DEI SOM REISTE
Utflytta frå Hovin i Telemark
1843 - 1848
I 1843 var det berre fire som utvandra til Amerika frå Hovin. I perioden 1844 til 1848 var det ingen emigrantar. Kanskje det ikke kom amerikabrev med gode nyheiter, eller kanskje det berre var tilfeldigheit.
Dette er dei som reiste:
1843 - Anne Nielsd. Bratrud - 27 år
Utflytta til Hitterdals Præstegjæld «Meddeelt Attest den 2den Januar 1843.»
Utflytting: Anne Nilsdotter
Anne vart konfirmert 14. november 1830. Då var fødselsdatoen oppført til å være 17. februar 1815. Foreldra hennar var Nils Torsteinsson og Ingeborg Kittilsdotter. Dei var leilendingar i Bratterud.
Anne reiste til Heddal for å søke teneste. I fylgje Gransheradsoga gifta Anne seg med Tormod Olsson Vassboten i Gransherad, truleg omkring 1848. Dei fekk fire barn. Ho døde i Vassboten i 1881.
1843 - Torgrim Halvorsen Sønstegaard - 23 år
Utvandra til America «Med Attest af 7de April»
Utflytting: Torgrim Halvorsson
Torgrim var truleg født 2. juledag 1820 på Skurven, og døpt i Mæl kyrkje. Foreldra var Halvor Halvorsson og Guro Halvordotter. Då Torgrim vart konfirmert i 1836 var begge foreldra døde og han budde i Perskås.
Då han meldte utflytting frå Hovin i 1843 var han ungkar, og mest truleg i teneste på Sønstegard i Rudsgrend.
Han reiste med skipet Argo frå Havre den 23. juni og kom i land i New York den 26. juli 1843.
Det kan hende at det er Torgrim sitt gravminne vi finn i Winneshiek County, Iowa i 1906. Denne Torgeir kallar seg Busnes, og det er ikkje mange kilometer mellom Sønstegard og Busnes. Det var ingen andre døpt Torgrim Halvorsson i Hovin, Tinn eller Gransherad mellom 1816 og 1824.
1843 - Gro Olsd. Domrud - 29 år
Utvandra til America «Med Attest af 28de April»
Utflytting: Gro Olsdotter
Gro vart født på Sauro, men familien flytta derifrå. Då Gro var konfirmert i 1832 budde dei i Dommerud. Syskena, Lars, f. 1806 og Sonnev f. 1811, hadde utvandra til Amerika i 1841. Omkring den tida Gro reiste, så budde nok broren Lars i Muskego, Racine, Wisconsin.
Gro reiste med Argo frå Havre den 23. juni og kom i land i New York den 26. juli 1843.
Eg har ikkje funne nok meir om Gro enda.
1843 - Niels Halvorsen Græsdalen og sonen Halvor 2 år
Utvandra til America «Med Attest af 3die Mai»
Utflytting: Nils Halvorsson og sonen Halvor
Familien hadde meldt utflytting i 1842. Då budde dei i Jore, og Gunne Kettilsdotter, kone og mor var i live.
No er ho openberrt død i mellomtida, sidan Niels Halvorsen no er ført som enkjemann og reiser aleine med sonen som no har vorte 2 år.
Nils og sonen Halvor reiste truleg med briggen Venskabet frå Skien den 5. juni. Derifrå gjekk reisa til Havre, der dei gjekk ombord i skipet Argo den 23. juni. Dei kom i land i New York den 26. juli 1843.
Gravminnedatabasen, Find A Grave, vil ha det til at vesle Halvor døde «At Sea», men det er ikkje notert dødsfall for Halvor i passasjerlista. Registreringa kan vil likevel tyde på at han døde enten til sjøs eller kort tid etter.
Nils gifta seg på nytt i 1848 med Sigrid Jørgensdotter Lien frå Gol. Det ser ut til at dei fekk minst sju barn. Nils døde i 1899 i Dane, Wisconsin.
1843 - Asloug Gunleksd. Dybedal - 39 år
Utflytta til Liers Præstegjæld «Meddeelt Afskedsattest d. 26 Juni.»
Utflytta: Aslaug Gunleksdotter
Aslaug vart konfirmert i 1821, og foreldra hennar var Gunleik Gunnarsson og Margit Olvesdotter Dybedal. Dette er truleg Djupedal under Vasstveit. Dåpsdatoen hennar var 1. janaur 1804. Presten skriv i karakterfeltet: «Fattig Kundskab fordi hun har havt en forsømt Opdragelse. Skikkelig i Forhold.»
Ho var 39 år då ho meldte flytting til Lier som tjenstepige. Ved innflytting til Liers prestegjeld er det notert «Sjaastad». Det ser ut til at ho hadde kome dit allereie i 1839.
Ho kom truleg etter kvart til Konnerud i Skoger. I 1875 var ho på Stubberud. Der var ho ugift lægdslem frå Tinds Prgjd. og blei forsørga «Af Konnerud S Fattigvæsen». Eg har ikkje funne når ho døde.
1843 - Gjermund Kettilsen og Turi Olsd. Hougetraa og sonen Kettil 2 år
Utflytta til Hjerdals Præstegjæld «Med Attest af 5te Juli.»
Utflytta: Gjermund og Turi Haugetrå.
Haugetrå ligg i Busnesgrenda i Gransherad, men då Turi vart konfirmert budde ho i Grasdalen i Hovin. Det var nok truleg på grunn av at Turi høyrde til Hovin Prestegjeld at dei måtte melde flytting. Med seg hadde dei sonen Kittil, 2 år. Ved folketeljinga i 1865 budde familien på Bøen søndre i Gransherad.
1843 - Gunlek Rollefsen Lindøen - 42 år
Utflytta til Flesberg Præstegjæld «Meddeelt Afskedsattest d. 13 Octb.»
Utflytting: Gunlek Linøye
Gunleik vart født på Sjøtveit, Tinn Austbygd, truleg i april 1801. Foreldra hans flytta til Linøye i Hovin året etter. Han var nummer 5 i ein syskenflokk på tilsaman 12. Han reiste nok over Blefjell til Flesberg for å søke teneste. I fylgje Flesbergboka skulle dette ha vore omkring 1833. Han skal ha vore i teneste på Sønstegard i Flesberg mellom 10 og 20 år før han og kona Beret kom til Kronsetsæter i 1852. Dei kjøpte eigedomen av ein familie som reiste til Amerika.
Gunleik, eller Gullek som han vart kalla i Flesberg, gifta seg med Beret i 1850, og dei fekk 5 barn. Det blir sagt at mange i etterslekta var framifrå gode dansarar. Dei skal ha vore med i ein stumfilm frå 1926, kalla Lågdalsfilmen, der dei dansa i fleire sener. Namnet Kronsetsæter vart truleg etter kvart forkorta til Sæter.
Gunlek døde i 1871.
1844 - Kittel Tovsen Løvvig - 23 år
Utflytta til Skudesnæs 1841 «Att. 29/3. (1844)»
Utflytting: Kittil Tovsen
Han vart født den 5. februar 1821 i Lauvviken. Foreldra var Tov Olvesson og Aslaug Kittilsdotter. Han hadde reist til Skudenes i 1841. Eg har ikkje funne han som innflytta til Skudenes prestegjeld i Rogaland. Han kom truleg tilbake til Hovin nokså snart etter. I 1851 melder han utvandring frå Hovin til Amerika. same året, nokre månader seinare, gifter han seg med Birgit Høljesdotter Feten. Meir om Kittil i 1851.
1844 - Halvor Bjørnsen Joreskaas - 22 år
Utflytta til Skoger «Att. 15/9.»
Utflytting: Halvor Bjørnsen
Eg har leita etter stadnamnet Joreskaas utan å finne nokon plass i Hovin, Rudsgrend eller Tinn med det namnet eller noko som kunne likne. Foreldra var Bjørn Andersson og Margit Olsdotter, og då han vart døypt i september 1822 budde dei i Kaasa. Familien har kalla seg for Brattrud seinare, så kanskje det er Bratterudkose det er snakk om. Halvor vart født den 2. juli 1822. Han blir konfirmert i Atrå i 1839, då oppgjev han også Joreskaas som bustad. Far hans er då død.
Fleire frå Hovin hadde flytta til Skoger og Konnerud tidlegare. Han gifta seg med Gjertrud (Jetta) Ellingsdatter frå Sagene i Asker i 1845. Det fyrste barnet deira vart døypt i Skoger. Ved folketeljinga i 1875 var Halvor tomtearbeider i Drammen og dei hadde tre vaksne barn. I 1891 er Halvor «Bjelkehugger» og dei budde i St. Halvardsgate.
Halvor døde av alderdom i 1912 i Drammen.
1845 - Ole Rollefsen Lindøe - 41 år
Utflytta til Rollag i Numedal «Att. 28/3.»
Utflytting: Ole Rollevsson Linøye
Han flytta til Rollag og gifta seg der med Kristi Tovsdotter Fjøseeie same året, i 1845. I 1847 hadde dei flytta tilbake til Hovin. Den fyrste tida budde dei kanskje i Linøye, mange av barna er født der, men dei flytta mykje rundt i bygda. Dei fekk ti barn. Ole døde i Søråsdekkan av alderdomssvakhet i 1894.
1845 - Susanne Jacobsd. Sanddok - 24 år
Utflytta til Hitterdal «Att. 18/10.»
Utflytting: Susanne Jacobsdotter
Sanddok er ikkje ein kjend plass i Hovin. Mest truleg skal det stå Sanden.
Susanne flytta for «2 år siden». Det vil seie i 1843.
Ho vart født 17. mai 1821. Foreldra hennar var Jacob Jonsson og Birgit Jonsdotter. Dei var då husmannsfolk på Bakka.
Susanne gifta seg med Ole Olsson Klevdal under Nordre Mork i Heddal i 1845. Dei fekk ein son før Ole døde. Ho gifta seg på nytt med Nils Nilsson omkring 1861 – 1862.
Susanne døde av et «slagtilfelde» i Kasin under Bakka, Heddal i 1897. Ho var då enke og fattiglem.
1846 - Gunlek Kittilsen Tveten - 20 år
Utflytta til Norderhoug «18. juli»
Utflytting: Gunleik Kittilsson
Gunleik var født på Tveito søndre i 1826 som nummer åtte i barneflokken. Han flytta til Norderhaug truleg i Nordrehov prestegjeld i 1846, men kom tilbake til Hovin allereie året etter. I 1848 gifta han seg med Anne Nerisdotter Breiset. Gunleik døde på Maurudhaugen under Dårud i 1900.
1846 - Birgit Olsd. Hovda - 73 år
Utflytta til Hjertdal «Att. 14/11.»
Utflytting: Birgit Olsdotter.
Birgit Olsdotter var født på Tverberg i Tinn i 1774. Ho hadde vore gift med Hans Gjermundsson Hovda. Hans døde i 1843 og Birgit gifta seg på nytt med Hølje Tovsson Tuftekasin i Gransherad i november 1845. Birgit var då 71 år gamal.
1846 - Ingri Christophersd. Dammen - 32 år
Utflytta til Hjertdal
Utflytting: Ingrid Christophersdotter
Ingrid var født 18. desember 1814. Ho var dotter til Christopher Jonsson og Anne Gunleiksdotter Dammen. Ho gifta seg med Nils Nilsson og busette seg på Høymyr under Reisjå i Gransherad. De i fekk 4 barn. Berre ein son vaks opp. Ingrid døde på Høymyr i 1897.
1846 - Sigurd Gjermundsen Sigurdsrud - 30 år
Utflytta til Moe prestegjeld «Att. 12/3.»
Utflytting Sigurd Gjermundsson
Sigurd vart født 27. desember i 1816. Foreldra hans var Gjermund Sigurdsson og Ingeborg Knutsdotter på husmannsplassen Rustveit. Dei flytta og busette seg i Sigurdsrud under Espeset. Mor til Sigurd døde i barselseng då ho fødte tvillingar. Då var Sigurd 11 år gamal.
Om han kom til Moe og Skafså eller Åmdal er usikkert. Han gifta seg i januar 1854 i Eiken i Øvre Kvinesdal prestegjeld med Asgjer Torjersdotter Haddeland. I 1865 budde dei på plassen Holte og hadde tre barn.
Etter 1865 har eg ikkje funne noko meir om familien. Eg har ikkje funne dei utflytta frå Hægebostad mellom 1865 og 1875.
1847 - Østen Svendsen og Torgun Christophersd. Øverbakke med to barn
Utflytta til Egers Præstegjæld «1846»
Utflytting; Østen og Torgun Øverbakke
Østen hadde meldt utflytting før og kome tilbake til Hovin. No meldte han flytting for familien til Eiker. Om dei kom dit og blei innmeldte i Eiker prestegjeld er usikkert. Dei kom i alle fall tilbake til Hovin før 1854. Østen forlot kona si før 1865 og døde på Mårem i Atrå i 1888. Torgun døde i Kaase under Graver i 1876.
1848 - Ragnil Torjusd. Steensrud - 37 år
Utflytta til Kongsberg «Att. 10/6.»
Utflytting: Ragnhild Torjusdotter
Ragnild var født på Kongsberg då far hennar var med på oppbygginga av Kongsberg etter brannen i 1810. Dei budde nok på Kongsbeg i nokon år før dei flytta tilbake til Hovin. Ragnhild gifta seg med Hans Larsson i Kongsberg i september 1848. Dei fekk to barn. Ho døde i 1896. Ho var bestemor til Macello Haugen.
1848 - Margit Hansd. Øverbakke - 25 år
Utflytta til Hjertdal «Et Par Aar siden. Att. 2/10.»
Utflytting; Margit Hansdotter
Margit vart født 23. desember 1822. Foreldra hennar var Hans Kittilsson og Anne Gunnulfsdotter Øverbakke. Dei budde då i Jore. I 1853 gifta Margit seg med John Johnsson Runningslia (Jonsgard) i Gransherad. Dei fekk åtte barn. Margit døde i 1899.
Kilder:
Hovin-soga, Gardar og ætter
Framsidebilete: Digitaltmuseum.no. Telemark Museum – Blefjell, truleg tatt ved Damhølen, Nord Fosso
Gransheradsoga
Digitalarkivet
FamilySearch