DEI SOM REISTE frå Hovin
I 1815 byrja prestane i Tinn og Gransherad å notera inn- og utflytta frå sokna. Hovin hadde eigne kyrkjebøker i denne perioden (1815-1870). Anfinn Bernaas har transkribert desse listene og dei er no tilgjengelege i Digitalarkivet. 1815-1859 under Tinn prestegjeld og 1859-1870 under Gransherad prestegjeld. (Eg har ikkje kome lenger enno.)
Eg har forsøkt å finne ut kva som hende med dei som reiste frå Hovin. Eg synes det er vondt dei gongene det ikkje lykkast å finne dei att. For meg så gjeld det nok særleg når unge tenestegutar og tenestejenter reiste aleine ut av bygda, og det ikkje er råd å finne ut kva som skjedde med dei.
I 1815 blei dei fyrste protokollane over utflyttarar ført i Hovin. Folk flutte nok ut av bygda før den tid og, men då er det vansklegare å finne dei.
I tida 1815 – 1836 var det 68 personar som meldte flytting. Av dei var det berre 37 som flutte for godt, så mange kom tilbake. Av desse igjen, var det 7 som berre flutte frå Rudsgrend til Busnesgrend.
I 2025 er det 200 år sidan dei fyrste emigrantane reiste frå Noreg
Årstalet blir markert på forskjellig vis, og dette får bli mitt bidrag. No er dette så uendeleg mykje enklare enn det var for berre nokre få år sidan.
I Tinn er det god oversikt over dei som utvandra til Amerika. I fylgje Rjukan Arbeiderblad hadde 1950 personar emigrert frå Tinn til USA mellom 1837 og 1907. Andres A. Svalestuen laga registeret over dei som utvandra frå Tinn i ei hovudfagsavhandling.
I Hovin er det ikkje nokon slik oversikt.
I 1837 byrja emigrasjonen frå Hovin til Amerika. Nokon har vore lette å fylje, andre «blir borte». Mange familiar reiste ofte til etablerte norsk-amerikanske busettingar, men mange tok også sjansen på å prøve lykka på eigenhand. Særleg gjaldt nok det ungkarar.
Korleis eg leitar etter dei som reiste:
Digitalarkivet gjev mange opplysningar. Det same gjer også bygdebøker, men dei har ein tendens til å avslutte med at personen er utflytta/emigrert. Nokon unntak finst på ‘Nasjonalbiblioteket‘.
Fornamn og etternamn blei ofte endra. Ein einsleg utvandrar med namn som til dømes Jon Jonsen er ikkje så lett å finne. Ugifte kvinner er ofte enda vanskelegare. Ein finn dei kanskje i det dei kjem i land i Amerika, men ikkje vart dei innrulla i det militære, sjeldan kjøpte dei jord, og ofte skifta dei namn. Om dei gifta seg tok dei namnet til sin mann.
Dei som er lettare å finne er familiar med fleire barn, folk som reiste i fylgje med slekt eller naboar og folk som hadde spesielle namn som dei beheld. Det finst også forskjellige kjelder i Amerika som kan fortelje noko om kvar det vart av folk. Eg reknar med at etterslekta til mange av dei som reiste har mange opplysningar som eg ikkje har hatt tilgang til.
Nettstaden ‘Find a Grave’ byrjar å bli godt oppdatert. Det same gjeld ‘FamilySearch’. Begge desse nettsidene er gratis å bruke og eg brukar dei heile tida. Nettsida ‘Norway Herritage’ blir no kanskje åpna på nytt i regi av Slekt og Data. Denne sida har m.a. mykje informasjon om skip og passasjerlister. I tillegg finst det mange betalingsbasete sider som eg brukar frå tid til annan, men som eg sjeldan nytter som kjelder her ettersom dei ligg bak betalingsmurar.
Utflyttar- og innflyttarattestar
Ein utflyttarattest var viktig og var eit slags «pass». Det vart nokså strenge regler for å reise på denne tida, men mange melde likevel ikkje utflytting eller innflytting til nytt prestegjeld før dei hadde bruk for vigsel, barnedåp eller liknande. Utflyttarattesten ville gjelde som «paserseddel» dersom øvrigheita spurde om kven dei var eller kor dei skulle. Mange kan derfor ha vore i teneste lenge og mange stader før dei kanskje meldte innflytting til nytt prestegjeld.
Dei som ikkje meldte innflytting og som døde ugifte og utan barn blei eit problem for presten. Nokon gonger fann presten ut kor dei kom frå og sende dødsfallsmelding dit. Men ofte blei dei berre registrert som fattige eller legdslemmer utan andre kommentarar.
Det hendte likevel at folk berre reiste utan å melde utflytting. Enkelte gonger finn eg dei att, anten i Norge eller i utlandet, men det høyrer til sjeldenheitane.
Kjelder og lenker:
Forsidebilete: Utvandrere, Gustav Wentzel (1859-1927)
Utvandrermuseet: https://utvandrermuseet.no/2025
Norway-Heritage
Slekt og Data: Gravminner; Nordmenn som emigrerte