DEI SOM REISTE

Utflytta frå Hovin i Telemark

1849 - 1851

I åra 1849 – 1851 var det mange som reiste frå Hovin. De aller fleste reiste til Amerika.

Dette er dei som reiste:

1849 - Sigurd Halvorsen og Susanne Olsd. Sørum med seks barn

Utvandra til «De forenede Fristater i Nordamerica«
Utflytting: Sigurd og Susanne og barna
Dei reiste med seks barn, og Hovinsoga fortel at dei reiste til Leland, LaSalle, Illinois. Mange frå Hovin kom dit. Eg har desverre ikkje funne dei der eller i Illinois, men eg skal leite meir.

1849 - Ole Svendsen Graver - 31 år

Utvandra til «De forenede Fristater i Nordamerica» – 15. april 1849
Utflytting: Ole Svendsen
Ole var født 3. desember 1817. Han var son til Svend Torsteinsson og Gunhild Olsdotter Graver. Eg har ikkje funne noko meir sikkert om Ole etter at han reiste frå Hovin. 

1849 - Hølje Tormosen Dammen - 25 år

Utflytta til Hjertdal 1849-04-18 
Utflytting: Hølje Tormodsson
Hølje var født 31. august 1823. Han var son av Tormod Olsson Krosshøl og Astrid Jonsdotter Dammen. Foreldra var ikkje gift. Astrid hadde født tre uekte barn før ho fekk Hølje. 
Han gifta seg med Margit Pedersdotter busett på Landsverk i Gransherad den 29. mai 1849. Dei flytta til Brendemo i Gransherad. Dei fekk minst sju barn. Mange av barna reiste til Amerika. To av barna døde på Faret Sjukehus. Hølje døde i Gransherad i 1906.

1849 - Barbro Nilsd. Bratrud - 30 år

Utflytta til Hjertdal 1849-05-24. Seinare; i 1872 til Solum
Utflytting: Barbro Nilsdotter 
Barbro vart født 18. februar 1819. Ho var dotter åt Nils Torsteinsson Bøen og Ingeborg Kittilsdotter Vetlesbøen i Austbygde og vart døpt i Atrå kyrkje. I fylgje Hovinsoga vart dei brukarar i Bratterud omkring 1820. 
Ho gifta seg i 1851 i Gransherad kyrkje. 
Ved folketeljinga i 1865 finn vi Barbro i Vassbotn i Gransherad. Ho er då gift med Johannes Ellefsen som er dagarbeider. Dei har ein son som budde heime; Ellef som er 12 år gamal.
I 1872 
flytta familien til Solum. Sonen Ellef gifter seg i Solum i 1881. Barbro døde av lungetæring i Skien i 1888.

1850 - Anne Brynildsdatter Skyggen - 37 år

Utflytta til Vinje 1850-01-02
Utflytting: Anne Brynhildsdotter  
Anne var født 22. september 1812. Ho var dotter åt Brynhild Kittilsson og Elen Torjersdotter som då var busett på Digernes. Då Anne flytta budde ho på Skuggen i Rudsgrend. Anne gifta seg i Vinje i desember 1850 med enkemannen Saavi Johnsen frå Mo. Dei fekk to barn. Anne døde som enke i Grungedal i 1891.

1850 - Samuel Tostensen Nisi og Olaug Brynhildsdatter Skyggen

Utflytta til Hjertdal 1850-02-08 
Utflytting: Olaug og Samuel
Olaug var født 8. april 1818Ho var dotter åt Brynhild Kittilsson og Elen Torjersdotter som då var busett i Kaasa. Ho var syster åt Anne (over). Då ho gifta seg i 1846 med Samuel budde ho på Skuggen i Rudsgrend. Dei busette seg på Mikkelsgard under Nisi i Gransherad. Der budde dei også ved folketeljinga i 1865. Samuel døde ikkje lenge etter, truleg av meslingar seier kyrkjeboka. I 1885 utvandra Olaug til Amerika, 67 år gamal, med to av barna, Torsten f. 1856 og Elen f. 1860.

1851 - Gunhild Olsd. Dommerud - 49 år

Utvandra til Amerika 1851-02-17
Utflytting: Gunhild Olsdotter
Gunhild var ugift då ho reiste aleine til Amerika. Det var mange frå Dommerud som hadde reist før. Bror hennar, Lars, hadde reist i 1841. Omkring 1850 budde han og familien i Wisconsin. I 1860 var dei busett i Iowa. Eg har desverre ikkje funne Gunhild i passasjerlistene eller andre stader enno.

1851 - Asloug Nilsdatter Olesrud - 19 år

Utflytta til Botne ved Holmestrand «Att. 7/4 51.» Seinare utvandra til USA
Utflytting: Aslaug Nilsdotter
I fylgje utflyttarprotokollen hadde Aslaug reist i 1848. Ho meldte fyrst innflytting til Våle prestegjeld. I 1854 meldte ho flytting til Botne. Ho gifta seg same året med Bent Christoffersen i Hillestad Kyrkje i Botne. 
Aslaug og Bent budde på det som vart kalla Greaker Eie. Dei fekk fem barn. Bent døde av nervefeber i 1867, 43 år gamal og Aslaug blei aleine med fem barn. 
Aslaugs foreldre og sysken i Hovin hadde reist til Amerika og 1868 reiste også Aslaug med skipet Benedicte. Sonen Lars Martin døde av meslingar på overfarten. 
Aslaug, som også kalla seg Anne og Adeline, gifta seg på nytt med Nils Halvorsson frå Gauset i Tinn. Dei fekk to døttre. Aslaug døde i 1907 i Leland, LaSalle, Illinois, USA.

1851 - Ingebor Gunleksd. Vastvedt - 32 år

1851 - Ragnhild Gunleksd. Vastvedt - 23 år

Utvanda til Amerika «Opgiven dato: Mai 5»
Utflytting Ingeborg og Ragnhild Gunleksdotter   
Ingeborg blei født i 1819 på Vasstveit. Ragnhild var født 1828. Foreldra var Gunlek Halvorsson og Aasne Knutsdotter Vasstveit.  
Ingeborg og systera Ragnhild var dei fyrste i syskenflokken som reiste til Amerika. Dei reiste med briggen Alert frå Kragerø den 24. mai og kom til New York den 15. juni
Syskena og mor til Ingeborg og Ragnhild utvandra seinare til Amerika, men eg har ikkje funne noko meir om systrene etter at dei kom til New York i 1851. 

1851 - Ole Olsen og Gro Olsdatter Græsdal og sonen Ole

Utvanda til Amerika 9. mai 1851
Utflytting: Ole og Gro Grasdalen  
Ole Olson var født i Train i Heddal omkring 1820 i fylgje utflyttarprotokollen. Gro var født i 1818 og var dotter til Ole Alfsson og Gro Larsdotter Flatin. Foreldra hennar busette seg på Grasdalen.
Ole Olsen gifta seg med Gro Olsdotter frå Stegarud i Hovin kyrkje i 1847. Dei fekk ei dotter, Anne f. 1848, som døde fem veker gamal. Sonen Ole f. 1849 var født på plassen Kasin, også kalla Plaga, under Nappegard i Hovin. 
Familien reiste til Havre og derifrå gjekk reisa med skipet Centurion som kom til New York 21. august 1851
Etter dette har eg ikkje funne opplysningar om familien. 

1851 - Hans Hansen Bakka - 21 år

Utvandra til Amerika 9. mai 1851
Utflytting: Hans Hansson Bakka 
Hans vart født 5. mars 1830. Han var son av Hans Hansson Hove og Gunne Gjermundsdotter. Han vart konfirmert 15 åra gamal i 1845
Eg har ikkje funne noko meir om Hans etter at han meldte utflytting frå Hovin for å emigrera til Amerika. 

1851 - Gjermund Torstensen Rui - 25 år

Utvandra til Amerika 12. mai 1851
Utflytting: Gjermund Torstensen 
Denne personen er ikkje å finne i kyrkjebøkene for Hovin. Han oppgjev fødseldato til å være 9. mai 1826. I kyrkjeboka for Tinn er det notert Rui (M) og det blir antyda at M står for Mæl. Det er ingen Gjermund i Mæl heller, men det finst ein Gjermund Torstensen født i Rollag i Numedal i 1828. Om dette er same person er svært usikkert. Det har heller ikkje lykkast å finne noko meir om Gjermund etter at han meldte utflytting.

1851 - Sigrid Halvorsd. Bakka - 25 år

Utvandra til Amerika 12. mai 1851
Utflytting: Sigrid Halvorsdotter 
Sigrid var eldste dotter til Halvor Olsson Bakka og Gro Kittilsdotter Tveito. Ho var den fyrste i familien som reiste. Foreldra hennar og fleire av syskena kom etter. 
Sigrid gifta seg med Gunleik Johnsson. Fleire kilder vil ha det til at han kom frå Rauland, men eg trur at han var født på Våtveit på Vesetslettene, Rjukan. Dei reiste på same skip frå Havre i 1851. Dei busette seg i Fillmore, Minnesota og dei fekk minst 7 barn. Sigrid som tok namnet Sarah døde i 1916.

1851 - Helge Nilsd. Juve - 39 år

Utvandra til Amerika 12. mai 1851
Utflytting: Helge Nilsdotter
Det har ikkje lykkast å finne Helge. Systera Gro og to av hennar barn utvandrar mykje seinare. Systersonen Ole Olsson, som tok namnet Dahl, buset seg fyrst i Minnesota og sidan i Sioux Falls i South Dakota. 

1851 - Anders Halvorsen og Gro Johnsd. Urdalen og tre barn

Utvandra til Amerika 12. mai 1851.
Utflytting: Anders Halvorsen og Gro Johnsd. Urdalen
Anders var 69 år gamal då han og kona Gro (56 år) reiste avgarde til Amerika. med seg hadde dei barna Halvor (19 år), Anders (14 år) og Peder (10 år).
Sonen Jon hadde reist i 1841, og no kom han heim til gamlelandet for å henta foreldra og småsyskena sine. Familien reiste frå Havre med skipet Centurion og var framme i New York den 21. august 1851.

Dottera Birgit, som gifta seg med Ole Knutsson Myre, reiste frå Atrå allereie i 1841. Dei hadde med seg tre barn som alle døde på reisa til Amerika. Dei kom fyrst til Muskego, Wisconsin. Der blei dei i 12 år i følge eit barnebarn av Birgit og Ole. Deretter kom dei til Winchester, Wisconsin. Dei skal ha fått heile 14 barn.

Dei fleste av dei 14 barna til Anders og Gro reiste til Amerika og kom etterkvart til Winnebago og Dunn i Wisconsin. Anders og Gro døde i Menomonie, Dunn, Wisconsin. 

1851 - Gunild Olsd. Urdalen - 40 år og Anne Olsd. Urdalen - 38 år

Utvandra til Amerika 12. mai 1851
Utflytting: Gunhild og Anne
Gunhild og Anne er oppført i protokollen som om dei kanskje skulle være systrer. Eg har ikkje funne noko som tyder på det. Dei kan ha vore i teneste i Urdalen. Eg har heller ikkje funne noko om kvar det vart av dei etter at dei reiste. Om nokon veit så vil eg gjerne få beskjed.

1851 - Ole Ingebritsen og Margit Andersd Ruidalen og fire barn

Utvandra til Amerika 12. mai 1851. 
Utflytting: Ole og Margit frå Ruedalen
Margit og Ole reiste saman med Margits foreldre, Gro og Anders Urdalen. I utflyttarprotokollen er det oppført dei tre eldste barna, men i passasjerlistene finn vi yngste dottera Gro på tre månader også. Dei busette seg i Winchester, Winnebago i Wisconsin.

1851 - Gunlek Johnsen Rui - 32 år

Utvandra til Amrika 19 mai 1851
Utflytting Gunleik Johnsson Fåne
Gunlek var mest truleg son av Jon Jonson og Birgit Gunleiksdotter i Fåne. Gunleik og Aslaug (under) var nok eit par då dei reiste til Amerika. Dei er begge gravlagt som ektepar i Blue Mounds, Dane i Wisconsin. Gunleiks fødselsdato blir der opgitt å være 27. april 1819. Gunleik var gravlagt i Blue Mounds, Dane i Wisconsin i 1901.

1851 - Asloug Thoresd. Rui - 24 år

Utvandra til Amerika 19 mai 1851
Utflytting: Aslaug Torsdotter Torud.
Aslaug var eldste dotter til Tov Olsson og Aslaug Østensdotter Rue (Torud) i Rudsgrend. Foreldra og syskena fylgde etter i 1852. 
Aslaug reiste saman med fleire få Rudsgrend. Ho hadde nok fylgje med Gunlek Johnsen Rui, og dei var truleg gift, anten på overfarten eller rett etter. I fylgje folketeljinga i 1900 vart dei gift i 1851.
Aslaug var gravlagt i Blue Mounds, Dane i Wisconsin i 1915.

1851 - Reier Torjersen og Thora Høljesd Stene og tre barn

Urflytta til Jelsø 19. mai 1851
Utflytting: Reier og Thora
Thora var født 11/4 1812 på Tufte i Busnes, Gransherad. Reier var født 19/8 1818 og vart døpt i Mæl kyrkje. Dei gifta seg i 1843 i Hovin og budde ei tid i Stene.
Reier, Thore og barna Anne (f 1843), Ole (f 1846) og Hølje (f 1849) slo seg ned i Tesdal i Etne prestegjeld i Hordaland. Vi finn dei i Tesdal ved folketeljinga i 1865 og 1875. Dei fekk sonen Torger (f.1853) i Etne.
Thora (Torine) døde i 1879 og Reier i 1899.

1851 - Ole Olsen, Liv Pedersd. Sanden og ein son

Utflytta til Hjertdal
Utflytting: Ole og Liv.
I utflyttingsprotokollen er Liv skriven for Pedersdotter, men det er retta til Høljesdotter. Dei kom begge frå Busnes, og budde berre ei kort tid i Sanden i Rudsgrend før dei flytta tilbake til Busnes. I protokollen står det at dei reiste «vaar 1850». Dei kom seinare til Sjøsåsen.

1851 - Hans Nilsen Bratrud - 24 år

Utflytta til Christiania
Utflytting: Hans Nilsen
Hans hadde verva seg i det militære og var såkalla «geworben soldat». Han meldte flytting til Christiania, men det er i Horten i Vestfold han melder innflytting tre år seinare. Ein månad etter gifta han seg med Amalie Johansdatter. Han var ei stund steinhoggar, sidan murer og fyrbøtter. Amalie og Hans fekk fem barn. 
Dei vart truleg skilt ein gong mellom 1864 og 1870. Amalie tok farsnamnet Wulf og døde i 1895. Eg har ikkje funne Hans som død. Mange av Hans sine sysken emigrerte til Illinois, USA. 
Det er ikkje så lett å fylje barna heller, ettersom nokon av dei meldte seg inn i dissenterkyrkja Kristi Menighed. Dottera Jacobine og sonen Henrik emigrerte truleg til Amerika, men dei finst ikkje i emigrantprotokollane. 

Kjelder:
Framsidebilete: Hovind Kirke, Mittet & Co
Hovin-soga, Gardar og ætter
Busnesgrendsoga : ei lita bygd på vestsida av Tinnsjøen
Gransheradsoga
Digitalarkivet
Norway Herritage 
FamilySearch