DEI SOM REISTE
Utflytta frå Hovin i Telemark
1837 - 1842
Emigrasjon til Amerika startar
I 1837 reiste den fyrste familien frå Søråsdekkan i Hovin til Amerika. Det fyrste året var det berre ein familie som kom til å reise. Dette var same året som dei fyrste emigranane frå Tinn reiste. Det er rimeleg å tru at dei reiste i det same fylgjet.
Utvandringa til Amerika tok seg kraftig opp i 1840-åra. Det var framleis nokon få som flytta til Gransherad, Heddal og Numedal.
Dette er dei som reiste:
1837 - Margit Kittilsdatter Graver - 43 år
Utflytta til Hjerdals Pstgjæld «Meddeelt Afskedsattest d. 21de Feb. 1837.»
Utflytting: Margit Kittilsdatter
Margit var dotter til Kittil Østensson og Aslaug Gjermundsdotter Fosso. Ho var født i Linøye og flutte i 1801 til Sjøtveit i Austbygde og vaks opp der.
I 1837 var ho 43 år gamal, hadde nok vore i teneste på Graver, og reiste til Gransherad for å gifte seg med Ole Kittilsson Lisland 19. mars 1837. Han hadde vore gift med Margits syster, Ingeborg Kittilsdotter, som døde i 1833.
Dei reiste til Rollag omkring 1855 og busette seg på Kleiverudhagen. Dei fekk to døtrer. I tillegg hadde dei Oles dotter, Aslaug, frå Oles fyrste ekteskap. Margit blei gravlagt 16. juli 1881 ved Rollag stavkyrkje.
1837 - Halvor Kittilsen og Anne Olsd. Søraasdokken med tre barn
Utflytta til Nord-Amerika. «Meddeelt Afskedsattest 1ste Mai 1837.»
Utflytting: Halvor og Anne frå Søråsdekkan
Halvor og Anne reiste ut med barna Gunhild, Ågot og Judith den 17. mai 1837 med barken Niord, og kom i land i New York 21. august 1837. Det var haust, og vi veit ikkje korleis dei greide seg gjennom vinteren.
I 1840 trur eg vi finn familien i LaSalle, Illinois. Døtrene Cordelia (Gunhild) og Julia (Judith) bur heime med foreldra.
Siste gongen vi finn dei er ved folketeljinga i 1880. Då bur familien framleis i LaSalle.
1837 - John Johnsen, Birgit Gunleksd. Svalestuen og tre barn
Meldt utflytting til Amerika. «Nord-Amerika. Ikke afreist.»
Utflytting John og Birgit
Desse folka hadde meldt utflytting til Heddal sju år tidlegare, men kom då tilbake til Hovin. Det blei ikkje nokon Amerikaferd heller.
1839 - Østen Østensen og Anne Hansdotter Øverbakke
Utflytta til Nord-Amerika «Meddeelt Afskedsattest i Mai 1837.»
Utflytting: Østen og Anne
Østen og Anne hadde gifta seg i 1837. Dei fekk to dødfødte barn før dei reiste til Amerika. Eg har leita etter dei i Amerika utan å ha funne noko sikkert. Om nokon veit, så ta gjerne kontakt.
1840 - Thore Jons. og Sigrid Hølesd. Almelien og fire barn
Utflytta til Thudals Annex i Hjerdals Præstegld. «Meddeelt Afskeds-Attest den 3die April 1840.»
Utflytting: Thore og Sigrid
Tore var født i 1795 og var son åt Jon Gunleiksson Helleberg Dårud og Gro Halvorsdotter Dårud. Han gifta seg med Sigrid Høljesdotter Nisi i 1782. Familien hadde budd i Dårud og sist i Almelie.
Dei kom nok til Rinde i Tuddal allereie i 1837, for sonen Hølje blei født der då. Tore døde på Rinde, og Sigrid på Busnes.
1840 - Ole Gjermundsen og Mari Kittilsd Løvvigen med to barn
Utflytta til Nordamerika «Meddeelt Afskeds-Attest 28de April 1840.»
Utflytting: Ole og Mari
Ole Gjermundsson Håkanes og Mari Kittilsdotter Steinsrud reiste med barna Turi, 6 år og Kittil, 4 år. Dei reiste frå Drammen via Gøteborg den 18. mai 1840 med barken Emilie og kom til New York den 12. august. På same skipet reiste også Oles syster, Sigrid Gjermundsdotter Håkanes og hennar mann, Hølje Tovsson Fåne, og deira to barn, Turid og Aase.
Ole kalla seg for Ole Gjermundsen Haakanes i 1845. Då skreiv han under på «Beretning fra Nordamerika» Eit takkebrev for gaver til den nye kyrkja i Muskego, Racine, Wisconsin. Brevet blei trykt i Morgenbladet den 1. april 1845
1840 - Thone Kittilsd Steensrud - 24 år
Utflytta til Flesberg Præstegjæld «Meddeelt Afskedsattest d. 29de April 1840.»
Utflytting: Thone Kittilsdotter
Ho blir innskrive i Flesberg kyrkjebok, med notering om at ho kom for å gifte seg med Ole Pedersen Engen. Dei vart gift 18. juni 1840.
1841 - Herbjørn Rollefs. Lindøen - 32 år
Utflytta til Rollougs Præstegjæld. «Meddeelt Afskedsattest d. 9de April 1841.»
Utflytting: Herbjørn Linøye
Herbjørn gifta seg med Ambjørg Juulsdotter Godstad same året. Dei busette seg på Godstad, og fekk seks barn. Herbjørn døde i 1892.
1841 - Andres Tovsen Dalen - 23 år
Utflytta til Amerika. «Meddeelt Afskedsattest d. 13 April 1841.»
Utflytting: Andres Urdalen
Andres som tok namnet Andrew Thompson gifta seg med Margit Knutsdotter Mårem som hadde emigrert i 1843. Dei gifta seg i Muskego, Wisconsin. Seinare flytta dei til Minnesota før dei til slutt slo seg ned i Nance County, Nebraska. Dei fekk 9 barn som alle vaks opp.
1841 - Lars Olsen og Birgit Halvorsd. Domrud med fire barn
Utflytta til Nord-America. «Meddeelt Attest den 26de April 1841.»
Utflytting: Lars og Birgit
Lars Olsson var født på Sauro nordre i 1806 og Birgit Halvorsdotter i 1811. Ho var busett på Tollefsjord i 1832 då dei gifta seg i Atrå kyrkje. Lars overtok Dommerud i 1834 etter eit makeskifte far hans hadde gjort i 1823.
Dei reiste med fire barn; Ole 8 år, Anne 6 år, Halvor 4 år og Lars 1 år.
i 1845 budde familien i Muskego, Racine, Wisconsin. Då signerte Lars på eit innlegg i Morgenbladet i samband med at den fyrst Norsk Lutherske kyrkja vart bygd der.
Seinare flytta familien til Iowa. Der gjekk det historier om at Lars driv forretning og utlånsverksemd. I Hovinsoga kan ein lese om dette og at han visst nok «var ein gniar av verste slag»
Birgit og Lars fekk fem barn til, etter at dei kom til Amerika.
Lars vart gravlagt i Decorah, Winnishiek, Iowa.
1841 - Sønnef Olsd. Domrud - 30 år
Utflytta til Nordamerica. «Meddeelt Attest den 26de April 1841.»
Utflytting: Sønnef Dommerud
Sonnev reiste saman med bror sin Lars O. Dommerud i 1841 (sjå over). Hovinsoga fortel at ho kom tilbake til Hovin og organiserte utvandring til Amerika i 1851. Det var heile 30 personar som reiste frå Hovin i 1851, men eg har hittil ikkje funne noko meir om Sonnev.
1841 - Jon Andresen Urdalen - 19 år
Utflytta til Nordamrica. «Meddeelt Attest den 26de April 1841.»
Utflytting: Jon Andresen Urdalen
Jon gifta seg i Amerika med Juliane Larsen, og dei fekk fleire barn. Jons foreldre og mange av syskena hans reiste til Amerika ti år seinare.
1841 - Halvor Halvorsen Græsdalen - 21 år
Utflytta til N. America «Meddeelt Attest den 30te April 1841«
Utflytting: Halvor Halvorsen Græsdalen
Halvor var født 22. mars 1820 og var son åt Halvor Hansen og Birgit Madsdotter. Dei var husmannsfolk i Grasdalen.
Eg har hittil ikkje funne noko sikkert om Halvor. Det ville være rimeleg å tru at han reiste til Racine County, Wisconsin, som så mange andre Tinndøler og Hoværinger gjorde i 1841, men det er slett ikkje sikkert.
1842 - Halvor Ellefsen og Gro Olsd. Jørrisdal og fem barn
Utflytta til Nord-America «Meddeelt Attest den 17de Marts 1842.»
Utflytting: Halvor og Gro Jørrisdal
Halvor Eilevsson Jørisdal var 47 år gamal og Gro Olsdotter Bakka var 44. Dei reiste med barna Gro 21 år, Ellef, 17 år, Ole 15 år, Sigrid 10 år og Halvor 6 år.
Halvor kalla seg for Oliver då dei kom til Amerika, og Gro tok namnet Julia. Halvor døde tidleg, truleg i 1842 eller 1843 i Muskego, Wisconsin. Gro gifta seg opp att med John Olson. Dei fekk truleg ikkje barn. Gro (Julia) vart gravlagd i LaSalle County, Illinois. Hølje Bøen har skrive om Halvor Jørisdal fra Hovin i boka «Utvandringen fra Busnesgrend til Amerika»
Halvor og Gro fekk mange barnebarn.
1842 - Hellek Svends. og Anne Halvorsd. Urdalen Øverbakke og ein son.
Utflytta til Nordamerica «Med Attest af 26de Marts 1842.»
Utflytting: Hellek, Anne og Svend.
Dei hadde vore gift i tre år då dei reiste. Med seg hadde dei sonen Svend, knapt eit år gamal.
Eg trur dei fyrst kom til Racine, Wisconsin. Mange frå Noreg reiste til Muskego den fyrste tida. Muskego var på mange vis ein slags transitleir. Det var truleg Hellek, under namnet Hellek Swensen, som fekk statsborgerskap i 1847 i Racine. I tida rett etter dette flytta svært mange til andre deler av Amerika, og eg har til no ikkje funne familien.
1842 - Olaug Olsd. Ødegaarden - 21 1/2 år
Utflytta til Nordamerica. «Med Attest af 13de April 1842.»
Utflytting: Olaug
Olaug reiste aleine, som pige. Ho var dotter åt Ole Hansen og Sigrid Jonsdotter Midtgarden, og var født i Øygarden den 16. september 1820. Ho reiste med briggen Washington, og skal ha gifta med Andres Larsson Møli ombord i skipet då dei kom til New York.
Dei var busett i Mission Township, LaSalle, Illinois i 1850. Dei fekk truleg ingen barn.
Olaug, som ofte bruka namnet Olene, vart gravlagd i LaSalle, Illinois i 1874.
1842 - Ole Hanson og Gro Gjermundsd. Hove og to barn
Utflytta til Nordamerica «Med Attest af 25de April 1842»
Utflytting: Ole og Gro Hove
Gro, Ole og barna Hølje og Gunhild emigrete frå Hovin i 1842. Det ser ut til at dei, alle fire, ankom New York med skipet Tuskina 5. september 1842. Dette skulle være nokså sikkert.
Deretter blir det vansklegare. Dette blir spekulasjoner, men kanskje noko å søkje videre på.
I 1857 er det folketelling. Det kan være Ole og dei to barna som bur i Houston, Minnesota. Barna heiter der Elija (Hølje) og Cordelia (Gunhild). Cordelia var ein vanleg omskriving for namnet Gunhild.
Gro er i så fall død før 1857.
Ei Cordelia Mickelsson blir gravlagt i Mound Prairie Township, Houston i 1893. Foreldrene hennar blir oppgitt å heite Ole og Gro Hanson.
1842 - Ole Jonsen og Kari Olsd. Sanden med tre barn
Utflytta til Nordamerica «Med Attest af 29de April 1842.»
Utflytting: Ole og Kari Sanden
Ole Johnsson f. 1801 i Sanden. Kari Olsdotter f. 1800 på Tveito-mellom. Kari var syster åt Ingeborg Olsdotter som reiste same år (sjå under). Oles syster, Åsne, og hennar mann Jon Busnes reiste også til Amerika i 1842. Dei er ført som utflytta frå Gransherad.
Ole og Kari reiste frå Sanden i Rudsgrend med barna Gro 16 år, Jon 10 år og Ole 8 år.
Dei budde truleg i Muskego, Waukesha, Wisconsin i 1845. Då skreiv Ole Johnson Sanden under på avisinnlegget i Morgenbladet.
I boka Utvandringen fra Busnesgrend, nemner Hølje Bøen familien, men han har heller ikkje funne dei att sidan.
Eg trur kanskje dei må ha halde til i området omkring Racine i Wisconsin ei tid, men eg har for lite sikkert å gå på.
1842 - Halvor Halvorsen og Ingeborg Olsd. Brænna med to barn
Utvandra til Nordamerica «Med Attest af 29de April 1842.»
Utflytting: Halvor og Ingeborg Brenna
Halvor var truleg født på Brenna under Hovdestul i 1803. Ingeborg var født på Tveito-mellom i 1804.
Dei reiste med barna Susanne f. 1834 og Ragnhild f. 1842. Yngstejenta var berre 2 månader gamal.
Vi veit at dei kom i land i New York den 15. august 1842. Etter det er det ingen sikre spor.
1842 - Ole Olsen og Kari Steensd. Bakka med to barn
Utvandra til Nordamerica «Med Attest af 6te Mai 1842.»
Utflytting: Ole og Kari Bakka
Med seg hadde dei barna Ole 4 år og Sigrid 1 år.
Dei reiste med briggen Washington frå Porsgrunn den 3. juni og kom i land i New York den 1. august 1842.
Hovinsoga skriv at Ole Olsson døde i 1842. Eg har ikkje funne at han døde i Noreg. Han kan ha dødd rett etter at han kom til Amerika.
Mange av dei som reiste dette året kom til Muskego, Wisconsin, men eg har ikkje funne noko meir om familien.
1842 - Kettil Kettilsen Hove - 31 år
Utvandra til Nordamerica «Med Attest af 9de Mai 1842.»
Utflytting: Kittil Kittilsson Hove
Kittil Kittilson Hove var eldste son på Hove søndre. Han reiste ut frå Hovin som 18 åring i 1829. Den gongen kom han nok ganske raskt tilbake.
No reiste han til Amerika med skipet Tuskina og steig i land i New York den 5. september 1842. Fleire av søskena hans reiste i åra som fylgde.
Kittil kom til LaSalle County i Illinois. Han gifta seg der i 1847 med Liv Høljesdotter som hadde emigrert frå Gauset i Tinn og fekk stor etterslekt i LaSalle.
1842 - Gunne Hansd. Hovda - 27 1/2 år
Utflytta til Hitterdals Præstegjæld «Med Attest af 24de Juni 1842.»
Utflytting: Gunne Hansdotter
Gunne vart født 10. november 1814 og ho var dotter åt Hans Gjermundsen og Birgit Olsdotter på Hovda i Rudsgrend. Ho gifta seg i juli same året, med Ole Olsson Hellemstul i Heddal. Gunne døde i Heddal i 1895.
Kilder:
Hovin-soga, Gardar og ætter
Digitaltmuseum.no – Forsidebilete av stabbur i Jørisdal
Hjartdalsoga: gard og ætt. 1 Tuddal
Digitalarkivet
FamilySearch
Utvandringen fra Busnesgrend til Amerika : mange reiste, få kom heim att, Hølje Bøen