DEI SOM REISTE

Utflytta frå Hovin i Telemark

1815 - 1836

Det var ikkje mange som reiste frå Hovin den fyrste tida etter 1815. Nokon flytta til Gransherad (som då var i Hjartdal prestegjeld) Dette gjaldt nok særleg dei som budde i Rudsrend som på den tida høyrde til Hovin sokn. Dei måtte melde flytting når dei busette seg for eksempel på Busnes som høyrde til Gransherad.

Mange av dei som reist kom tilbake. Nokon var kanskje berre borte i teneste ei kort tid. Andre fann etter ei tid  ut at «heime var best»

Uventa mange reiste til Rogaland omkring 1819-1827, uvisst av kva grunn. Så godt som alle desse kom tilbake til Hovin etter få år. 

Dette er dei som reiste:

1816 - Ougen Pedersen og Ingebor Halvors'd Rundthul

Utflytta til Egers Præstegjeld
Ronthol var ein liten plass under Bakka. Den låg i den djupe dalen nordvest for Grovstjønn. Husmannsplassen var liten, og det var stor gjennomtrekk av husmenn her.
Ougen var født i 1776, og foreldra var Peder Ougensen og Margite Halvorsdotter. 
Ougen og Ingebor Halvorsdotter gifta seg i 1808 i Hovin. Det ser ikkje ut til at dei fekk barn. Dei budde i Ronthol i 1812. Då var Ougen trulovar i eit bryllup.
Dei var i slutten av 30-åra då dei meldte flytting til Eiker i Buskerud den 9. april 1816. Eg har ikkje funne fleire opplysningar om Ougen og Ingebor etter at dei flytta frå Hovin.
Utflytting Ougen og Ingebor 

1817 - Asloug Halvors Datter Bakka

Utflytta til Sandsvær.
Aslaug var «Tjenestepige». Ho meldte utflytting og skulle reise til Sandsvær. Ho fekk attesten sin den 20. oktober 1817. Det blei ikkje oppgjeve nokon alder, det er derfor vanskeleg å si når ho var født og kven som var foreldra hennar.
I protokollen skriv presten at Aslaug «Begivede sig i 1817 i Hr. Directeur Steenstrups Tjeneste paa Gaarden søndre Tofstad i Sandsvær.  
Det har ikkje lykkast å finne Aslaug etter denne innføringa i utflyttningsprotokollen.
Utflytting Asloug Halvors Datter Bakka

1819 - Jacob Jonsen og Birgit Jons Datter Bakka

Utflytta til Hjelmelands Præstegjeld i Ryefylke Provstie.
Jacob var født i Rollag. Han gifta seg med Birgit Jonsdotter Bakka i Hovin kyrkje 9.11.1816. 
Dottera Kari Jacobsdotter blei født 28/11 1816. 
Familien på tre flytta til Rogaland, men det er ingen oppføringer å finne der. 
Utflytting Jacob Jonsen og Birgit Jons Datter Bakka
Kanskje blei det ikkje til at dei reiste eller dei har kome tilbake, for i 1821 Blir dottera Susanne døpt i Hovin kyrkje. Dottera Kari blei konfirmert i Hovin kyrkje 30/10 1831.

1820 - Østen Kettilsen og Ane Halvors Datter Hougen

Utflytta til Lundteigen Plads ved Kongsberg.
Østen Kittilsson vart født på Sønstebø i Tessungdalen og vart døpt i Atrå kyrkje i 1778 . Han gifta seg med Anne Halvorsdotter i Atrå kyrkje  1/11 1802. Dei fekk dottera Gro som vart døpt 14/11 1802 i Atrå kyrkje. Dottera Birgit vart døpt 11/11 1804, også ho i Atrå.
Dei fekk skøyte på plassen Haugen under Nåpågarden i 1811. Østen selde plassen i 1817 og i 1820 melde dei utflytting til Kongsberg. «Med Præste-Attest af 26de April 1820 om deres Forhold og sidste Altergang.»
Døttrene Gro og Birgit meldte ikkje utflytting før i 1822, då Gro gifta seg med Ingebreth Olsen Friis.
Utflytting: Ægtefolk, Husmdsfolk, Østen og Ane
Utflytting: Dottera Gro Østensdotter f. 1802 d. 1869 på Lundteigen.
Utflytting: Dottera Birgit Østensdotter f. 1804
Østen døde på Kongsberg i 1850 og Anne i 1854.

1820 - Brynil Kettelsen, Elen Torjers D. Hougen og to barn

Utflytta til Vads Annexsogn til Skjolds Præstegjeld i Ryefylke Provstie.
Brynjulv og Elen gifta seg i Hovin kyrkje i 1810. Han kom frå Sønstegard og ho i frå Moen i Hjartdal. Dei skulle i fylje utflyttarprotokollen begge vere født i 1790.
Dette er den andre familien som reiser til Rogaland dette året. «Med Afskedigelses Attest af 13de Juli 1820» skriv presten i protokollen. Protokollen fortel at dei reiste med tre barn, men det stemmer neppe. Dottera Anne døde berre 5 veker gamal, så her var nok presten i overkant ivrig etter å få med alle. Dei barna som nok reiste var Birgit Brynildsdotter f. 1815 og Olaug Brynildsdotter f. 1818. (Det kan være at dei fekk ei dotter seinare som kunne ha vore døpt Anne, men det er ingen oppføringer i fødselsprotokollar som skulle tilseie det.)
Utflytting: Familien på Haugen under Urdalen 
Dei fekk to barn medan dei var i Rogaland. Torger Brynildsen f. 9/7 1822 i Vats sokn og Elen Brynildsdotter f. 2/4 1825 i Vikedal.
Heimflytting til Hovin i 1827. Frå Hapnæs i Vigedals Præstegjæld.
Det var berre dei to yngste barna som blei med heim til Hovin, men Olaug flytta nok også med heim.
Birgit Brynjulvsdotter: Ho kan ha gifta seg i 
Vinje i 1837 med Svend Olsen frå Hurum. Eg har ikkje funne noko meir om henne.
Olaug Brynjulvsdotter: Ho blei konfirmert i 
Hovin 27/10 1833, ho hadde attest frå Vigedal Prestegjæld. Då Olaug vart konfirmert skriv presten også at bustad var Kaasa og at ho er «Yderlig fattig». Olaug gifta seg med Samuel Tostensen 18/10 1846, dei busette seg på Skuggen i Rudsgrend, og melde seinare utflytting til Hjartdal.
Brynild Kittilson Skyggen døde som legdslem på Sønstegard og vart gravlagt i Hovin 10/7 1873. Kona Elen Torjerdotter Skyggen vart gravlagt i Hovin 5/4 1879.

1820 - Aasne Jons Datter Sanden - 28 år

Aasne flytta frå Sanden i Rudsgrend til Busnes for å gifte seg med Jon Jonsen Busnes den 4 november 1820.
Utflytting: Aasne Jonsdotter Sanden

1821 - Tormo Olsen og Sissel Torgrims Datter Holmestuldalen

Utflytta til Kroshøl under Reisjå i Gransherad
Desse folka var nok frå Gransherad, men dei budde på plassen Holmestuldalen under Dårud i 1821. Ved folketeljinga i 1801 budde dei på Kopsland i Gransherad. Dei var då gift og aldersforskjellen var nesten 30 år. Tormo var født omkring 1775 og Sissel omkring 1747. Dei flutte til Kroshøl under Reisjå i Gransherad «Med attest af 29april 1821»
Utflytting; Tormo og Sissel

1821 - Torbjørn Halvorsen Sørum-Juve - 56 år

Utflytta til Hitterdals Præstegjeld
Torbjørn skal ha vore født omkring 1765 og var 56 år og enkemann då han meldte utflytting til Heddal. Han budde då i Juve under Sauro. Det er ingen oppføring i Heddal, men det kan være Torbjørn som døde i Fyken den 10/3 1847.
Utflytting: Torbjørn Juve 

1823 - Andres Larsen - 19 år og Lars Larsen Stegerud - 24 år

Brødrene frå Stegarud meldte flytting til Drammen. 
Presten noterer «Meddeelt Døbe-, Confirmations- og Afskeds-Attest d. 6de Octob. 1823». Dei blei innført i protokollen i Bragernes Kirke i 1829.  
Utflytting: Lars Larsson Stegarud f. 1799  
Utflytting: Andres Larsson Stegarud f. 1804 
Andres melde heimfytting til Tinn i frå Drammen i 1841. Då var han enkemann og flytta til Nybu i Hovin.
Lars skal i fylgje Hovinsoga ha gifta seg med Anne Petersdotter Busnes i 1833 og han døde i 1862 på Nybu.

1824 - Aslaug Sigurdsd. Skivdalen - 22 år

Utflytting til Busnes, Gransherad. 
Aslaug var født i 1802, og ho reiste til Busnes etter å ha gifta seg med Ole Petersen Busnes den 6/12 1823 i Hovin kyrkje. Ho døde i oktober 1826.
Utflytting: Aslaug Sigurdsdotter.

1824 - Østen Johnsen Bakka - 18 år

Utflytta til Sandsvær Præstegjeld
Østen var født i 1806. Han var døpt i Mæl kyrkje 5. juli. Han var tjenestedreng. I 1827 flytta han tilbake til Hovin
Utflytting: Østen Johnsen Bakka 

1826 - Aslaug Hansd. Hovda - 25 år

Utflytta til Feten, Gransherad.
Aslaug kom frå Hovda i Rudsgrend og meldte flytting få ho gifta seg med Hølje Olsen Feten. Ved folketeljinga i  1875 er Aslaug enke på Feten.
Utflytting: Aslaug Hansdotter  

1826 - Helge Tovsd. Buxekjøn - 35 år

Utflytta til Hitterdal
Helge var født i 1791 og var 35 år då ho flutte til Heddal. Ho var Tjenestepige. John Tovsen, som kanskje var Helges bror flytta til Heddal med familien sin i 1827.
Utflytting: Helge frå Buxekjøn 
Det har ikkje lykkast å finne noko meir om kva som skjedde med Helge.

1826 - Lars Einarsen Hougaasen - 27 år

Utflytta til Drammen «For at søge Arbeide. Meddeelt Afskeds-Attest d. 27de April 1826». 
Lars var yngste son til Einer Halvorsson og Aaste Larsdotter Runningen, og var uppvaksen på Haugåsen. 
Utflytting: Lars Einarsen Haugåsen. 
Den 9/12 1827 gifta han seg med Enke og Jordeier Ingeborg Olsdotter Grinerud i Skoger. Dei fekk ingen barn, og då Ingeborg døde i 1843 gifta Lars seg på nytt med Anne Dorthea Nilsdatter. Lars blei omtala som jordeier på Grinerud, så han overtok kanskje garden etter Ingeborg.
Lars og Anne fekk tre barn. 
Edvard f.1845, Halvor f. 1848 og Ingeborg Marie f.1851. Dei to yngste reiste til Amerika.
Lars døde på Grinerud 
den 26/4 1854.

1826 - Turi Tostensd. - 35 år

Utflytta til Hitterdals Præstegjæld
Turi kom truleg frå Sondresgard (Dalen), under Grov.
Turis bror Ole reiste også til Heddal året etter. Turi gifta seg Kanskje med Andres Anderesen i 1831. To år etter fekk dei sonen Andres. Etter det finn eg ikkje meir om Turi.
Utflytting: Turi Torstensdotter

1826 - Birgit Høljesd. Dalen - 35 år

Utflytta til Busnes i Gransherred
Birgit vart konfirmert i 1809, og då var ho busett på Haukedalen i Rudsgrend. Då ho flytta var det som tjenestepige.
Utflytting: Birgit Høljesdotter 
Eg finn ho som innflytta til Gransherad, men kan ikkje finne ho som gift. Birgit Høljesdotter Sjøsåsen døde 26/6 1862. Då skreiv presten «Fattiglem, Pige, Meget lidende i mange år.»

1826 - Andres Herbjørnsen Dalen - 23 år

Utflytta til Stathelle i Bamble.
Andres var 23 år gamal og oppført som tjenestedreng då han flytta. 
Utflytting: Andres Herbjørnsson
Året etter kom han heim til Hovin med attest frå Bamble av 6te Juni 1827

1826 - Niels Halvorsen og Søvei Gunnulfsd. Tveten og to barn

Utflytta til Gransherreds Annex i Hjertdal. «Med Afskeds-Attest af 10de Oct. 1826»
I Hovinsoga blir det fortalt at Nils Halvorsen var født i 1780, og at han var eldste son til Gro Ulfsdotter og Halvor Nilsson på Tveito søndre. Han gifta seg med Søvei frå Hovinbøle. Nils mista foreldre sine og fekk dermed ein formyndar. Nils overtok etterkvart garden, men garden var sett i gjeld, og han måtte selja i 1803.
Dei reiste med barna Gro og Margit.
Utflytting. Nils Halvorsson Tveito med familie 
Familien kom tilbake til Tinn i 1829. Då hadde dei også med seg dottera Ingeborg på 3 år.
Nils og familien skal seinare ha reist til Amerika.

1826 - Sigurd Ellefsen Sanden - 44 år

Utflytta til Busnæs-grend i Hjertdal. «Med Afskeds-Att. af 11te Oct. 1826»
Sigurd var 44 år, Skomager og Løskarl då han meldte flytting.
Utflytting Sigurd frå Sanden
Sigurd kom også tilbake etter fleire år. Presten skriv at han skal «Holde sig’ i Sanden» då han flytter heim den 2/8 1850. Han døde i Sanden som legdslem i 1862.

1827 - Halvor Kittilsen og Mari Svendsd. Espeseth og tre barn

Utflytta til Sollie i Hougs Præstegjæld ved Drammen. «Denne Famile agtede at henflytte til et Eiendoms-Brug Sollie i Hougs Præstegjæld ved Drammen. Meddeelt Afskeds Attest d. 3die Jan. 1827» 
Dei flytta med barna Barbro, Kittil og Svend.
Utflytting: Mari, Halvor og barna. 

Dei kom ikkje til Sollie, men til garden Ekholt i Skoger. Dei fekk tre barn medan dei budde der; Ole, Halvor og Andreas. 
Halvor døde 52 år gamal den 8/11 1836. Mari sat att med seks barn, det yngste var to år. 
Eg trur kanskje sønene Halvor f. 1830 og Andreas f. 1834 vart sendt til Maris familie i Atrå då faren døde. 
Vidare trur eg at Mari 
døde i 1875 på Bakken, Ekholt. Presten har skive Jensdatter, men han kan ha høyrt feil.

1827 - Ole Tostensen Dalen - 27 år

Utflytta til Hitterdal. «Meddeelt Afskeds-Attest d. 15de Jan.»
Ole vart oppvaksen på Sondresgard (Dalen) under Grov. Presten omtalar han som Løsgjænger då han melder flytting. Systera Turi hadde mest truleg flytta til Heddal året før.
Utflytting: Ole Tostensen
Hovinsoga fortel at han kom til Moen under Sem. Eg trur kanskje det var Ole som budde på Spærud i Heddal ved folketeljinga i 1875, og at han døde i 1876.

1827 - Torkild Halvorsen Hougan - 29 år

Utglytta til Gjerpens Præstegjæld. «Meddeelt Afskeds-Attest d. 10de Febr.»
Utflytting: Torkild Halvorsen Hougan
Torkjel reiste som tjenestedreng. Ikkje lenge etter gifta han seg med Karen Jansdatter Dyrkold. Dei fekk ein son, Halvor. Då kona døde i 1847 gifta han seg på nytt med Anne Olsdatter Skeen. Ved folketeljinga i 1865 bur Torkjel, sonen og hans kone på Kjerringteigen, Gimsøy. Torkjel er då enkemann igjen. Etter det har eg ikkje funne fleire opplysningar om familien.

1827 - Neri Gjermundsen og Gro Torkildsd. Rensloe og tre barn

Utflytta til Stavanger Amt. «Denne Familie er meddeelt Afskeds-Attest d. 16de Mai 1827» 
Dei reiste med barna til Gro som hadde vore gift med Ole Knutsson Renslo, Knut og Aslaug, og deira felles barn, Gjermund.
Utflytting: Neri og Gro frå Renslo  
I 1828 fører presten dei inn i kyrkjeboka i Hovin igjen.
«Denne Familie findes anført foran fol. 288 som udflyttet til Stavangers Amt med Attest af 16de Mai 1827, men kom tilbake derfra efter en Omvandring i Stiftet uden at være bleven indlemmet i nogen Menighed.»

1827 - John Tovsen og Birgit Sondresd. Buxekjøn og to barn

Utflytta til Hougen under Gaarden Tindnæs i Hitterdal Præstegjæld. «Denne Familie meddeeltes Afskeds-Attest d. 6te Juni 1827»
Dei reiste med barna Birgit f. 1812 og Tov f. 1819. Jons syster, Helge, hadde reist til Heddal året før.
Utflytting: familien frå Buxekjøn
Eg har hittil ikkje funne noko meir om familien.

1827 - Aagot Halvorsd. Holte - 22 år

Utflytta til Gaarden Lønnevig i Gransherred. «Afskeds-Attest af 5te Novb»
Utflytting: Aagot frå Holte 
Aagot må ha kome tilbake frå Gransherad, for i 1834 gifta ho seg med Ingebrit Gunleikson Bjørnskås i Hovin.

1828 - Ragnhild Knudsd. Urdalen - 24 år

Utflytta til Hjartdal. «Flyttet med sin Mand til Hjerdals Præstegjæld. Gift med Hans Ketilsøn Bjørnaasen af Gransherred. Meddeelt Afskeds-Attest af 10de Octb. 1828»
Utflytting: Ragnild Knudsdotter 
Ragnhild og Hans fekk fleire barn. I 1861 melde dei utflytting til Amerika med tre barn. 

1829 - Ketil Ketilsøn Haave - 18 år

Utflytta til Drammen og Omegn og siden til Stavanger Amt og Bergen Stift. «For at søge Tjenste eller Arbeide. No. 1 og 2 meddeelte fuldstendige Attester d. 9de Octb. 1829»
Utflytting: Ketil Ketilsøn
Foreldra hans var Kittil Kittilsson og Gunhild Jonsdotter Hove. Kittil var deira eldste son og var født 13/6 1811 I Hove. Han vart konfirmert 20/4 1828
Kittil og Østen (sjå under) reiste saman ut frå bygda. Begge var odelsgutar til kvar sin gard, så det var nok eventyrlyst som fekk dei til å reise ut. Eg finn ikkje Kittil i Drammen, Stavanger eller Bergen. Kittil kom nok ganske snart tilbake til Hovin. Kittil meldte på nytt utflytting frå Hovin i 1842, denne gongen for å reise til Amerika.

1829 - Østen Svendsøn Øverbakke - 18 år

Utflytta til Drammen og Omegn og siden til Stavanger Amt og Bergen Stift. «For at søge Tjenste eller Arbeide. No. 1 og 2 meddeelte fuldstendige Attester d. 9de Octb. 1829»
Foreldra hans var Svend Østensson og Margit Olsdotter Øverbakke. Han vart konfirmert 8/10 1826. 

Østen og Kittil (sjå over) reiste saman ut frå bygda. Begge var odelsgutar til kvar sin gard, så det var kanskje eventyrlyst som fekk dei til å reise ut. 
Utflytting: Østen Svendsøn 
Det er usikkert kor Østen var dei neste åra. Han gifta seg i Hovin kyrkje med Torgun Kristoffersdotter frå Rollag i 1842. Då busette dei seg i Djupedal. I 1846 reiste familien til Eiker. Der fekk dei dottera Karen Marie. Før 1854 må dei ha kome tilbake til Hovin, for då vart dottera Torgun døpt i Hovin. 
Ved folketeljinga i 1865 bur Torgun og to døttre i Kaasa. Han som fører teljinga skriv: «Manden har forladt sin Kone; hans Opholdssted vides ikke» I 1875 bur Torgun aleine på Kaasa under Graver. Ho dør i 1876. ««Fandtes død i sin Seng, uden at nogen vidste om hvorledes hun var død, da hun boede alene, forladt af sin Mand.»
Østen hadde nok ikkje reist så langt, for han døde i 1888 på Mårem i Atrå.

1829 - Anders Gunleksøn Uverud - 23 år

Utflytta til Flesbergs Præstegjæld. 
Andres var «Gaardmandssøn» og nummer seks i syskenrekka då han reiste til Flesberg. Foreldra hans var Gunlek Olsson Uverud og Søvei Olsdotter Jørisdal.
Utflytting Andres Uverud 

Han gifta seg med Beret Evensdotter Krokmogen frå Flesberg i 1830, og budde der i nokre år. I 1843 hadde familien flytta tilbake til Hovin, og i 1847 vart den yngste sonen, Ole, døpt i Hovin kyrkje. I 1854 flytta familien tilbake til Krokmogen i Flesberg. Dei budde der ved folketeljinga i 1865. I fylgje Flesbergboka døde Andres omkring 1866. Enka Beret og barna reiste til Amerika på slutten av 1860-talet.

1830 - Halvor Torbjørnsøn - 17 år

Utflytta til Hitterdals Præstegjæld. «Meddeelt Daabs-Attest til at confirmeres.»
Utflytting Halvor Torbjørnsøn 

Halvor var uekte son av Gunhild Torsteinsdotter Dalen og Torbjørn Halvorsson Rue. Han reiste til Heddal der far hans budde i 1830. Halvor vart konfirmert i Heddal 24. oktober 1830.
Halvor gifta seg med Gunhild Kittilsdotter Haugen i Tuddal i 1837. Dei fekk ein son. Gunhild døde i 1872, og i 1883 reiste Halvor og sonen Kittil til Amerika.

1830 (1817)- Halvor Halvorsøn Hougen - 16 år

Utflytta til Rollaugs Præstegjæld » Til Rollaugs Præstegjæld med sine Forældre for 13 Aar siden, er meddeelt Attest, Meddeelt Daabsattest d. 6te Marts 1830.» Med denne attesten i hånda kunne Halvor bli konfirmert 13. juni 1831.
Utflytting: Halvor Halvorson 

1830 - John Johnsen, Birgit Gunleksd. Faane og tre barn

Utflytta til Hitterdals Præstegjæld «Meddelt Afskeedssattest d. 28de Sept. 1830 for hele Familien.»
Utflytting: John og Birgit. 
Familien budde i Fåne i Rudsgrend. John var født i 1792 og Birgit i 1794. Barna var Gunlek 11 år (1819), Gjermund 6 år (1824) og Tosten 3 år (1827).
Om dei reiste er ikkje sikkert, men dei var i alle fall ikke borte lenge, for vi finn dei i Almelie i Hovin i 1833 og i Urdalen og Svalestuen etter det. 

1833 - Ragnhild Petersd. Rue - 22 år

Utflytta til Hjerdals Præstegjæld. «Meddelt Afskeedssattest d. 27de Juni 1833.»
Utflytting: Ragnhild Petersdotter 
Ragnhild gifta seg med Ole Gregardsson Oterbekk i Gransherad kyrkje i 17. november 1833.

1833 - Hans Gunufsen Hokkedalen - 37 år

Utflytta til Hjerdals Præstegjæld. «Meddelt Afskeedssattest d. 14de Septb. 1833.»
Utflytting: Hans Gunulfsson 
Hans gifta seg med Gyri Olsdotter Feten same året. Dei busette seg på øya Galten i Tinnsjøen.

1833 - Niels Tostensen Storekaas - 24 år

Utflytta til Hjerdals Præstegjæld «Meddelt Afskeedssattest d. 11de Novb. 1833» 
Utflytting: Nils Tostensen Storekås. 
Nils var son til Ågot og Tosten Storekås i Busnes og var oppført som Tjenestekarl då han meldte utflytting frå Hovin til Hjardal prestegjeld. Han kan ha vore i teneste i Hovin og dermed måtte han melde flytting heim til Gransherad.
Han gifta seg med Gunhild Olsdotter Feten i 1834.

1836 - Anne Hansd. Hovda - 36 år

Utflytta til Vinje Præstegjld. «Meddelt Afskeedssattest d. 17de Marts 1836.»
Utflytting: Anne Hansdotter  
Eg er usikker på kven Anne var. Ho kan ha kome frå Vinje og vore tenestejente på Hovda i Rudsgrend og så flytta heim att til Vinje.

1836 - Lars Gjermundsen Hougaasen - 14 år

Utflytta til Skouge Præstegld. «Med Døbeattest af 26de April 1836.»
Utflytting Lars Gjermundsen 
Lars var født 18. mars 1822 og foreldra var Gjermund Einarsson og Anne Tovsdotter. Han var berre 14 år og flytta kanskje til slekt eller kjenningar på Ekholt i Skoger. Halvor og Mari frå Espeset reiste til Ekholt i 1827 og busette seg der. 
I mai 1843 meldte Lars emigrasjon til Amerika. Då var han 22 år, tenestedreng og busett på Ekholt.

Kilder:
Digitalarkivet.no
Hovinsoga – Gardar og Ætter
Tinn soga 2
Gransheradsoga
Hitterdalsboken : gaarde og slegter