert kvifor ho var oppførd som utmeldt frå Hovin sokn. Ho kan ha vore i teneste i Hovin.
1852 - Thor Olsen, Asloug Østensd. Rui med fem barn
Utvandra til Amerika i 1852
Utflytting: Tor Olsson og Aslaug Østensdotter og barna
Familien var busett i Torud i Rudsgrend.
Dottera Aslaug hadde reist året før. Ho gifta seg, anten på overfarten eller rett etter, med Gunleik Johnsson Fåne. Dei slo seg ned i Blue Mounds, Dane, Wisconsin.
Tor og Aslaug reiste med resten av barneflokken. Susanne 23 år, Ole 20 år, Østen 18 år, Ole 15 år og Kittil 10 år.
Eg har ikkje funne Tor og Aslaug etter at dei meldte utflytting frå Hovin, men sonen Kittil kom også truleg til Blue Mounds, og døde mest truleg der i 1910.
1852 - Margit Samuelsd. Bratrud - 35 år
Utvandra til Amerika, 6 mai 1852
Utflytting: Margit
Margit vart født i 1817 i Bratterud. Foreldra var Samuel Larsson og Birgit Gunulvsdotter Bratterud. Dei budde i Løkjedalen frå omkring 1831. Margit var ugift, men reiste nok i lag med kjentfolk og naboer i Grasdalen. Eg finn ikkje noko sikkert om Margit etter at ho meldte utflytting til Amerika.
Ti år seinare emigrerte Margits bror, Lars Samuelson med kone og fire barn. Dei budde nokon år på Bakkhus i Tessungdalen, og er derfor ikkje oppført i utflytterlistene for Hovin.
Denne familien kom til Menomonie, Dunn County, Wisconsin i 1862. Der busette dei seg i Little Elk Creek.
Ein gong før 1886 hadde Lars reist tilbake til Noreg. Kanskje for å vitje bror sin, Gunulv, som budde på Høymyr i Atrå. Lars døde der i 1886. I fylgje nekrologen til Lars sin dotter Turi, døde han av tyfus.
1852 - Lars Olsen og Anne Høljesdatter Græsdalen med to barn
Utvandra til Amerika 6. mai 1852
Utflytting: Lars og Anne.
I Lars Grasdalens obituary på Find a Grave finn vi opplysningar om historia til familien.
Denne historia vil ha det til at i 1852, det året dei kom til Amerika, døde Anne og sonen Ole i ein epidemi.
Dette kan stemme bra med seinare opplysninger.
Lars gifta seg på nytt med Ragnhild Gislesdotter Moen frå Sigdal. Dei døypte deira fyrste dotter Anne, slik namnetradisjonen var når ektefeller døyde.
Lars og Annes dotter Ingeborg overlevde epidemien og døde i 1894 i Minnesota.
Lars og Ragnild fekk truleg tolv barn.
Lars døde i 1897 i Manchester, Freeborn, Minnesota.
Mange av Lars sine sysken emigrerte seinare til Amerika.
1852 - Andres Larsen og Aagot Svendsdatter Nybu med ei dotter
Utvandra til Amerika 6. mai 1852
Utflytting: Andres og Aagot.
Andres var son til Lars Kittilsson og Gunhild Samuelsdotter Stegarud. Han var døpt i 1804.
Andres var enkemann då han gifta seg i 1851 med Aagot som kom frå Heggtveit og var født i 1818.
Dei fekk dottera Gunhild, født på Rolverud i Tinn i 1851.
Eg har ikkje funne familien etter at dei reiste frå Hovin.
1852 - Asloug Kittelsd. Rui - 34 år - Ho som ikkje reiste
Utvandra til Amerika 6. mai 1852 – Det blei aldri til at Aslaug utvandra
Eg tek Aslaug med i denne lista fordi ho meldte utflytting to gonger utan at det blei til at ho reiste.
Utflytting: Aslaug Kittilsdotter
Aslaug var født i Rue nordre i Rudsgrend. Ho var dotter åt Kittil Olsson og Anne Jonsdotter.
Aslaugs syster Gunne hadde meldt utflytting saman med ektemann, Nils Halvorsson Grasdalen, og sonen Halvor, 2 år gamal, i april 1842. Gunne døde 14. mai same året og det vart ingen amerikareise på henne. Ektemannen og sonen hennar reiste aleine i 1843. Sonen døde truleg på overfarten til Amerika, men ektemannen Nils kom til Springdale, Dane, Wisconsin.
Aslaug meldte utvandring til Amerika i 1852. Det blei ikkje til at ho reiste. I 1854 meldte ho på nytt utvandring, men det blei broren Torstein som reiste det året. Broren Ole reiste til Amerika i 1861.
Då hadde alle syskena reist til Amerika unnateke Aslaug, så det fall vel på henne å ta seg av foreldra. Aslaug døde av kreft, ugift, 74 år gamal i Rue i 1892.
1852 - Halvor Høljesen og Astrid Alfsdatter Nappegaard med tre barn
Utvandra til Amerika 6. mai 1852
Utflytting: Halvor og Astrid
Dei reiste nok saman med Halvors syster, Anne og svorgeren Lars i Grasdalen.
Dei kom til Muskego i Wisconsin. Der skal Halvor ha fått kolera og han døde i 1852. Det gjorde også Halvors syster Anne Høljesdotter frå Grasdalen.
Astrid og barna overlevde epidemien. Astrid døde i Lincoln, Winneshiek, Iowa, 56 år gamal.
1852 - Peter Høljesen Vastvedt - 33 år
Utvandra til Amerika 6. mai 1852
Utflytting: Peter Høljesson Vasstveit
Peter reiste samen med syskena sine Halvor og Anne og familiane deira. Halvor og Anne døde begge truleg i ein epidemi i Muskego, Wisconsin, same året som dei kom til Amerika.
Eg har ikkje funne noko sikkert om Peter etter at han melde utflytting frå Hovin. Det kan hende han også døde i kolera-epidemien i Muskego i 1852.
1852 - Halvor Gunnufsen Brenna - 77 år
Utvandra til Amerika 6. mai 1852
Utflytting: Halvor Gunnulfsson Sanden
Halvor var enkemann og var 77 år då han reiste. Halvor og kona Ingeborg Olsdotter Tveito hadde to barn. Sonen Halvor Halvorsson, født i Brenna utvandra til Amerika i 1842. Eg har ingen opplysningar om sonen etter at han og familien skal ha kome til Amerika 15. august 1842. Dottera Tora gifta seg og vart buande i Hovin.
Om Halvor Gunnulfsson, på sine eldre dagar, reiste for å treffa sonen sin eller om det var utreisetrang veit eg ikkje. Eg har ikkje funne Halvor eller sonen hans etter at dei reiste.
1852 - Halvor Johannesen og Gunhild Johnd. Tufte
Utflytta til Hjartdal 6. mai 1852
Utflytting: Halvor og Gunhild Tufte
Gunhild Johnsdotter skal ha vore født i Brattrud i 1826 i fylgje vielsen deira i 1850. Halvor var truleg født på Tufte i Busnes i Gransherad omkring 1826.
Dei flytta til Aslakskås/Lilleland i Busnes, Gransherad i 1852.
Gunhild døde der på barselseng etter å ha fått eit dødfødt gutebarn i 1862.
1852 - Helge Nilsd. - 18 år
Utflytta til Botne 17. november 1852
Utflytting: Helge Nilsdotter frå Olesrud
Helge flytta som 18-åring til Botne i Vestfold i 1852. Ved folketeljinga i 1865 var Helge tjenestepige på Bringaker. I 1875 gifta ho seg med enkemann Anton Kristiansen Lajord frå Botne. Dei fekk ein son. I 1882 utvandra dei til Amerika. Dei kom til LaSalle, Illinois. Foreldra og mange av syskena til Helge hadde emigrert til Amerika på 1850 og 1860-talet. Helge, som tok namnet Helen, døde i LaSalle i 1920.
1853 - Kittel Nilsen Bratterud - 26 år
Utflytta til Gransherad omkring 1850 – med attest 22. mars 1853
Utflytting: Kittil Nilsson Bratterud
Kittil flytta nok tilbake til Hovin. I 1861 gifta han seg med Gunhild Gjermundsdotter frå Holte. Kittil døde av tæring i Runningen i 1891.
1853 - Gonne Gunleksdt. Vastvedt og Christen Johnsen
Utvandra til Amerika 16. april 1853
Utflytting: Gunne og Christen
Christen var født i Bø prestegjeld og var busett på Sauro. Dei meldte utflytting til Amerika den 16. april. Dei tok seg tid til å gifte seg før dei reiste, og 30. april 1853 vart dei vigde i Hovin kyrkje.
Eg har ikkje funne noko meir om dei etter at dei reiste, men eg trur eg har funne gravminna deira på kyrkjegarden Lone Tree Cemetery i Sioux Rapids, Buena Vista, Iowa.
Chrisen døde i 1868 og Gunne i 1892
1853 - Hølje Gunleksen Vastvedt - 19 år
Utvandra til Amerika 24. april 1853
Utflytting: Hølje Gunleiksson
Hølje reiste nok saman med syster si Gunne og mannen hennar. Hølje vart truleg gift med Bertha. Han er gravlagt på kyrkjegarden Lone Tree Cemetery i Sioux Rapids, Buena Vista, Iowa. Same gravplass som systera Gunne. Han tok namnet Henry, og han døde i 1911.
1853 - Kittel Svendsen og Kari Andresd. Rui og ein son
Utvandra til Amerika 24. april 1853
Utflytting: Kittil og Kari
Dei budde i Winchester, Winnebago, Wisconsin i 1860. Etterslekta har fortalt denne historia:
In 1852 Kari Andersdatter Urdalen married Kittel Sweinsson Rue-Dalen. He was also a native of Telemark, Norway. They departed for the United States in 1856 with their son Svein who was born in 1853. The voyage took 3 months and their son Andrew was born en route. Kittel entered the Civil War and died a prisoner of war in Andersonville in 1864 or 1865. The conditions in Andersonville were so brutal that the head of the camp was tried and executed after the war was over.
From Civil War Records: Kettle Swenson, Private in Company F, 1st Cavalry was drafted on November 24, 1863. He died October 13, 1864 a prisoner of war at Camp Webster, Nashville, Tennessee, of disease.(FamilySearch)
He died of dysentery while serving as a soldier in the U.S. Army. Calvary, near Nashville, TN. (FamilySearch)
Kari gifta seg på nytt med Iver Olson i 1867, og døde i Washburn, Wisconsin i 1914.
1853 - Helge Knudsd. Bergelie - 22 år
Utflytta til Solum 27. mai 1853
Utflytting: Helge Knutsdotter
Helge reiste truleg ut for å søke teneste. I 1858 gifta ho seg med Peder Stephensen frå Kilebygda. Dei fekk seks barn. Mannen hennar døde i 1900. Dei siste åra budde Helge hjå sonen Severin i Herre. Hø døde i 1911.
1854 - Halvor Olsen, Ingeborg Østensd. Hovdestul og ei dotter
Meldte utvandring til Amerika 20. februrar 1854 – Dei reiste ikkje
Utflyttingsmelding: Halvor og Ingeborg
Dei hadde tenkt å reise til Amerika, men det vart ikkje noko av. Dei kom til Høyset der Halvor var forpaktar i 1865. Dei fekk seks barn. Halvor døde i 1906 og Ingeborg i 1912, begge på Høyset.
1854 - Elef Herbjørnsen, Aase Alfsd Nappegaard med tre barn
Utvandra til Amerika 6. mars 1854
Utflytting: Ellef og Aase
Aases syster Astrid, hadde utvandra med mann og barn til Amerika i 1852.
Eilev og Aase kjøpte jord allereie i oktober 1854 i Stevens Point, Portage, Wisconsin. Dei fekk ein son, døpt Gilbert i 1861, etter at dei kom til Amerika. Aase døde i Stevens Point i 1890 og Eilev i 1894. Barna, Aslaug og Alf, er ikkje funne. Birgit og Gilbert gifta seg og fekk familie.
1854 - Halvor Olsen, Gro Kittelsd. Bakka med fem barn
Utvandra til Amerika 17. mars 1854
Utflytting: Halvor og Gro
Dottera Sigrid hadde reist til Amerika i 1851.
No, tre år etter, fylgde foreldra og fem av syskena etter. Tre barn døde før familien flytta frå Hovin. Dottera Gro gifta seg i Hovin og kom til Jonsgard.
I fylgje nekrologane til Halvor og Gro i avisa The Rushford Star, skal dei fyrst ha kome til Racine, Wisconsin (truleg da til Muskego som så mange andre frå Hovin). Året etter skal dei ha reist til Illinois, før dei etter 4-5 år reiste vidare til Rushford, Fillmore, Minnesota. Dei tok ettenamnet Baker.
Halvor døde i 1893. Gro, som kalla seg Julia, døde i 1899. Begge i Rushford.
1854 - Østen Olsen Søraasdokken - 28 år
Meldte utvandring til Amerika 1. april 1854 – Han reiste truleg ikkje dette året.
Utflyttingsprotokoll: Østen Olsen
Østen gifta seg i Hovin kyrkje i 1859, og i 1861 reiste han med kone og barn til Amerika. Meir om Østen i 1861. Les meir om Østen og Birgit her.
1854 - Guri Olvesd. Perskaas - 22 år
Utvandra til Amerika 5. april 1854
Utvandring: Guri Olvesdotter
Guri var født i 1832. Foreldra var Olve Tovsson og Birgit Knutsdotter Digerud. Ho reiste saman med bror sin, Knut Olvesson Digerud. (sjå under).
Til no har eg ikkje funne Guri etter at ho reiste frå Hovin.
1854 - Birgit Johnsd. Rui - 24 år og Søvei Johnsd. Rui - 26 år
Utvandra til Amerika 5. april 1854
Utflytting: Birgit Jonsdotter Rui
Utflytting: Sønnev Jonsdotter Rui
Birgit og Sønnev var døttre til Jon Peterson og Birgit Hansdotter frå Rui, Rudsgrend. Birgit var født i 1830 og Sønnev var født i 1828. Broren Jon reiste også i 1854. (sjå under)
Eg har ikkje funne nokon av jentene etter at dei meldt utflytting frå Hovin.
1854 - Asloug Kittelsd. Rui - 36 år - Reiste ikkje
Meldt utvandring til Amerika 5. april 1854
Utflyttingsprotokoll: Aslaug Kittilsdotter.
Dette var andre gongen Aslaug ville utvandre. Denne gongen blei det heller ikkje noko av. Ho blei nok heime for å ta seg av foreldre. Aslaug døde av kreft i 1892 i Rue, Rudsgrend.
1854 - Knud Olvesen Digerur - 20 år
Utvandra til Amerika 5. april 1854
Utflytting: Knut Olvesson Digerud
Eg har ikkje funne noko om Knut eller systera hans Guri (sjå over) etter at dei reiste frå Hovin. Mange av skipa som kom frå Noreg i 1854 gjekk til Quebec i Canada, men det er ikkje mange passjerlister, og søk i Canada gjev heller ingen treff. I Hovinsoga står det: «Knut f. 1830, reist til Amerika i 1854. Vart gift med Anne Hansdotter Grasdalen er det fortalt.» Anne Hansdotter Grasdalen emigrerte i 1861.
1854 - Hans Herbjørnsen Hovindbøle - 24 år
Utvandra til Amerika 18. april 1854
Utflytting: Hans Herbjørnsson
Hans gifta seg med Guri (Julia) Svendsdotter Rolverud, frå Tinn, i Blue Mounds, Dane, Wisconsin i 1858. Dei fekk truleg ti barn. Hans døde truleg i 1897 i Chimney Rock, Trempealeau, Wisconsin. Her har eg kjelder få FamilySearch.
1854 - Kittel Kittelsen Rui-Kaas - 27 år
Utvandra til Amerika 20. april 1854
Utflytting: Kittil Kittilsson
Kittil var født i 1827. Foreldra var Kittil Kittilsson og Gro Kittilsdotter Kåse under Nord-Rue i Rudsgrend. Kittil reiste saman med systera Anne og hennar son. Kittil kan ha kome til Wisconsin.
1854 - Anne Kittelsd. Kaasa - 29 år med sonen Ole
Utvandra til Amerika 20. april 1854
Utflytting: Anne Kittilsdotter og sonen Ole Hansson.
Anne blei født i 1825. Foreldra var Kittil Kittilsson og Gro Kittilsdotter Kåse under Nord-Rue i Rudsgrend. Ho fekk sonen Ole i 1853 med Hans Olsson frå Lisleherad. Dei var ikkje gift, og Anne reiste til Amerika saman med broren Kittil og sonen Ole som var knapt eit år.
1854 - John Johnsen Rui - 21 år
Utvandra til Amerika 20. april 1854
Utflytting: John Johnsson Rue.
Jon var mest truleg son av Jon Petterson og Birgit Hansdotter Rue i Rudsgrend. Systrene Søvei og Birgit reiste også i 1854. (sjå over). Hovin-soga fortel dette.
Eg har hittil ikkje funne noko meir om Jon og systrene hans etter at dei melde utflytting frå Hovin.
1854 - Tosten Kittelsen Rui - 21 år
Utvandra til Amerika 20. april 1854
Utflytting: Torstein Kittilsson Rui.
Torstein var født i 1833 og foreldra var Kittil Torsteinsson og Gunne Halvorsdotter frå Rue i Rudsgrend.
Han gifta seg med Margit Andersdotter frå Urdalen. FamilySearch oppgjev at dei vart gift i Norge i 1853, men eg har ikkje funne dette giftermålet. Dei var ikkje gift då dei meldte utflytting frå Hovin.
Dei kom til Menomonie i Wisconsin og fekk mange barn.
1854 - Margit Andresd. Urdal - 23 år
Utvandra til Amerika 21. april 1854
Utflytting: Margit Andersdotter Urdalen.
Margit hadde mange sysken som reiste til Amerika. Også foreldra, Anders Halvorsson og Gro Jonsdotter Urdalen, emigrerte til Menomonie, Wiskonsin. Margit gifta seg med Torstein Kittilsen Rue (sjå over).
1854 - John Svendsen Rui - 21 år
Utvandra til Amerika 9. mai 1854
Utflytting: Jon Svensson.
Jon var født i 1833. Foreldra var Sven Kittilsson og Anne Pettersdotter frå øvre Rue i Rudsgrend.
1854 - Even Knudsen Landerud og Søvei Herbjørnsd. med ei dotter
Utvandra til Amerika 31. mai 1854
Utflytting: Even, Søvei og Jorån.
Even Knudsen kom frå Numedal. Han vart gift med Søvei Herbjørnsdotter Hovinbøle. Dei budde på plassen Flåte under Steinsrud/Urdalen då dei meldt utflytting frå Hovin. Dei kom mest truleg til Iowa i Wisconsin.
Kjelder:
Forsidebilete: Flåto, utsikt mot Rue og Sauro, Hovin. Foto Mittet
Digitalarkivet.no
Hovinsoga – Gardar og Ætter
Tinn soga 2
Gransheradsoga
Hitterdalsboken : gaarde og slegter
Ole Morgan Norlie: History of the Norwegian people in America