Dette er deponentene (Vitnene) i avhøyret omkring «Sagen Anne Larsdatter Liens Dødsmaade«
1ste Deponent Lensmand O. Hansen.
Ole Hansson Bernaas, Atrå (1812-1889) var lensmann i Tinn.
Han var gift med Viil Torsteinsdotter Ulvstad, (1819-1897) født i Rollag.
2den Deponent Snedker Kittil Tofsen Rui. omtrent 28 Aar gammel
Kittil vart født 5 februar 1820 i Lauviken, han gifta seg i 1852 med Birgit Høljesdotter Feten og dei utvandra til Amerika i 1860.
Han meinte «at det var besynderligt om der ikke skulde blive noget Forhør, hvorfor han tilføiede, at om han end havde gjort 10 Børn paa en Pige, saa vilde han dog ei dræbe hende». Det var vel mykje på grunn av hans utsagn at lensmann og rettsvesen kom til at det var på sin plass med eit avhøyr.
Folket på Stegarud:
3die Deponent John Gjermundsen Stegerud, 22 Aar gl.
John var født 26. januar 1827 i Stegarud. Han var son av Gjermund Jonsson Svalestuen og Gro Jonsdotter Sanden.
4de Deponentinde Gro Johnsdatter Stegerud, henved 50 Aar gammel
Jon og mora, Gro Jonsdotter, budde «paa Skydsstationen Stegerud» Dei forklara seg om ryktene som hadde gått blant dei vegfarande som hadde kome innom der.
5te Deponent Knud Olsen Fossekaasa, 28 Aar gl.
Min tippoldefar. Han var født 18. januar 1821 i Renslo. Han gifta seg med Aslaug Jonsdotter Tveito i 1852.
Han forklara seg om det som skjedde da han kom til Lien/Fossekose denne fredagskvelden, og om korleis dei fann Anne på laurdagen.
Annes familie:
6te Deponent Halvor Larsen Fosso, 20 Aar gammel
Halvor var Annes 4 år yngre bror. Født 6. september 1828. Han vart gift med Gro Jonsdotter Åsen og blei etterkvart buande i Fossekose fram til han døde i 1894.
7de Deponentinde Johanne Larsdatter Fosso, 56 eller 57 Aar gl.
Annes mor. Ho var født omkring 1793. Annes far døde 8 år før desse hendingane gjekk føre seg.
Familien flytta mykje rund i bygda, men budde lenge i Holte, nord for Linøye. I 1848 verkar det som om dei bur på Fosso.
8de Deponentinde Ingeri Christophersdatter Reisjaa, omtrent 36 Aar gl.
Ingeri var født 18. desember 1814.
Ingeri var nabo og kanskje venn av Anne. Ho forklara seg om at ho ikkje kjende til noko om kva som kunne ha hendt Anne.
9de Deponent Ambros Gjermundsen Dalen, 42 Aar gl.
Ambros var født 16. juni 1807.
Ambros var næraste nabo til Lien/Fossekose og var med da dei skar ned liket. Han «lagde nøye Mærke til hvorledes Liget hang»
Folket i Lien/Fossekose:
10de Deponent Knud Jensen Lien, omtrent 52 eller 53 Aar gammel,
Knut var født omkring 1798 og døde 8. juni 1865, 67 år gamal som føderådsmann på Bakka i Hovin.
11te Deponentinde Ragnild Knudsdatter Lien, omtrent 53 Aar gl.
Ragnhild var dotter av Knud Helleksen Hvammen, født omkring 1797. Ho døde i 1861 på Bakka i Hovin, 66 år gamal.
12te Deponent Ole Knudsen Lien, 24 Aar gammel, ikke i militair Tjeneste
Ole var født 29. mars 1825 i Hvammen. Son av Knut og Ragnhild. Han gifta seg med Ingeborg Halvorsdotter Grov i 1851.
Knut og Ragnhild Lien hadde gifta seg i 1822, då budde dei begge i Hvammen. Ein gong før 1841 kom dei til Lien/Fossekose. Dei hadde fått 3 barn medan dei budde i Hvammen, men det er berre sonen Ole som blir nemnd i avhøyret på Graver i 1849.
Anne hadde vore i teneste hjå folket i Lien i «nogle aar» da ho vart funnen død.
Familien forklara seg om hendinga.