På leit etter

Slekta

Velkomen

Eg heiter Marianne Flåto og er oppvaksen på garden Linøye i Hovin i Telemark.
I slektstreet finn ein derfor mykje om slekta mi frå Hovin, men også om oldeforeldra til mine barn og deira aner. Når eg blir sitjande fast og ikkje kjem nokon veg med mi eiga slekt så har eg sett litt på slektene til vener. Derfor finst det også slekter frå Møre og Romsdal, Trøndelag, Lofoten, Ofoten, Troms, Hedmark, Østfold, Sverige, Danmark og Finland.

Litt om kilder:
Internett flommer over av opplysninger om slektsrelasjoner.  Mye av dette kan være riv-rav-ruskende feil! På den andre side – det er sjelden «røyk uten ild» Derfor kan det være mye nyttig informasjon for videre undersøkelser. Jeg bruker Internett for alt det er verd.
Derfor vil jeg informere: De opplysninger som oppgis med kildehenvisninger er riktige, relevant og verifiserte. Brukere av mitt nettsted skal da kunne gå til kilden og kunne se med egne øyne at opplysningene stemmer. Jeg ønsker i utgangspunktet å kunne referere til skriftlige kilder nedtegnet på det tidspunktet hendelsen skjedde, men om det ikke er mulig kan jeg referere til sekundære kilder. eks, bygdebøker, innlegg i slektsforum osv. I slike tilfeller blir det opp til leseren å avgjøre om kilden er troverdig eller ei. En kjent slektsforsker sier at alt eldre enn år 1500 er ytterst tvilsomt. 
Utover dette så er det også en relativt stor mulighet for at kildene blir tolket feil. Jeg forsøker å sjekke opplysninger mot andre kilder. Hvis to eller flere opplysninger peker i samme retning, er det større sjanse for at opplysningen er riktig. Men en kan aldri forsikre seg mot slike feil.
De gangene opplysninger ikke har en kildehenvisning, må disse opplysningene antas å være usikre og oppført som en del av et arbeidsdokument.

Dette er farmor og farfar. 
Ole må nok kallast «ekte hoværing» sjølv om ei grein av anetreet ender opp i Lisleherad, og ei anna til sist i Sauherad. Bilete over er av Ole på sleden. 
Gro har aner frå Hovin og Nes i Hallingdal. Desse anegreinene spreier seg mykje og dei ender opp mange forskjellige stader i Telemark og Buskerud.

Til Gro og Ole i slektstreet

Mormor og morfar
Bestemor Åsne var nok også «fullblods» hoværing på morsida, men eit par unntak. På farsida kjem ho frå Knipetak i Tinn Austbygd.  
Hølje var frå Gransherad og hadde mykje av slekta si derifrå og frå Hjardal.

Til Åsne og Hølje i slektstreet

Dette er mine barns oldemor og oldefar på farfar-sida.
Karls forfedre kom frå austlandet og frå Finland.
Josefines slekt var for det meste frå Akershus.

Til Josefine og Karl i slektstreet

Mine barns oldeforeldre på morfar-sida
Paulines slekt var frå Sverige, og dei fleste av dei som var råd å følge bakover var frå smed-slekter i Sverige.
Kristian var født i Ulefoss og kom på si farside frå preste-slekta Finckenhagen. Denne slekta er stor og godt dokumentert. På morsida hadde han det meste av slekta si frå midt-Telemark.

Til Pauline og Kristian i slektstreet

Valborgs slekt kom for det aller meste frå Sør-Trøndelag.
Ludvigs slekt kom frå Møre og Romsdal.

Til Valborg og Ludvig i slektstreet

Slekta til Solveig finn vi for det meste i Hedmark.
Johannes sine aner er også Hedmarkinger

Til Solveig og Johannes i slektstreet

Pauline og Jentofts aner kjem frå Borge i Lofoten. Dei busette seg på Rjukan.

Til Pauline og Jentoft i slektstreet

Annas slekt kom frå Sverige. Karls aner kom for det meste frå Østfold

Til Anna og Karl i slektstreet

Aasta og Gunnars slekt kjem for det meste frå midt-Telemark.

Til Aasta og Gunnar i slektstreet

Sofie kom fra en familie som i snart 400 år har vært tilknytta Kongsberg Sølvverk. Opprinnelig kom slekta mest trolig fra Tyskland.

Til Sofie og Sven i slektstreet

Hanna og Lindals slekt kom fra Ofoten. Evenes og Ballangen. Det er også røtter tilbake til Hamarøy.

Til Hanna og Lindal i slektstreet

Mange av anene til Elise og Johan hadde bodd i Nordreisa i Troms lenge. Andre kom flyttende tidlig på 1800-tallet. Noen kom flyttende fra Finland, noen fra Sverige og ganske mange fra Østerdalen. Befolkningen snakka både norsk, samisk og kvensk.

Til Elise og Johan Karl i slektstreet

Skatter i gamle album og sigarkasser

Her har eg lagt ut bilete eg har fått frå mor, Anne Flåto. Dei aller fleste frå Hovin. Nokon av personane veit eg kven er, men andre er ukjende. Dei bileta der det er ukjende personar har eg merka med nummer. Dersom nokon veit kven dei er blir eg svært glad for å få vite om det. Skriv til kontakt@marianneflaato.no

Til slekt og vener, hoværingar og andre; Kopier gjerne bileta, ta vare på dei og gje dei vidare til etterslekta. På den måten blir dei ikkje gløymde.

Det kjem nok fleire bilete etter kvart.

 

Bileta under er henta frå eit sløyskurs på Skyttarhuset ca 1938. På fyrste bilete får vi opplyst kven dei fleste er, men eg trur det kan være nokon på dei andre bileta som er ukjende.